Fotball på liv og død

Den 13. mai 1990 blei det i Zagreb (Kroatia) spela ein fotballkamp der heimelaget Dynamo Zagreb møtte serbiske Røde stjerne frå Beograd.

Kampen gjekk like etter at Franjo Tudjman og hans nasjonalistiske lokale parti hadde vunne ein viktig valsiger, og endte med etniske samanstøytar mellom kroatar og serbarar, med 61 såra, av dei 27 politimenn. Kampen synte noko ein alt hadde observert ved fleire ulike høve før det tidlegare Jugoslavia gjekk opp i liminga: motsetnadene, som politisk blei sterkt undertrykte, kom til overflata i fotballkampar der lag som representerte lokale etniske identitetar, møttest. Det same politiske bakteppet hadde ein gjerne når Slovan Bratislava (Slovakia) og Spartak Praha (Tsjekkia) møttest. Supporterane til dei to laga nytta høvet til å presentera dei to folkegruppene sine krav om nasjonalt sjølvstende. Fotballen speglar på mange måtar krisene som oppstår mellom etniske grupper og nasjonalitetar, og konfliktlinene kjem til syne i samband med fotballkampar, ofte før dei blir ope erkjende i politikken. Då militærdiktatura fall i Sør-Amerika på 1980-talet, var dette alt blitt «annonsert» gjennom slagord som massane skreik ut på fotballbanane mot diktatorane. Her er det ein arena der individet kan gjera seg usynleg og halda seg på god avstand frå maktapparatet sitt undertrykkjarapparat.

Innanfor rammene av nasjonalstaten har fotballandslaget i våre dagar ein viktig symbolfunksjon og kallar på «dei store patriotiske dygdene og pasjonane». Ut frå denne mytiske likninga (ein nasjonalstat - eitt landslag) søkjer nye nasjonar om opptak i FIFA, nokre gonger før staten er internasjonalt godteken. I 1958 danna frigjeringsfronten FLN i Algerie eit fotballandslag med algeriske spelarar som hadde hatt suksess i Frankrike, og sende laget ut på ein internasjonal turné for å bana vegen for den internasjonale godkjenninga som kom ikkje lenge etter. Og først på 1990-talet nytta Estland, Litauen, Slovakia, Georgia, Kroatia, Slovenia og andre land i den tidlegare austblokka same strategi då dei førebudde lausriving og sjølvstende, og gjorde med det sitt til at ein i Europa fekk eit virvar av landslag som tek del i kvalifiseringar til EM og VM.

«Landskampen» mellom Catalonia (i Spania) og Jugoslavia i desember 1999 var likeeins eit utslag av nasjonalitetane sin renessanse i det førre tiåret - som ein slåande kontrast til dei globaliseringsvindane som bles over heile verda. For i Spania, der landslaget aldri har vore så viktig som dei store klubbane (FC Barcelona, Real Madrid), har både Catalonia og Baskarland lenge søkt om å få ta del i internasjonale turneringar med eigne landslag og såleis få utvida sitt regionale sjølvstyre, slik dei ser det som naturleg i det ein ved festlege høve kallar for «regionanes Europa».

Spania, som skal møta det norske landslaget i EM-kamp i dag, blir av mange rekna for å vera i favorittsjiktet i meisterskapen, men spanjolar flest er meir skeptiske, leie som dei er av å ha oppskrytte landslag som så feilar i dei store meisterskapane. Ein av dei andre motstandarane for Noreg i innleiande rundar, Jugoslavia, set mykje inn på å hemna eksklusjonen frå EM i 1992, då laget blei erstatta av Danmark, som like godt gjekk bort og vann heile turneringa. Var det noko som gjekk hardt inn på serbarane kjenslemessig for åtte år sidan, så var det nettopp utelukkinga frå EM, noko som rg skjedde utan militære kostnader.

Like kostnadsfri var ikkje kvalifiseringskampen til VM 1970 mellom El Salvador og Honduras i 1969, ein batalje som endte i regelrett krig mellom dei to landa. Denne «fotballkrigen» blei utløyst av landskampen, men i eit større perspektiv var det heile eit symbol på sosioøkonomiske problem: arbeidarar frå eit El Salvador med svært tett folkesetnad var blitt jaga frå jobbane sine i krisetider, og dette hadde skapt ein spent situasjon mellom dei to mellomamerikanske nabostatane. Med ei omskriving av den prøyssiske generalen Clausewitz kunne ein hevda at «krig er framhaldet av politikk og fotball med andre middel».

For Henry Kissinger er «ein god fotballkamp basert på viktige strategiprinsipp. Det er vel kjent at det vesttyske landslaget la opp sine kampar på same måten som den tyske generalstaben planla sine åtak». Slik kan ein også finna glede i fotballspelet, sjølv om ein kjem frå eit land, USA, som saman med India utgjer lommer i verda der fotballen ennå ikkje har vunne heilt gjennom. Men alt Mussolini hadde sett potensialet som låg i idrett generelt og fotball spesielt. Etter at Italia hadde vunne sitt eige VM i 1934, sa han at han såg på dei italienske spelarane som «soldatar i teneste for den nasjonale saka».

Det er blitt slik at fotballandslag i dag er blitt som speilbilete på korleis folk i eit land vil at andre skal sjå på ein, i ei tid då alle vil vera best. Tilmed i vårt eige janteland har moder Gro avgjort at «det er typisk norsk å vera god». Om vi oftare har å gjera med stereotypiar og mytar enn med realitetar, så har dei mykje å seia for det nasjonale sjølvbiletet. Det brasilianske spelet, med elegante dribleseriar og overraskande trekk, blir omtala som prototypen her, som bilete på eit samfunn der ein framom alt må sno seg som best ein kan, elegant og i løyndom, så ein ikkje blir avslørt.

Fotball representerer i vår tid samfunnet med alle dei motsetnadene og spenningane ein der finn: ein verdset det individuelle og det kollektive, innanfor rammene til eit system som tek sikte på å finna fram til dei beste i mengda. Samstundes får ein også streka under kor viktig det er å ha flaks for å lukkast, for i ei verd der goda ikkje er uendelege, er nederlaget for nokre vilkåret for andre sin suksess. Men fotballen gir oss i tillegg indikasjonar på dei motstridande kreftene vi finn representert i det nasjonale på den eine sida og det internasjonale på den andre, eitt av dei store paradoksa i vår tid med sterk globalisering både økonomisk, politisk og kulturelt.

På eit seminar i Paris i mars 1998 om «Fotball og internasjonale relasjonar» peika byråsjef i fransk UD Pierre Brochand på at den nasjonale identiteten ein kan observera rundt landslaga, er truga av dei «ultraliberale» prinsippa som ligg til grunn for kjøp og sal i den internasjonaliserte fotballverda. «Gjennom fotballen blir dei klassane som ein kunne klassifisera som ikkje-leiande, i realiteten vande til praksisen i den villaste kapitalismen. Spelarane blir selde som ei vare, tilmed fleire gonger i løpet av ein sesong. Dei slår ikkje rot ein spesiell stad, og når det gjeld europearane, så har dei ikkje eingong ein skikkeleg nasjonalitet som før...» Kan hende ikkje rart då at overbetalte norske næringslivsleiarar i vår viste til fotballspelarane sine lønningar for å forsvara eigne fallskjermar. Ein kunne nærast høyra ekkoet frå sytinga: Er de ikkje blitt vane med slike løner gjennom fotballen?

For ikkje lenge sidan samanlikna ein eit fotballag med ei økonomisk verksemd. No samanliknar ein ei verksemd med eit fotballag. Fotballtrenarar og -leiarar dreg rundt på foredragsturné for å fortelja næringslivet om nøkkelen til suksess, og i næringsliv og ved utdanningsinstitusjonar snakkar ein om spisskompetanse i beste Drillo-stil. Sjølv hjå småungane har bodskapen gått heim: ein spelar ikkje lenger fotball berre for å spela, ein spelar for å vinna. Elitefotballen har massane bak seg, og desse får oppfylt eit ønske om å slåst mot ein fiende for å definera ein identitet: lokal, regional, nasjonal. Når massane kjem ut or kontroll, snakkar vi om «Skammens kamp», som etter at engelskmenn og tyrkarar barka i hop i UEFA-cupfinalen 17. mai, men oftast utan å spørja etter kva dette kan vera symptom på.

For det er eit anna paradoks ved fotballen: den pretenderer å avideologisera. Under EM vil dei fleste av oss fotballelskarar slå av den politiske brytaren og nyta spelet. Midt i ein epoke då mange erklærer ideologiane for døde.