Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Fotball-VM utan stjernene?

Det er klubbane som har råderetten over fotballspelarane.

DET INTERNASJONALE fotballforbundet FIFA er uroa, trass i at den siste årsrekneskapen for organisasjonen synte eit overskot på over 100 millionar euro. Framtida skulle sjå lys ut, spesielt på grunn av tv-rettar og sponsor- og reklameinntekter i samband med fotball-VM. Berre dei seinaste åra har FIFA sine inntekter frå VM auka formidabelt og ein har rekna seg fram til at berre frå VM 2006 i Tyskland til VM 2010 i Sør-Afrika vil inntektene gå opp frå 2,18 milliardar til 3,64 milliardar US-dollar. Som jamføring kan det nemnast at FIFA i 1998 «berre» innkasserte om lag 300 millonar US-dollar i høve VM i Frankrike.Men skal inntektsauken for FIFA halda fram, er ein avhengig av at dei beste spelarane stiller i si beste form på fotball-VM. Ein vil for all del unngå at dei beste er utslitne eller skadde under VM, og difor vil mange av dei viktigaste nasjonale seriane vera ferdige ein månad før Tysklands-VM tar til neste år. Ein vil for all del unngå slitasjeskadar hos dei beste, slik det skjedde med Zinedine Zidane i VM 2002.

DET ER KLUBBANE som har råderetten over fotballspelarane, og her ligg grunnen til uroa i FIFA-leiinga. I september 2000 gjekk dei 14 største klubbane i England, Frankrike, Italia, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland saman i det såkalla G14. Sidan har G14 - som den framleis heiter - fått selskap av fire nye lag og vil nok snart også ta opp dagens store kjøpelag, Chelsea. Det FIFA verkeleg er uroa for, er at G14-klubbane skal gjera alvor av kravet om at dei nasjonale fotballforbunda skal betala kompensasjon til klubbane for at desse låner ut spelarane sine til landslaga.Dei seinaste åra er kampprogrammet blitt hardare og hardare, og ikkje berre for dei beste klubbane internasjonalt. Dette fører med seg meir slitasje og fleire skadar for spelarane, noko dei rike klubbane tar høgd for mellom anna ved å skaffa seg større spelarstallar og ved å nytta rotasjonsprinsippet, eit omgrep som var heilt ukjent berre for nokre få år sidan. Roberto Mancini, trenar for italienske Inter, klaga nyleg over at spelarane hans blei kalla inn til alt for lange samlingar i høve landskampane. «Slik kan ikkje fotball vera», sa han. Også her heime kan vi stundom sjå slike interessekonfliktar mellom klubblaga og landslaget. Spesielt gjeld dette for dei som spelar på dei beste klubbane utanlands. Dei spelarane som kjem skada tilbake frå ein landskamp, får svi for det hos arbeidsgivaren, klubblaget.På Fifa-kongressen nyleg i Marrakech, Marokko, kom ein inn på somme av dei problema fotballen i dag står andsynes, og det blei sett ned ein kommisjon som mellom anna skal sjå på dagens eigartilhøve i klubbane, den skal vurdera den rolla som agentar og andre mellommenn har, og den skal innom kjenslevare tema som korrupsjon og ulovlege veddemål. Det som først og fremst vekkjer uro i FIFA, er at dei store klubbane internasjonalt sett i mange tilfelle ikkje respekterer FIFA eller dei nasjonale fotballforbunda sine avgjerder. I staden for å tinga med fotballforbunda tingar mange av dei store kontraktar direkte med medieselskap. Og oppstår det konfliktar, går ein gjerne vegen til det vanlege rettsvesenet og ikkje til fotballens eigne justisorgan.

Eit fotball-VM utan dei store stjernene ville øydeleggja interessa hos publikum og samstundes gjera hendinga mykje mindre attraktiv for sponsorar. G14-klubbane har også tatt opp andre idear som vil svekka fotballen som den fremste av alle masseidrettar. Dei syslar mellom anna med tanken om å danna ein alleuropeisk liga der berre dei beste ü  les dei økonomisk mektige ü  klubbane får vera med. Ein slik fotballpolitikk vil utan tvil føra til makt- og marknadskonsentrasjon ü  nærmast monopoltilstandar ü  noko som på sikt vil ta livet av fotballen som den mest populære idretten i verda, med omsyn til både utøvarar og publikumsappell.«Viss ein ikkje tar sine rådgjerder, vil fotballen ikkje lenger spegla ein dialog mellom land eller kulturar, samfunn eller personar, men den vil vera ei bytevare mellom multinasjonale selskap og børsar rundt om i verda.» Dette hevda Gérard Ernault frå det vidgjetne fotballbladet France-Football i 1998. Rådgjerder er ikkje tatt og utviklinga sidan har akselerert i den retninga Ernault ymta om.Utsegna illustrerer ei av dei viktigaste konfliktlinene ein finn innan fotballen i dag, den mellom fotballsporten som identitetsskapande faktor på den eine sida, og på den andre sida fotballindustrien og den globale big business. Jakta på maksimal økonomisk vinning har endra fotballen, fått fokuset vekk frå det gode, estetiske og leikande spelet, og har gjort resultata til alfa og omega. Tilmed her heime nemner fotballeiarar i første rekkje økonomiske prognosar, og ikkje sportslege utfordringar, når dei ser på utsiktene til å få vera med i Champions League, UEFA-cupen eller Royal League.

FOR Å AUKA veksten og den økonomiske gevinsten er fotballen avhengig av kampar og underhaldning over heile jorda. FIFA ser på det som si store oppgåve å sørgja for vekst, og for å få det til har ein tatt initiativ til stadig fleire meisterskapar og cupar. Men for at dei beste spelarane skal kunna yta opp mot maksimalt, må kampprogrammet deira ikkje vera for stramt. Og mykje av sjarmen ved fotballen har i alle fall fram til no vore det usikre: små lag, underdogs, som slår dei store, uvissa om når og på kva måte eit mål kjem. Skal kapitalen kanaliserast til G14-gruppa og stjernene til dei store klubbane, vil ikkje dei små klubbane lenger ha dei same sjansane til å overraska. Då vil publikumsinteressa minka.Den internasjonale utviklinga dei seinaste åra har alt fjerna folkemassane frå den direkte kontakten på fotballarenaen. Høge billettprisar ekskluderer dei mest interesserte frå tribunane - rett nok mykje meir i andre land enn i Noreg - og jaget etter profitt gjer at ein berre får mange av dei viktigaste kampane på betal-TV. Går ein ennå lenger på denne vegen, undergrev ein sjølve fundamentet for å kunna tena pengar på den globale fotballen: den folkelege deltakinga.

FIFA HAR SJØLV sine svin på skogen når det gjeld kommersialisering av fotballen, men ein bør støtta organisasjonen når den no prøver å bremsa profitthungeren til G14-gruppa. Om ikkje på kort sikt, så kan den vera rettmessig, uroa til FIFA, denne idrettsorganisasjonen som er større enn FN når den no har 207 medlemsland, etter opptaket av Aust-Timor (med 13.000 fotballspelarar av ein folkesetnad på 800.000) og Komorane (5.300 fotballspelarar på 720.000 innbyggjarar).

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media