Rabatt: På en kafé i New Hampshire betalte alle kvinner 79 prosent av regningen under Equal Pay Day tidligere i år. Foto: Jim Cole / AP Photo / NTB scanpix.
Rabatt: På en kafé i New Hampshire betalte alle kvinner 79 prosent av regningen under Equal Pay Day tidligere i år. Foto: Jim Cole / AP Photo / NTB scanpix.Vis mer

Debatt: Likelønn

Frå i dag jobbar kvinner i prinsippet gratis ut året

Kvinner med høgare utdanning tener i snitt rundt 80 prosent av det menn med tilsvarande utdanning tener.

Meninger

I dag, 17. oktober, markerer Unio likelønnsdagen Equal Pay Day. Frå i dag og ut året jobbar mange av Unios medlemmer i teorien gratis. Både politikarar og befolkninga meiner dette er urettferdig. Likevel skjer det. Kvifor?

Ragnhild Lied, leder i Unio.
Ragnhild Lied, leder i Unio. Vis mer

I juni i år gjennomførte Respons Analyse på vegne av Unio ei landsomfattande kartlegging der vi spurde befolkninga om kor viktig dei synest det er å jamne ut lønnskilnader mellom kvinner og menn med høgare utdanning. I spørsmålet tok vi utgangspunkt i at kvinner med høgare utdanning i snitt tener rundt 80 prosent av det menn med tilsvarande utdanning tener. Svara var klare.

Dei aller fleste vil fjerne lønnsforskjellane. 72 prosent av dei spurte meiner at dette er svært viktig, medan ytterlegare 15 prosent meiner dette er viktig eller nokså viktig. Til saman svarer altså 87 prosent av befolkninga over 18 år at det er viktig å jamne ut lønnsforskjellane mellom kvinner og menn med høgare utdanning.

Verda over blir Equal Pay Day arrangert for å markere den globale uretten som ligg i at kvinner tener mindre enn menn. Sjølv paven, president Obama og fleire internasjonale kjendisar har reagert på mangelen på likelønn, og tatt til orde for at kvinner og menn må betalast likt.

Kvinner må kunne forsørgje seg sjølve. Det er leietråden for det likestillingspolitiske arbeidet til Unio. Likelønn er viktig for at kvinner skal kunne vere sjølvstendige.

Likelønn er viktig for forholdet mellom mann og kvinne, og for dei vala som blir tatt for å ivareta omsorgspliktene og oppgåvene i heimen.

Også i Noreg - eit av dei mest likestilte landa i verda - trengst altså ei «Equal Pay»-markering - ei markering av kampen for likelønn. Det er ikkje likelønn her til lands. Dei kvinnedominerte yrka, særleg velferdsyrka i offentleg sektor, blir betalte lågare enn dei mannsdominerte yrka i privat sektor. Dei tilsette i offentleg sektor blir lågare verdsette.

I år tener ei kvinne med inntil fire års høgare utdanning og tilsett i kvinnedominert yrke i offentlig sektor, 79,4 prosent av det ein mann med tilsvarande utdanning som jobbar i privat sektor gjer. Dette i følgje tal frå TBU, Teknisk beregningsutvalg, som har all statistikk blant anna over lønnsutviklinga i Noreg.

Då Unio (for første gong) markerte Equal Pay Day i fjor, den 21. oktober, møtte vi nokre sentrale rikspolitikarar på Stortinget. Dei fekk utlevert kvar sin button med påskrifta «Fra i dag 21. oktober jobber jeg gratis ut året». Både Anette Trettebergstuen (A) og Svein Harberg (H) lova å følgje opp likelønnssaken. «Vi må finne tiltak som hjelper», sa Trettebergstuen. «Jeg lover å følge opp», sa Harberg.

Eg trur dei meinte alvor, men ulikelønna står sterkt. Dessverre.

Dette er ikkje eit problem berre i Noreg. I heile Norden, som er kjenneteikna av å ha mange kvinner i arbeidsmarknaden, kan vi sjå det same. Ifølge Lisbeth Pedersen, forskingsleiar ved Det nasjonale forskningssenter for velferd i Danmark, ligg årsaka i det segregerte arbeidslivet. Menn jobbar fortsatt i typiske mannsyrke og kvinner i typiske kvinneyrke.

Når forskinga har sett på fem ulike utdanningar som er populære blant begge kjønn, viser det seg at det er flest menn som arbeider i privat sektor, og det gjeld for alle utdanningsgrupper. Tendensen er også at skilnadene snarare har auka enn minka.

Hennar konklusjon er derfor at om vi skal få bukt med ulikestilling i arbeidslivet, må både privat og offentleg sektor bli like attraktive for begge kjønn, sa Pedersen på eit seminar om framtidas arbeidsmarknad i regi av ILO, FNs særorganisasjon for arbeidslivet.

Denne teorien får støtte hos fleire forskarar. Til dømes Claudia Goldin, økonomiprofessor ved Harvard University. I artikkelen «Gender Gap» skriv ho blant anna: «Synlege faktorar som har effekt på lønn, som til dømes utdanning, jobberfaring og stillingsprosent, forklarar berre 50 prosent av lønnsgapet. 10-33 prosent ligg i val av yrke. Resten må forklarast med økonomisk diskriminering».

Noreg står framfor store utfordringar når det gjeld framtidig yrkesdeltaking, og utfordringane med rekruttering til helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren (der dei kvinnelege tilsette dominerer) er store. Innan 2030 vil Noreg ifølgje Statistisk sentralbyrå mangle 50 000 lærarar og 55 000 pleie- og omsorgsarbeidarar. Lønn er det viktigaste verkemiddelet for å lokke dei unge til å utdanne seg til desse yrka. Og aller helst skulle vi ha sett fleire menn i barnehagane, på skulane og i helseinstitusjonane.

Likelønn er velferdsstatens redningsplanke i ei tid der rekrutteringsproblem i mange yrke kan føre til nedbygging av sentrale velferdsgode.

Politikarane sit med nøkkelen, men prøver å vri seg unna ansvaret ved å hevde at likelønnsspørsmålet er noko partane i arbeidslivet skal handtere i lønnsoppgjera.

Ja, likelønn er eit tariffspørsmål, men det må meir til. Likelønn sit i strukturane, ikkje berre ved forhandlingsbordet. I andre land tek politikarane grep.

Til dømes i Island, som kan bli det første landet i verda som får ein sertifisert standard for å måle og utvikle likelønn. Ordninga skal også hindre generell diskriminering.

Diverse regjeringar har sett ned ulike utval for å sjå på lønnsdanning i Noreg. Då den raudgrøne regjeringa i 2012 sette ned Holden III-utvalet, ba Unio om at likelønn kom inn i mandatet. Men regjeringa blånekta. I mellomtida har vi hatt eit Cappelen-utval som heller ikkje har vurdert dette. Eit nytt lønnsutval, eit Cappelen II-utval, bør difor ha likelønn som ein del av sitt mandat.

Unio meiner også at det bør vere vilje til å tenke nytt i lønsforhandlingane.

Vi meiner kommunesektoren kan få ei form for «forkjørsrett» og vise veg. Det er her vi ser problematikken sterkast, og samstundes er det her dei politiske pengane kan tildelast. Ei større ramme for å jamne ut lønnskilnaden, vil kunne bidra positivt.

Mangelen på likelønn i Noreg er eit av dei mest fundamentale brota på ideen om ein solidarisk lønnspolitikk i Noreg. Og ifølgje ILOs likelønnskomisjon har politikarane ansvar for å følje opp.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook