Frå kvileskjer til saftige fråspark?

FORSKNING: Handlingsregelen til oljefondet er ein bremseregel. Det vi trenger er ein handlingsregel for forskning.

NYLEG samla regjeringa seg på Thorbjørnrud for å trekkje opp linene for 2008-budsjettet. Verken ved starten eller slutten av budsjettkonferansen kom det eit einaste signal om at forsking og kunnskap kjem høgt på prioriteringslista. Vil statsministeren kome med desse signala når han innleier på Unios konferanse om «Et kunnskapsbasert samfunn», som startar i dag?Kva vil eigentleg den raud-grøne regjeringa med norsk forskings- og kunnskapspolitikk? Spørsmålet må stillast klart og krast. Norsk næringsliv går så det grin. Det fossar inn med oljepengar, og fondet nærmar seg 2000 milliardar kroner. Hovudbodskapen er at vi ikkje må bruke for mykje. Til det har vi handlingsregelen. Eigentleg er det ein bremseregel.

DERIMOT kunne vi trenge ein handlingsregel for forsking - ein kunnskapens handlingsregel! Mange trudde vi fekk det då Stortinget vedtok at innan 2010 skulle forskingsinnsatsen vere tre prosent av BNP. Det er umogeleg å nå dette med bremsene på. Ein set ikkje rekordar med kvileskjer.Skiftande regjeringar i lang tid pynta seg med kunnskapssamfunnet som eit politisk slagord. Men held dei ord? Nei, det er meir retorikk enn realitet:Soria Moria-erklæringa gjentok treprosent målet, ein prosent frå det offentlege og to prosent frå næringslivet. Men det ser ut til at den tverrpolitiske storsemja om høge ambisjonar har blitt handlingshemmande. I høve til ei naturleg opptrappingskurve for den offentlege innsatsen ligg vi inneverande år 850 millionar «etter skjema».

LIKE ILLE - ja verre - står det til med forskingsinnsatsen frå næringslivet. Denne makkeren, som Per Jorsett ville ha sagt, har også lagt seg til kvileskjer. Forklaringa skal vere at Noreg har mange små og mellomstore bedrifter i lite forskingsintensive bransjar. Rett nok. Men det visste vel både Stortinget og regjeringa då dei gjorde sine vedtak? Somme. Deriblant Kristin Halvorsen, meinte difor at det offentlege måtte ta ein større del av innsatsen.350 rekrutteringsstillingar blei fjerna frå årets forskingsbudsjett - midt i ein opptrappingsplan. Kritikken har vore massiv. Finansministeren sine forsøk på å forklare reduserte løyvingar til universiteta med at dei har «pengar på bok», er ein rein avleiingsmanøver. Skadeleg er det også når meir enn 4000 fleire studentar skal ha plass innan 2010. Kunnskapsministeren har forsikra om at kvileskjeret ikkje skal bli permanent. Det står att å sjå. Men sant skal vere sant, det har kome nokre ekstrakroner både til fleire senter for framragande forsking og til utstyr.

SATSING PÅ forsking må vere langsiktig og innrettast slik at ho er mest mogeleg uavhengig av skiftande konjunkturar. Det tar år før innsats i dag får resultat i form av ny kunnskap, aktivitet, arbeidsplassar og verdiskaping. Grunnlaget for FoU, enten det er i privat eller i offentleg sektor, blir lagt ved universiteta og høgskulane. Difor er det tvingande nødvendig å styrke rekrutteringa til denne sektoren. Dei neste 15 åra vil mange av dagens tilsette bli pensjonistar. Difor blir det ekstra viktig å forsterke opptrappingsplanen for stipendiatar og å opprette fleire postdoktorstillingar. Det må i alle fall kome 550 stillingar til saman i 2008-budsjettet. Norske forskarar er meir enn klare for å yte sitt. Gjennom dei siste års reformer har dei vist ei imponerande evne både til omstilling og innsats.Berre 17 prosent av professorane er kvinner. Difor må det vere eit klart mål å rekruttere fleire kvinner til dei fremste vitskaplege stillingane. Statleg tilskotsordningar for å oppnå dette må etablerast.

KVALITETSREFORMA i høgre utdanning har hatt både positive og negative sider. Eit av dei klarast dokumenterte og negative resultata er mindre tid til forsking. Dette er uhaldbart, både av omsyn til forskinga og av omsyn til dei tilsette, som endar i ei uhandterleg tidsklemme mellom forsking og undervisning. Dermed har vi no ei dobbel utfordring, men også ei dobbel mulegheit. Kvalitetsreforma og treprosent-reforma går parallelt. Dei kan gjensidig forsterke kvarandre, men også øydelegge for kvarandre. Vi er faretrugande nær det siste. Difor må det no takast grep med begge hender, statsminister! Når vi nærmar oss 2010, blir du og regjeringa målt på nettopp dette.På fleire fagområde er det i dag vanskeleg å fylle ledige forskarstillingar. Årsaka ligg dels i svak økonomi og dels i at mange heller går til privat sektor der lønns- og arbeidsvilkåra er langt betre. Det er også ein del av bildet at kompetansesituasjonen i dei underliggande utdanningsnivåa er urovekkjande svak. Framtidsutfordringane står med andre ord i kø i velstands-Noreg.

DET ER NOKO med sjølve verdsettinga av høgre utdanning som manglar i den raud-grøne regjeringa, ikkje så mykje i retorikken som i praksis. Vi ser dette også i motviljen mot å la studiar kvalifisere som opptening av pensjonspoeng. Statsministeren leier eit parti som gjekk i front for utviklinga av industri- og velferdssamfunnet. Vil han og kunnskapsministeren gå i front for ei satsing som realiserer det kunnskapsbaserte samfunnet?Direktøren i forskingsinstituttet NIFU STEP, Petter Aasen, har kommentert tre prosentmålet som meir og meir urealistisk og misvisande. NIFUStep har berekna at for å nå målet, må den økonomiske innsatsen opp i 67 milliardar kroner innan 2010, ei dobling på fem år. Den offentlege delen av innsatsen må løftast med 10 milliardar kroner frå 2005 til 2009. 2008 blir med andre ord eit kritisk budsjettår viss regjeringa har tenkt å stå ved sine eigne mål.

NIFU STEP-DIREKTØREN har delvis rett. Målet framstår som stadig meir misvisande, men urealistisk? I verdas rikaste land, som mellom anna planlegg ei «månelanding» på Mongstad, burde ikkje kunnskapsambisjonar vere urealistiske. Unio støttar ei kraftig satsing på fornybare energikjelder. Men produktretta sektorsatsing kan ikkje dra heile den norske FoU-skuta. Til det er grunnforskinga alt for viktig. Når regjeringa, prisverdig nok held fast på målet om å bruke tre prosent av BNP på forsking innan 2010, kva er så neste trekk, statsminister? Kva og kvar vil eigentleg regjeringa med norsk forsking? Blir kvileskjer erstatta med saftige fråspark?