Frå Sinais ørken til Kanaans land?

Delar av sommarens universitetsdebatt gir assosiasjonar til den gamle historia om eit nedtrykt og ofte klagande nomadefolk på ørkenvandring frå slavekår i Egypt til eit lovnadsland som dei kjende berre av omtale. I kronikkar og debattinnlegg har det vore mykje klagesong om ressurs- og kvalitetskrise.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

Professor Bernt Hagtvet starta debatten i ein kronikk i Dagbladet 4.8. med å fyra av kraftfulle salver mot uengasjerte og pensumjagande studentar.

Men debatten har rg hatt andre og meir oppmuntrande tonar. Det har stått fram Mosesar og Aronar som har forsøkt å løfta blikket og gitt konstruktive råd om korleis ein kan finna vegen ut or «ørkenen». Professor Hagtvet har i ein kronikk i Dagbladet 15.9. til og med presentert si personlege «tavle» med ti bod for ei universitetsreform og på det grunnlaget utfordra meg til «å ta noen kraftfulle grep i universitetskrisen».

Hagtvet opptrer i rolla som «vekkjingspredikant», med spenstig spiss-formulert form og grove og unyanserte skisser. Eg har på mange måtar sans for ei slik form, og tar imot utfordringane med ope sinn, som spennande innspel til ein vidare prosess.

Skal vi snakka om krise i høgre utdanning og forsking, må vi kunna forankra det i solide fakta. Slik dokumentasjon har eg ikkje sett. Men mange store utfordringar har vi, og dei har universiteta sjølv og eg som utdannings- og forskingsminister eit felles ansvar for å ta tak i. Eg forstår - og tar på alvor - signal om at leiing og fagpersonale er urolege og kjenner seg trøytte etter mange år med ressurskrevjande omstilling i takt med ein eksplosjonsarta studentvekst - frå i alt ca. 81 000 studentar i 1986 til ca. 173 000 i 1997. Omstillingskrava har vore store. Universitet og høgskular har vist vilje og evne til å snu seg raskt og ta utfordringane på strak arm. Det fortener dei honnør for!

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer