SVAR PÅ TILTALE: Kristine Tofte svarer på Marta Breens åpne brev 27. april, der hun argumenterte for at sakprosaforfattere bør få plass i Forfattersentrum.
SVAR PÅ TILTALE: Kristine Tofte svarer på Marta Breens åpne brev 27. april, der hun argumenterte for at sakprosaforfattere bør få plass i Forfattersentrum.Vis mer

Frå skjønn til flink

Frå å vere einaste staden forfattarar ikkje blei målt og vurdert, skal Forfattersentrum bli endå ein stad ein risikerer å ikkje vere god nok.

Debattinnlegg

Forfattersentrum (NF) skal gjennomføre uravstemming om eit lovforslag, og eg er blant dei som ønskjer denne uravstemminga. Ja-sida fekk overveldande fleirtal på årsmøtet, og kjem til å vinne fram no også. Dei har vunne retorikken kring kva me stemmer over. Spørsmålet er no «vil du at sakprosaforfattarane også skal få betalt for arbeidet sitt?»

Ein skal vere ganske spesiell for å svare nei til det. Men det me stemmer over er ei kursendring. Før lovendringa var dette kravet for å bli medlem: «Skjønnlitterære forfattere kan etter søknad bli medlemmer av Norsk Forfattersentrum.»

Alle skjønnlitterære forfattarar har vore velkomne. Forfattarar som har suksess, men også dei som ikkje når fram til verken kritikarar eller lesarar, og som er blitt avviste av Den norske Forfatterforening. NF har vore inkluderande, ikkje vurderande.

Den nye lovteksten ser slik ut: «Forfattere som har publisert minst ett litterært verk kan etter søknad bli medlemmer av Norsk Forfattersentrum. Bøkene skal ha språklige, litterære, innholdsmessige og formidlingsmessige kvaliteter.»

Følgende sakprosakategorier er utelukket som grunnlag for medlemskap:

a) hobbybøker, vitsebøker, spørrebøker, håndbøker, reiseguider eller andre former for bruksprosa.

b) oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk.

c) årbøker, lokalhistoriske årbøker eller andre bøker beregnet på et lokalt publikum.

d) skole- og lærebøker.

e) vitenskapelige avhandlinger, forskningsrapporter og utredninger.

f) profesjons- eller bransjeorienterte bøker.

Ein har fjerna «skjønnlitterær», og innført nye krav. Terskelen blir heva. Ikkje alle sakprosaforfattarar er velkomne, og heller ikkje alle skjønnlitterære forfattarar. No skal det me skriv ha litterære, språklege, innhaldsmessige og formidlingsmessige kvalitetar.

LES MARTA BREENS INNLEGG HER

Lyrikaren med ei forbigått diktsamling slepp ikkje inn. Heller ikkje sakprosaisten som skriv for lokalt publikum på samisk.

Marknad og politiske vindar blæs mot profesjonalitet og formidling. Det er moderne å vere flink og få ting til. Frå å vere einaste staden forfattarar ikkje blei målt og vurdert, men inkludert, skal NF bli endå ein stad ein risikerer å ikkje vere god nok. NF blir meir tidsriktig, men eg tillet meg å sørgje over det me mister.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Eg skåler gjerne i sjampanje for ditt og andre dyktige forfattarar sitt medlemsskap. Samstundes vil eg at endringa forankrast i ei uravstemming. Skal me halde gravøl for dei som skal underkjennast, skal me gjere det samla.