POET OG GJENDIKTAR: Serbisk-amerikanske Charles Simic Foto: AP/Richard Drew
POET OG GJENDIKTAR: Serbisk-amerikanske Charles Simic Foto: AP/Richard DrewVis mer

Frå søt basilikum til hav som er forelska i skipsvrak

Helge Torvund om serbisk poesi.

• Les også: Lær å skrive poesi med «twitterpoet» Helge Torvund.

(Dagbladet): Charles Simic er ein serbisk-amerikansk poet som ikkje er ukjend i Noreg. Det har kome ut fleire samlingar med dikta hans her i landet, «Hotell Insomnia» med Per Ivar Martinsen som gjendiktar og «Hjulet snakkar når det går» som er overdikta av Finn Øglænd.

Simic er i tillegg journalist og har vore tilknytta Paris Review. Han skriv om poesi, jazz, kunst og filosofi i sine essay, og har ikkje minst gjort seg kjend som gjendiktar.

Sterk oppleving
Han vart fødd i Beograd i 1938 og budde der dei første femten åra av sitt liv. I barndommen vart han gjort kjend med den store tradisjonen av munnleg overlevert poesi på serbisk, alt frå korte lyriske dikt til helteballadar. Moderne serbisk poesi lærte han først å kjenna etter at han budd i USA lenge, og etter at han sjølv hadde publisert si første diktsamling på engelsk på femtitalet.

Då han oppdaga dei fine serbiske modernistiske poetane på folkebiblioteket i New York, fekk han ei sterk oppleving og tenkte at dette må ikkje folk i USA som er opptekne av poesi gå glipp av.

Dermed sette han i gang å omsetja dei dikta som han sjølv hadde mest sansen for. Og publiserte etter kvart dei som han tykte fungerte på engelsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan det har han markert seg som ein av dei aller beste poetane med sine eigne dikt, og han har både motteke ein Pulitzer Prize og fått tittelen Poet Laureate i USA. I tillegg har han arbeidd utrøytteleg vidare med å gjera det mogleg for det engelsklesande publikum å få ta del i den store skatten med gode serbiske dikt.

Ny antologi
Resultatet har mellom anna vorte ein fyldig og spennande antologi, «The Horse Has Six legs», som nå har kome i to utgåver på Greywolf Press. Den siste utgåva kom i fjor, og er utvida både ved at redaktøren har sett inn nye poetar og ved at det er med fleire dikt av dei poetane som alt var med i første utgåva.

Boka går tek for seg poesi heilt attende til den tidlege orale poesien og fram til samtidas poetar. Heile tida styrt av Charles Simic sin eigen smak for det han oppfattar som det gode diktet, og ingenting anna. Me skal koma attende til nokre av diktarane som er presenterte, men først sjå litt på nokre refleksjonar Simic har gjort seg kring det å gjendikta poesi og nokre tankar om dette som han referer etter andre. Han siterer mellom anna den store feministiske poeten Radmila Lazic, som seier:

«Dei levande og døde poetane er brør. Kjensla av å høyra til dette broderskapet, eller søsterskapet, er sterkare enn kjensla av å høyra til ein nasjon, ein rase, ein religion, eit kjønn...»

Noko av dette vert ekstra slåande for dei aktuelle poetane, ettersom dei alle har vore vane med å tenkja på seg sjølv som jugoslaviske, fram til Jugoslavia slutta å eksistera etter dei blodige krigane på 1990-talet. Simic påpeiker det triste faktum at dei fleste kan namnet på serbiske krigsforbrytarar, men mest ingen kjenner namnet på dei serbiske poetane.


Poeten som bilmekanikar Vidare understrekar han den noko nerdete interessa for poesi nokre av oss har, ved å sitera følgjande: «Poeten er som ein bilmekanikar som er forelska i motoren på bilen sin.»

Medan naboane sit og ser sine favorittprogram på fjernsyn, er poeten i garasjen eller nede på gata med hovudet under panseret på ein parkert bil og skifter pluggar, fyller destillert vatn på batteriet, justerer ventilar og sjekkar tenningsinnstillinga. Det er eit uvanleg køyrety sidan motoren går på språk, både språket til forfedrane og språket mekanikaren bruker i dag — ein motor som heile tida må finjusterast for å sviva godt. All tidlegare dikting og språkleg tradisjon er ein skraphaug der poetane går for å leita opp delar. Simic skriv at poetane er menneske som er født i eksil sjølv om dei aldri dreg frå heimstaden sin.

Og når ein les desse dikta, så vil ein forstå at når desse poetane får motorane til å gå, tek dei oss med til stadar som både verkar merkeleg framande og lett gjenkjennelege. 

Høge krav
Eg har sjølv tidlegare omsett (frå engelsk) og publisert ein del haikudikt som vart skrivne i tilfluktsromma i Beograd under bombinga i 1999, der Noreg, som serbarane alltid har oppfatta som allierte vennar, stilte seg saman med dei bombande. Det var sterke og fortetta dikt frå ein ekstremt utsett posisjon. Hjå dei poetane som skriv etter denne krigen, og som Simic plukkar ut her, er det ikkje mykje direkte kommentarar til krigane eller til den politiske situasjonen.

Charles Simic stiller høge krav til sjølve situasjonen og prosessen som han går inn i når han skal gjendikta noko. Han skriv at han må identifisera seg så sterkt med poeten bak dei dikta han gjendiktar, at han trur at det er han sjølv som skriv diktet. Det er ikkje nok at han beundrar diktet for den estetiske verdien det har, han må koma inn i ein identifikasjon full av biletskapande kjensler som gjer det mogleg å risikera det umoglege.

Han skriv: «Ei komplisert psykisk omsetjing fann stad kvar gong eg starta å gjendikta. Eg vendte attende til mine psykiske røter med engelske ord i munnen.»

Antologien «Hesten har seks bein» opnar med eit sitat av Aleksander Ristovic: «Ingen les poesi lenger, så kven i helvete er du som eg ser sitja bøygd over denne boka?». Men han ender opp med ein gledeleg bodskap: «Det finst framleis poetar og vakre dikt å oppdaga og lesa i denne motbydelege, rotne gamle verda.»

Tradisjon og samtid
Ein av dei tinga eg trur me kan læra av den serbiske poesien, er korleis tradisjon og samtid, myter og overraskande original biletskaping kan fungera saman.

Det merkeleg samtidig i alle poesi, at den nærast finst der i si eiga poetiske tid, i si eiga poetisk livsoppfatning, der ting er sett saman på ein måte, og der det faktisk er ein del av den umiddelbart akseptable røynda, slike ting som Erlend Loe skreiv i ei Twittermelding nyleg:

«Blir mer og mer overbevist om at det at maskinførere hilser tilbake når barn vinker er selve limet som binder oss alle sammen.»

Simic viser oss den poetiske krafta i nokre av dei gamle, munnleg overleverte, songane som kvinner har sunge i generasjon etter generasjon. Ein av desse går slik:

Vinden bles, ein kan lukta den ville rosmarinen.
Eg kjenner på meg at min kjæraste kjem.
Hadde eg visst frå kva retning
ville eg sådd søt basilikum på stien hans,
røde roser der ingen sti er.
La min kjærast koma ved angen av dei,
og ikkje ved lyset av dag.

Marxistisk surrealisme
Poeten Momcilo Nastasijevic byrja spela fløyte i 1904, då var han ti år. Han studerte etter kvart lingvistikk i Serbia og heldt fram med studiar i Paris. Han skreiv bare få dikt og publiserte i tidsskrift som «Misao and Srpski knjizevni glasnik», og dei vart bare lagt merke til av ein krins av nære vennar i byrjinga, men dei var prega av originalitet og formell dugleik.

Årsaka til manglande påskjøning var nok delvis at han ikkje var i tråd med dei rådande trendane med ekspresjonisme eller marxistisk påverka surrealisme. Samstundes er dikta krevjande og noko ugjennomtrengjelege for den som vil ha forståeleg og episk poesi. Momcilo Nastasijevic skreiv òg noveller og essay om poesi. Eit av dikta hans heiter «Grå augneblenkar» og byrjar slik:

Og plutseleg vert alt grått
som om noko har brent gjennom,
og likevel lever alt vidare.

Som her nemnd, og som ein ser i Charles Simic sine eigne dikt, har surrealismen hatt stor påverknad på den serbiske poesien meir generelt. Ein av dei som har hovudansvar for dette, var Aleksandar Vuco. Han studerte i Paris. Han var medlem av ei serbisk surrealistgruppe, var redaktør for eit marxistisk-surrealistisk tidsskrift og publiserte ei rekkje diktsamlingar.

Hjå han kan me lesa om «prostituerte i konstant horing med ein flokk kåte dyr i ei seng av lauvtre ved den blinde kristne froskedammen der djupe kyss av morgon mognar».

Surrealistisk påverknad
Ein annan av dei som skreiv under påverknad frå surrealistane var ein kjend bohem i Beograd, Rade Drainac. Han levde på kroene og dikta og spela fiolin. I 1920 kom diktsamlinga «Fiolett lått». Han døydde av tuberkulose i 1943. Her er noko linjer frå hans poetiske produksjon:

Min svolt er uendeleg og hendene mine er alltid tome.
Om natta går eg nedover bygatene med månen i fingrane mine
og forlét tristheita mi under vindaugo til ulykkelege kvinner.
Eg ville gitt alt og likevel har eg ingenting.
Svolten min er uendeleg og hendene mine er alltid tome.

I antologien møter me elles dikt av folkekjære poetar som Desenka Maksimovic og internasjonale berømtheiter som Vasko Popa. Popa var òg påverka av surrealismen, men var redaktør av viktige antologiar med serbisk folkedikting, serbisk humor og poetars draumar! Frå ei samling kalla «Leikar» siterer eg frå «Gøymeleiken».

Nokon gøymer seg frå ein annan
Gøymer seg under si eiga tunge
Den andre leitar etter han under jorda

Han gøymer seg på panna si
Den andre leiter etter han i himmelen

Frå Miodrag Pavlovic som først studerte medisin, men seinare vart leiande forlagsredaktør i Prosveta og leiar for dramatikken ved Folketeateret i Beograd, debuterte med diktsamlinga 87 dikt i 1952. Her skal eg sitera litt frå eit dikt med den fascinerande tittelen «Svevnløysa sitt spørjeskjema»:

Kven kasta kongens dokker oppi kista?
Kven gav vekkarklokka til flaggermusa?
Svar!

Milorad Pavic Me må og nemna Milorad Pavic som er mest kjend for den verdsberømte og utrulege prosaboka «Khazarenes leksikon», der han på ein underhaldande og humoristisk måte, spelar på dei ulike tradisjonane innan jødisk, islamsk og kristen forteljarkunst. Den finst på norsk òg. For den som orkar å lesa litt lengre tekstar enn dikt, finst det her perler gøymt ordflaumen.

I Simic sin antologi er det teke med dikt frå den andre diktsamlinga «Månestein». Dikta hans er prega av den same fabelaktige fantasikrafta som romanen. Ein kan mellom anna lesa: 

Du er den som byggjer eit hus for dine timar
held natta i munnen din og beitar på skyene med augo dine

Aleksandar Ristovic gav ut over tjue diktsamlingar, ein roman, ei draumebok og ei rekkje essay. Han er gjendikta til engelsk før og dikta finst både i «Some Other Wine and Light» frå 1989 og i eit stort utval på Faber med tittelen «Devil's Lunch» i 1999. Ristovic set det surrealistiske saman med det banale, det groteske og det vakre. Dikta kan vera bade sjokkerande vulgære og metafysisk overskridande. Ein finn likegjerne symbol for forfall og fortviling som eit uknuseleg håp. Han kan snu frå satire og ironi til naken sårbarheit. Eit av dikta hans i denne antologien er slik:

DESPERASJON

Du opna fyrstikkeska.
Der var ei enkel fyrstikk att.
Du tok den ut, slik at
eska nå var tom.
Du la tre marihøner oppi ho.
Med den eine fyrstikka sette du
fyr på eska,
og medan den brann,
med bare litt røyk,
snudde du deg mot meg
for å le meg opp i andletet!

Leonard Cohen
Det er ein smerte og eit så sterkt forhold til dei eldgamle diktformene og den litterære tradisjonen i nokre av desse serbiske dikta, at dei kan få ein til å tenkja på linjer av Leonard Cohen. Dei rører ved meg på same måten, med ei kjensle av vakre taparar. Høyr bare på dette av poeten Ljubomir Simovic:

Så eg teier stille framfor menn som gir meg brød,
og framfor dommarar klare til å tilgje.

Med dette er me framme ved nålevande poetar. Antologien inneheld ei rekkje av desse og det er kanskje noko av det som gjer den aller mest spennande. Fine poetar som Radmila Lazic, fødd 1949, Nina Zivancevic, fødd i 1957 og Danica Vukicevic, fødd i 1959, vert presentert saman med Dusko Novakovic, og Rasa Livada, fødd 1948, og dei yngste er Dragan Jovanovic Danilov og Vojislav Karanovic, begge fødde heilt i byrjinga på 1960-talet.

Ramila Lazic finst det ei heil samling med på norsk i Poema-serien til Solum. Den heiter «Med hjertet mellom tennene» og er gjendikta av Brit Bildøen i samarbeid med Natasa Ristivojevic og Torsten Stiegler Seim.

I den boka finn ein faktisk eit dikt som er tileigna vår mann Charles Simic, «Minefelt», der ein kan lesa følgjande linjer:

Og særleg når du minst ventar det.
Når du tek av deg støvlane,
eller står framfor spegelen
for å barbere deg og kjemmer håret
fordi du skal møte ei du elskar,
kva ho no enn heiter,
Helene, Fødebyen eller Poesi — berre det at
det er ingen permisjon.

Charles Simic knyter gjennom sitt arbeid trådane tettare til Det Poetiske Kontinentet der dei snakkar det språket som poesien og draumane er laga av. Me kan sjå korleis han arbeider uttrøytteleg med å halda fast på påstanden om at det finst noko vakkert å finna i denne verda, som så ofte ser så gal og brutal ut for oss, der me står med våre augo og våre hjarte og ikkje skjøner språket verda talar til oss med.

Mange har gitt opp og resignert, men mange har også late etter seg fabelaktige dikt som kan tenne ein glød i hjarto og blikka våre, noko som får oss til å leva meir inderleg og trass alt kjenna ei lyst ved morgonlyset.

Legendarisk poet
Me skal slutta av ved den tragiske lagnaden til Branko Miljkovic, ein poet med ein legendarisk status på linje med Sylvia Plath. Som niåring var han vitne til to massakrer under krigen.

Han studerte litteratur og filosofi. Omsette franske symbolistar og russisk poesi til serbisk. I eit dikt på ei linje skriv han: «Eg vart drepen av eit for sterkt ord.»

Han vart kritisert for å vera reaksjonær og hermetisk av dei som stod statsleiinga nær. Etter å ha sendt eit brev til eit tidsskrift der han tok avstand frå alle sine dikt, hengde han seg i Zagreb i februar 1961. Det har vore spekulasjonar om han kan ha vorte drepen av ein kroatisk nasjonalist også. Her skal me bare ta med eit kort dikt frå hans gripande produksjon:

SJØ UTAN POETAR

Du ventar på den retta stunda
for å instilla deg på ord
men det finst ikkje slike poetar
og heller ingen heilt frie ord
Å bitre og blinde sjø
forelska i skipsvrak