Fragells bedrag

Det må vere lenge sidan Levi Fragell var på møte i ei Pinse-forsamling

PINSERØRSLA: I sine betraktningar i Dagbladet i anledning 100-års-jubileet for pinserørsla, tek Levi Fragell lett på ei viktig sak. Ein anar ei ovanifrå- og ned-haldning til dei som trur på Jesus, der han sler fast at pinserørsla er tufta på bedrag. Men hovmod står for fall, heiter det ein stad.

Det må vere lenge sidan Levi Fragell var på møte i ei Pinse-forsamling, noko heile artikkelen ber preg av, men korleis kan han då vere so bombastisk i sine utalelser? Eg tykkjer etter kvart at mange av desse «lærde» som har fått slik merksemd i vår tid, beveger seg langt ut på tynn is i mange spørsmål. Det er meg komplett uforståeleg at resurspersonar, ikkje ofrar nokre timar på alle dei truverdige, dokumenterte vitnesbyrda om mirakel som me finn rundt oss! Ein treng heller ikkje å dra utanlands, noko som Fragell gjer ei sak av i debattinnlegget sitt. Men det understrekar vel meir enn noko anna det som skrifta seier at dersom du ikkje trur, kan du heller ikkje sjå!

Forleden kveld såg eg nokre glimt frå eit dokumentarprogram om invandrarar på TV, og fekk del i ein sekvens der mannen med utanlandsk opphav, spurte reporteren: «Sei meg kva verdiar har de her til lands? Sei meg ein verdi de held høgt, ja sei meg to, og eg skal gå i mot dei»? Underforstått meinte han heilt tydeleg at nordmenn ikkje har noko som kan kallast verdiar lenger!

Motvillig måtte eg skamfull gje han rett. Faktisk er dette langt på veg den aktuelle situasjonen i Noreg pr.i dag, og difor har me heller ingen ting å møte bl.a. muslimane med. Dette er realiteten Levi Fragell og hans likesinna børde vere opptekne av, snarare enn å angripe det som har gjort Noreg til eit av verdas beste land å bu i, mange år på rad.

I stor fare for å være politisk ukorrekt, kjem dette klårt fram i utviklinga me ser i samfunnet rundt oss. Me ser at fleire unge og gamle lir av livsstilsjukdomar og moralsk forfall, noko som gjev seg utslag i alt frå sjølvmord, alvorleg depresjon, einsemd og ein himmelropande mangel på håp for framtida. Dette vert imidlertid kosta under teppet i håp om at alt skal ordne seg berre en får inn meir av Darvin og mindre av Jesus på skulane våre. Eg trur at vanlege folk også her har større gangsyn enn det Levi Fragell og andre «smågudar» ser ut til å anta.

Eg vil oppfordre kristen-Noreg til å reise seg og klårt gje uttrykk for sine standpunkt, slik at me kan redde restane, og reise opp ein generasjon med verdiar og moral. Det treng me meir enn Levi Fragells uhaldbare spekulasjoner om pinserørsla, dvs. kristen tru.