Framtiden i andres hender

MEDAN U-LANDA

leverer 93 prosent av kakaobønnene til verdsmarknaden, står dei for berre 4 prosent av sjokoladeproduksjonen. Dette heng saman med vestens tollbarrierar mot industriprodukt frå sør, -den globale arbeidsdelingas Berlin-mur. Bør sør få eksportere til dømes meir sjokolade til vesten?

«Skulle noen spørre om jeg er for økt eksportadgang, ville svaret være at det kommer an på betingelsene», skriv Steinar Lem (Dagbladet 24. mars) om kor vidt u-landa bør på få eksportere fleire industriprodukt. Lem representerer Framtiden i våre hender. Men når det gjeld u-landa, går han altså inn for å leggje framtida i andres hender, og for at vesten bør ha eit miljøveto mot sørs rettferdskrav.

I eit tidlegare innlegg (17.mars) heldt Lem fram ein rapport som hevda at «ressursforbruket i i-landene må ned til en tidel for å frigjøre nok ressurser til verdens fattige land». Det Lem gjer her som elles, er å addere dei verst tenkjelege negative utviklingsprognosane for å mane fram eit skremmebilete.

Men, som den amerikanske akademikaren Thomas Pogge har vist, i dag er det ikkje kostnadane som er problemet. Om ein prosent av vestens BNP tilkom fattigfolk i sør, kunne fattigdomsproblemet vore utrydda. Difor må den fornuftige strategien for alle som vil arbeide for meir global rettferd, vere å mobilisere ein breiast mogleg koalisjon av borgarar og politikarar bak nokre minimumskrav basert på menneskerettar for folk i sør også. Sett i forhold til denne oppgåva, inneber Lems «vart du skræmt no»-metode ei avsporing.

BÅDE MILJØ OG RETTFERD

krev meir forpliktande internasjonalt samarbeide, -eller kosmopolitikk. Framtiden i våre hender burde delta konstruktivt i diskusjonen om korleis slik politikk kan komme i stand, i staden for å ville ta levebrødet frå dommedagssektene.