Francis Sejersted som fundamentalist

DEBATTEN OM ytringsfridomsparagrafen i Grunnlova går vidare. Regjeringa har kome med sitt framlegg, som vik av frå det kommisjonen la fram. Stortingskomiteen har delt seg. Fleirtalet følgjer regjeringa, mindretalet kommisjonen. Kommisjonsformannen, Francis Sejersted, mislikar dette og har ytra seg fleire gonger, no sist i Dagbladet (2.7.). Denne gongen tek han stortingsfleirtalet i skule. Han reiser tvil om dei veit kva dei gjer, kva dei driv på med, når dei sit som grunnlovsgjevande forsamling. Eller som han litt meir finsleg formulerer det: om dei «helt har tatt innover seg hva Stortinget gjør (bør gjøre)». Fleirtalet har også kludra det til ved å hevde at grenseoppgangen mellom ytringsfridomen og hans avgrensingar er vanskeleg å trekkje ein gong for alle over lengre tid. Dei har laga ein vag paragraf, og får skrubb av Sejersted. Kommisjonen har streva for å lage ein paragraf med klåre retningsliner, lojal mot det som er vitsen med ein grunnlovsparagraf, at Stortinget skal låse seg sjølv som lovgjevar i framtida, og halde fingrane av fatet. Stortingsfleirtalet er altså ulydig, og får ei lekse frå kommisjonsformannen.

EIN KAN FÅ ei kjensle av at Sejersted ser på Stortinget som grunnlovsgjevar på same måten som pavekyrkja ser på konklavet: Kardinalane får ikkje kome ut før dei har ei eintydig og klår løysing. Det kan nok vere grunn til å tru at det, i alle fall på ein måte, kan vere lettare å sitje i konklav enn å vere grunnlovsgjevande. Konklavet skal finne og tolke Guds vilje. Og Guds vilje er berre ein, får vi tru. Når han er funnen, er oppgåva løyst. I den grunnlovgjevande forsamlinga er det mange viljar og synspunkt. Og ettersom oppdragsgjevarene til denne forsamlinga også har mange viljar, i motsetning til han som sto bak konklavet, må det vere mogeleg for den grunnlovsgjevande forsamlinga å gå frå kvarandre utan å bli samde om alt. Det kan bli kompromiss og vage formuleringar. Sejersted mislikar dette, og gjev korreks. Men, og det er underleg, han seier ingenting om korleis denne situasjonen, usemje i forsamlinga, skal løysast. Hans løysing er å snakke fleirtalet til rette.

DET VI ER vitne til i delar av denne debatten, er ein kollisjon mellom to grunnleggjande verdiar, som begge har styrkt sine posisjonar dei siste to-tre hundreåra: ytringsfridomen og menneskeverdet, med personvernet som følgjesvein til den siste. Desse to har arbeidd godt saman. Media illustrerer dette. Eg vil tru at vi kan dukke ned kvar som helst i norsk historie dei siste hundreåra, og vi vil alltid finne at ytringsfridomen hadde verre kår enn han har i dag. Eg vil tru at vi også vil finne at personvernet aldri har stått sterkare enn i dag. Media var verre før, mykje verre. Den som vil hevde at media er verre enn nokon gong, veit ikkje kva han snakkar om.

SÅ ER ALT vel og bra? Nei det er ikkje det. Framleis skjer det overgrep i media, med livsøydeleggjande konsekvensar for den som bli råka. Og det er dette nokre av oss, også komitefleirtalet i den grunnlovsgjevande forsamlina, meiner at Sejersteds kommisjon har tatt for lett på. I staden har vi fått ein debatt som grensar til det fundamentalistiske, det Wergeland kallar «en udskeiende Hyldning av Ytringsfriheden». Grunnlova skal verne individet og minoritetane mot overgrep frå staten, seier Sejersted. Men den same staten skal ikkje ha lov å verne dei same minoritetane mot overgrep frå andre. Her protesterer minoritetar, jødar og farga, men dei blir tilbakeviste. Og, om ei ærekrenkjande ytring viser seg å vere usann, skal ikkje det vere nok til ein fellande dom, om ytringa vart sett fram i «aktsam god tru». I dommen i saka mellom advokat Ingjald Ørbeck Sørheim og TV 2 slo Høgsterett fast at dette no er norsk rettspraksis. Media jubla til dette, no sist Olav Versto i VG 3.juli. Med andre ord: Når det er gjort noko som til slutt viser seg å vere ein grov feil, i den forstand at det som vart sagt ikkje var sant, kven skal då sitje med rekninga til slutt? Det skal offeret, seier Høgsterett og kommisjonen.

MED ATTER ANDRE ord: Media krev, og får, ansvarsfridom for profesjonelle feil om dei er gjorde i god tru. Det er ein rett inga andre grupper er tilkjende, det eg veit. Det måtte i så fall vere H.M. Kongen Dette er ein rettspraksis og ei rettstenking eg tykkjer Stortinget skulle ta seg tid til å sjå på når dei først er i farta. Også om dei skulle risikere å få skjenn av Francis Sejersted.