STARTER I FØRSTE:  Ingen ser ut til å ha tenkt på at dette fråfallet begynnar alt i 1.klasse, hos seksåringane som ikkje passar inn i den teorifikserte skulemodellen  Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB Scanpix
STARTER I FØRSTE: Ingen ser ut til å ha tenkt på at dette fråfallet begynnar alt i 1.klasse, hos seksåringane som ikkje passar inn i den teorifikserte skulemodellen Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB ScanpixVis mer

Fråfallet i skulen

Fråfall i i vidaregåande skule er ikkje eit spørsmål om kva som er feil med eleven, men eit spørsmål om kva som er galt med skulesystemet.

Meninger

Kvar tredje elev som begynnar i vidaregåande skule fullfører ikkje, eller sagt på ein annan måte: dei fell frå undervegs. Enkelte stader i landet har det vore så mange som fire av tisom fell frå.

Mykje er sagt om dette problemet i norsk grunnutdanning. Og mange forslag blir lansert. Men ingen ser ut til å ha tenkt på at dette fråfallet begynnar alt i 1.klasse, hos seksåringane som ikkje passar inn i den teorifikserte skulemodellen som har blitt utvikla dei siste 40-50 åra.

Ei utvikling basert på myten om at samfunnet no er blitt så teoretisk at alle må gjennom ei teoretisk kvern for å bli til gagns menneskje i vaksensamfunnet. Eit «skuleeksempel» på denne utviklinga var Reform-94 som abstraherte all fagutdanning på vidaregåande nivå frå det praktiske, jordnære til eit teoribasert valg.

Men då hadde utviklinga med å fjerna dei praktiske innslaga i grunnskulen alt kome lengre enn langt. Og det var lenge sidan ein ung elev hadde kome heim frå skulen med hjørnebord til stova, bokhylle eller nattbord til rommet sitt, eller eit kurongspel sinka saman på snikkars vis til leik. År var det også sidan det fans heile dagar på skulekjøken med middagslaging og baking og alt som høyrde med til dette. For slikt var det ikkje plass til i den moderne, teoretiske skulen. Etter kvart som den praktiske arenaen i skulen turka inn, så forsvann også ein avgjerande arena for å sjå elevar for anna enn teoretiske evner og anlegg.

Tenk litt på kva det gjer med ein unge og ein ungdom som i år etter år må vera i eit system der dei berre blir vurdert der evner og anlegg er svakast. Som 6-åring avfinn ein seg nok med det. Som 7-åring og 10-åring også, sjølv om det tærer på motivasjonen for å gå til skulen. Men som 13-14-åring røyner det på og går over til trass eller passivitet og utflukter til uro, skulk og andre reaksjonsmønster. I vidaregåande, som alle skal gjennom, blir problemet akutt. Eleven melder seg av, droppar ut, og blir registrert i det store fråfallet.

Heile problemet handlar i grunnen om å bli sett på ein truverdig måte for det mangfald av evner og anlegg som fins blant elevane og som trengs i samfunnet. Både dei praktiske og dei teoretiske.

Utan dette blir det ikkje mogeleg å utvikla motivasjon for å ta fatt på det som blir kravd av kunnskap og ferdigheter på vegen til å bli gagns menneskje i eit praktisk, velordna samfunn.

For, kor mykje hadde fungert i dette samfunnet utan all den kunnskapen som ligg samla og blir fornya i dei praktiske faga? Og er det ikkje på grunn av dette velfungerande praktiske samfunnet vårt er så bra å leva i? Kanhenda er det i dette ljoset vi bør sjå verdien til den reflekterande teoretiske kunnskapen? Ein verdi ingen ønskjer å underslå i dagens samfunn der teknologi får ein meir og meir sentral plass.

Om ein ser dette, så blir problemet med stort fråfall i i vidaregåande skule ikkje eit spørsmål om kva som er feil med eleven, men eit spørsmål om kva som er galt med skulesystemet som ikkje får fat i evner og anlegg og motivasjon hos ein tredel av den oppveksande generasjonen.

Det er i sanning lenge sidan eg har sett nokon stilla spørsmål om korleis skulen bør sjå ut for å få til dette.

Kanskje burde det finnast ein skikkeleg praktisk arena i skulen alt frå 1.klasse i grunnskulen? Med ein liten snikkarverkstad, elektroverkstad, kjøken osv., der ein i små grupper kunne få opna den praktiske verda av folk som kjenner til og kan?

Skal ein veksa inn i vaksenverda på ein god måte, så treng ein tilgang til det vaksne langt ned i barndomen. Å bli vaksen er ikkje eit teoretisk spørsmål, slik mange debattar om skule og utdanning kan tyda på. Skal ein lukkast med det, må ein få fat i vilje og motivasjon til å gå laus på det som trengs for å erobra vaksenverda.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook