Fred i Afghanistan

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

DENNE VEKA LEGG

den afghanske overgangsregjeringa - med Verdsbanken og tunge FN-institusjonar i ryggen - fram eit tilbod til gjevarlanda som møtest i Berlin: betal for vår fred og utvikling, elles vert Afghanistan eit reir for internasjonal terrorisme og narkotikaproduksjon. Prislappen er på nær 30 milliardar dollar over 7 år.

Første utkast av dokumentet som set dagsorden for møtet - kalla «Securing Afghanistan's Future» - likna meir utpressing enn utviklingsplanlegging. Etter at Verdsbanken, FN sitt utviklingsprogram (UNDP), og FN-kontoret som leiar Afghanistan innsatsen har arbeida med det i nokre månader, framstår det no som ein fyldig og veldokumentert plan. Ei rekke framtidsmål er trekt opp - kva Afghanistan treng av vegar, skular, vassforsyning og infrastruktur - måla er knytt til FN sine Tusenårsmål, og så påsatt ein prislapp. Det internasjonale samfunnet er bedt om å finansiera 85 prosent av rekninga.

Men, eit trugande framtidsscenario vert trekt opp dersom verdsamfunnet ikkje reisar pengane. Då vil Afghanistan som stat bryta saman eller verta ein røvarstat, narkotika - økonomien tek over, det vil igjen finansiera internasjonale terroristar, og verda vil få svi. Argumentet at stilt overfor eit slikt skrekkbilete er det meir lønsamt å investere i fred og utvikling i Afghanistan. Her vises det og til kostnader på andre område, som militære operasjonar, fredsbevarande styrkar og handtering av flyktningar, då desse langt overskrir den summen det no kjem krav om for å fremja fred og utvikling.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer