Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Fred i Guatemala?

«På grunnlag av rapporten til Sanningskommisjonen slår ein fast at omlag 200.000 menneske er drepne og forsvunne.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I nokre junidagar i Oslo i 1994 forhandla partane i krigen i Guatemala fram avtalen om å opprette ein sanningskommisjon. Den skulle dokumentere valden og overgrepa mot befolkninga gjennom dei 34 åra med borgarkrig. Fredsavtalene underteikna i 1996 skulle rg legge grunn for at majoriteten av mayaindianarar kunne delta i samfunnslivet på lik linje med øvrige befolkning, og for at hæren vart lagt under sivil kontroll. Fem år seinare kallar Utanriksdepartementet og Fredsforskningsinstituttet saman til møte om Guatemala og fredsprosessen.

Sjølv om norske aktørar var aktive i pådrivarar i forhandlingane, skal vi ikkje overvurdere Norges sjansar til å påvirke den vidare fredsprosessen i Guatemala, men kanhende kan den norske støtten til landet vere med på å legge grunnlaget for forsoning lenger fram. Det er viktig å arbeide for å få historia meir inn i undervisning og lokale media og at Norge saman med øvrige land støttar sterkare opp om arbeidet for å få dei ansvarlege for folkemord dømt. Det er overraskande at norske og europeiske styresmakter, kanhende med unntak av Tyskland, ikkje har sett meir fokus på kuppgeneral Efrain Rios Mont og militærjuntaen 1982- 83 i forhold til Haag-domstolen. Med alle dei dokumenterte parallellane som finst mellom folkemorda på Balkan og i Guatemala, vil nok dommarane i Haag takke ja til både rettslege prov og politisk press fram mot dagen da Milosevic sine likesinna i Guatemala står for retten.

Det var forventa at avtalen om å etablere Sanningskommisjonen ville syne seg for veik til å legge grunnlaget for å rettsforfølge dei ansvarlege. Det viste seg imidlertid at dei tre kommisjonsmedlemmene med mot og kløkt tolka mandatet sitt så vidt at dei i rapporten dei la fram våren 1999, kunne gje konkret dokumentasjon av planlagt folkemord. Når så likevel ingen ansvarlege er dømt, er det ikkje bevis og dokumentasjon det står på, men snarare manglande politisk vilje i og utanfor Guatemala. På grunnlag av rapporten «Aldri meir», som den katolske kyrkja la fram eit knapt år før, og rapporten til Sanningskommisjonen slår ein fast at om lag 200000 menneske er drepne og forsvunne.

På same tid som Sanningskommisjonen la fram rapporten sin, vitja USAs president Guatemala. Dei grove og omfattande overgrepa som vart lagt fram, med systematisk valdtekt og bestialsk tortur mot mayakvinner og born som del av soldatane sin instruks, gjorde truleg så sterkt inntrykk at Clinton gjekk lenger enn rådgjevarane hadde tenkt. Framfor ei stor forsamling av breie samfunnslag i Guatemala tok presidenten eit klart medansvar. Han sa mellom anna at «For USA er det svært viktig at eg seier klart i frå om at støtten til dei militære styrkene og etterretninga som deltok i slik omfattande valdeleg undertrykking som Sanningskommisjonen skildrar, var eit mistak, og USA bør ikkje gjenta slike feil».

Også den tidlegare geriljaen og no politiske partiet URNG og regjeringa har bede offentleg om tilgjeving for overgrepa slik Sanningskommisjonen påla dei. (Geriljaen sto ansvarleg for 3 prosent av overgrepa medan hæren, og politiet har ansvaret for 93 prosent.)

Ei av anbefalingane frå kommisjonen til regjeringa var å sørge for at hæren ikkje lenger skulle ha politisk makt, men Presidentens generalstab er enno ikkje lagt ned slik fredsavtalene krev. Generalstaben, som gjennom krigen og fram til i dag fungerer som vaktstyrke både for å beskytte og kontrollere presidenten, har både under og etter krigen vore kommandosentral for politisk forfølging og drap. Det var ikkje tilfeldig at biskop Gerardi vart drepen ved at hovudet hans blei knust få timar etter at han hadde lagt fram kyrkja sin rapport «Aldri meir»: Omslaget på rapporten har ein biletserie kor eit menneske som held seg for øyre og augo, tek bort hendene for å sjå og høyre. Bodskapen og symbolikken i drapet var klar: «Historia om den skitne krigen skal Guatemala halde stilt om.»

Dei øvste ansvarlege sit framleis trygt og har i budsjettforslaget for 2002 lagt opp til ein solid auke i militærutgiftene. Dette skjer i eit land som aldri har hatt ytre fiendar å snakke om og ikkje lenger har væpna opprør blant eige folk. Budsjettet for utdanning, derimot, rekk knapt til gjennomsnittleg skulegang på 2- 3 år. Trass at dei er blant dei desidert minste per innbyggar i Amerika, vert utdanningsutgiftene redusert ytterligare i 2002.

Ei av forklaringane på at det går så tregt med å følge opp avtaler, er at nevnte general Rios Mont styrer regjeringspartiet og sit som kongresspresident, trass i at det var den same generalen som leia landet under den grovaste valdsperioden. Den eine av dei tre leiarane for Sanningskommisjonen, Edgar Balsells Tejo, hevdar no at trenering av fredsavtalene og anbefalingane frå Sanningskommisjonen er Monts hovudmotiv for å vere aktiv i det politiske livet. Slike motiv er ikkje utan fundament når vi veit at 11 av bygdene som vart offer for massakrer i 82/83, tidlegare i år la fram dokumentasjon og meldte han og juntaen hans til påtalemakta for folkemord.

Eit program for oppreising for offera står sentralt i anbefalingane til kommisjonen: «Det bør vare i minst 10 år og ikkje berre gje økonomisk oppreising og tilbakeføre jord, men rette opp att offera sin verdighet.»

Som del av rehabiliteringa av offera for konflikten rår kommisjonen rg til at det vert sett igang eit omfattande arbeid for å finne dei 40000 menneska som er forsvunne, både ved å identifisere levningar og ved å finne ut kor dei overlevande er. Forsvunne barn som overlevde, er seinare lokalisert i inn- og utland. Nokre vart tekne hand om av militære, av kyrkja eller andre familiar. Slektningar til offera har vore aktive for å få til utgravingar og legge grunnlaget for å føre rettssaker. Andre slektningar ventar framleis på å få sine kjære i vigsla jord, men grunngjeven frykt for nye represalier legg band på initiativ for utgraving og identifisering. Arbeidet med å hjelpe slektningar å finne att born har byrja i frivillig regi. Nokre familiar har funne dei sakna i live etter 15- 20 år.

Balsells Tejo har nylig gitt ut bok med eit tilbakeblikk på dei fire tiåra Sanningskommisjonen sin rapport tek for seg. Han var sjølv studentaktivist, og seinare advokat, i 1954 da demokratiet vart sett til side ved kupp regissert av CIA. Balsells Tejo skriv at «nokre forsøker å nytte legale og illegale maktposisjonar til å tvinge fram {lsquo}politikken for å gløyme', medan andre, dei for alltid svake, søker fred og forlik gjennom å gjere sanninga kjent og arbeide for rettferd».

Oppfyllinga av fredsavtalene og demokratisering i Guatemala er ein langsiktig prosess kor ein ikkje kan ha for store forventningar på kort sikt. Eit langsiktig perspektiv er ikkje minst viktig no som demokratiserings- og fredsprosessen står stille. FN melder at det ikkje har skjedd framsteg verken i arbeidet mot straffefridomen eller den sosiale og strukturelle rasismen etter at freden vart underteikna. Vi bør som utanlandske aktørar passe oss for å la det langsiktige perspektivet fortrenge handling og påverking på kort sikt. Sanningskommisjonen sine anbefalingar er avgjerande no for seinare å kunne søke meir langsiktig forsoning. Fedre som får vite på kva kant av landet borna er, og born som får vite om syskjen og mor, vil ha stor meining for det samfunnet dei «forsvant i» som følge av at slektningane får vite kva som hende og samfunnet tør gjere det kjent.

Det ligg symbolsk og politisk kraft i at det er nettopp mayakvinnene - dei nedste på rangstigen både innan eigne lokalsamfunn og i forhold til storsamfunnet - som står blant dei fremste i arbeidet for at den mørke historia ikkje skal verte gløymt og for at samfunnet dermed skal ta dei neste avgjerande skritta for verkeleg fred og forsoning. Så lenge freden først og fremst er eit godt avtaledokument og historia enno ikkje står i skulebøkene, har dei enno langt å gå.

Hele Norges coronakart