Fred på latin-amerikansk

Angrepet mot tvillingtårna i New York 11. september 2001 har endra den tryggingspolitiske tenkinga globalt. Etter at Bush erklærte at det ikkje er forskjell på terroristar og dei som gir terroristane opphaldsrom, har dette blitt flittig brukt av fleire land, for å rettferdiggjere angrep innanfor andre statars suverene grenser. Medan det vekte få reaksjonar internasjonalt då Tyrkia nyleg bomba kurdiske stillingar i Irak, eller då afghanske troppar gjekk inn i Pakistan for å jakte etter terroristar, passerer ikkje liknande aksjonar utan sterke motreaksjonar i Latin-Amerika.

Den 2. juli i år blei det internasjonale søkelyset retta mot Latin-Amerika. Då førte ein omdiskutert colombiansk militæraksjon til at det fransk-colombianske gisselet Ingrid Betancourt blei sett fri, saman med 14 andre gisslar som har vore i fangenskap hjå FARC- geriljaen i meir enn 6 år. Sjølv om alle dei sør-amerikanske presidentane applauderte frisettinga av gislane, hadde aksjonen også ein sterk bismak.

Colombias president Alvaro Uribe har, med si militaristiske linje, lenge vore på kollisjonskurs med fredspolitikken i resten av Sør-Amerika. Nabolanda har især fått merke konsekvensane av Colombias harde linje. Då Colombia 1. mars i år bomba ein FARC geriljaleir innanfor Ecuadors grenser, var reaksjonane sterke. Colombianske militære hevda først at dei handla i sjølvforsvar, etter angrep frå FARC-geriljaen, men fjernsynsopptak frå åstaden like etterpå viser at geriljasoldatane låg og sov – berre iført undertøy. Doktrinen om preventiv krigføring har dermed fått sin definitive test i Latin-Amerika. President Bush gjekk straks ut med full støtte til Colombia, og forsvarte angrepet på «terroristane».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medan sjølve bombeangrepet på Ecuador blei godt dekt i vestlege media, fekk dei langsiktige politiske konsekvensane lite omtale. Desse konsekvensane er enorme. Dersom Bush med si støtte til Colombia har ønska å statuere eit eksempel på korleis ein tek hand om «terroristar», har han oppnådd den totalt motsette effekten. Aldri før har samhaldet i Latin-Amerika vore så sterkt, og aldri før har den samla kritikken av USA vore så dramatisk.

Prosessen mot Colombia etter 1. mars viser ein fullstendig ny dynamikk i det latin-amerikanske samarbeidet. Situasjonen var på eit tidspunkt temmeleg dramatisk, då Ecuador og Venezuela reagerte med å flytte militære troppestyrkar opp mot grensa til Colombia. Samstundes braut både Ecuador, Venezuela og Nicaragua det diplomatiske sambandet med Colombia. Løysinga på krisa Colombia hadde skapt, kom under møtet i RIO-gruppa på Santo Domingo, der dei latin-amerikanske statsleiarane fekk utfalde seg fritt, utan USAs nærvær. Fordøminga av Colombias angrep på Ecuador var gjennomgåande. Møtet endte i ei slutterklæring der det colombianske bombeangrepet blei unisont fordømt som eit brot på Ecuadors suverenitet. Colombia bad om unnskyldning og forplikta seg til ikkje under noko omstende å gjenta ei slik handling. Det unike ved teksten frå RIO-møtet er nettopp at den understrekar at det ikkje finst grunn god nok til å angripe eit anna lands suverenitet. Dermed er Bush-doktrinen om preventiv krigføring kollektivt avvist i Latin-Amerika.

Bombeangrepet blei også teke opp i OAS (Organisasjonen av amerikanske stater), og mange latin-amerikanske land var engstelege for at USA skulle bidra til å vatne ut sluttresolusjonen frå Santo Domingo. Det var nesten det som skjedde. Møtet varte i 14 timar, og på eit tidspunkt danna USA, Colombia og Mexico ein allianse som blokkerte prosessen. Likevel kom sluttresolusjonen på plass i tidlege morgontimar, temmeleg lik den som RIO-gruppa vedtok i Santo Domingo. Colombia reserverte seg ikkje mot sluttresolusjonen, men det gjorde USA.

Latin-Amerikanske land har gjort det ingen andre grupper av land eller regionar har hatt samhald, eller mot nok, til å gjere, etter 11. september. Dei har kollektivt avvist doktrinen om preventiv krigføring til fordel for regionalt samarbeid og fredeleg konfliktløysing.

Med den vanskelege prosessen i OAS friskt i minne, har enkelte sør-amerikanske statsleiarar stilt spørsmål ved om OAS’ rolle eigentleg har utspelt seg. Ecuadors president Rafael Correa stilte nyleg spørsmål ved om Latin-Amerika har bruk for det noverande OAS. Dei latin-amerikanske leiarane ønskjer seg ein tilsvarande samhandlingsmekanisme der USA ikkje er med. Det ferskaste utslaget av den latin-amerikanske samlinga er Brasils forslag om å danne eit sør-amerikansk forsvarsråd. Likelydande initiativ har tidlegare kome frå Venezuelas president Hugo Chávez, som har uttalt at når ein har eit nord-atlantisk forsvarssamarbeid som NATO, kan ein like godt ha eit sør-atlantisk forsvarssamarbeid, SATO, der naboen i nord ikkje er med.

President Chávez var den første Brasils president Lula tok kontakt med om dette initiativet, og tilhøvet mellom dei to, som nok har vore prega av ei viss rivalisering tidlegare, er for tida utmerka. Lula uttalte nyleg i eit intervju til det tyske vekemagasinet der Spiegel at Hugo Chávez er den beste presidenten Venezuela har hatt.

Brasil og Venezuela leier an i arbeidet med å etablere det sør-amerikanske forsvarsrådet, El Consejo de Defensa Suramericano. Både Lula og Chávez understrekar at rådet vil bli forskjelleg frå NATO, ettersom det ikkje vil ha operasjonelle eller ekspansjonistiske pretensjonar, men vil skape respekt og verke avskrekkande på potensielle ytre fiendar. Ei arbeidsgruppe med to medlemmer frå utanriks- og forsvarsdepartementa i kvart av dei sør-amerikanske landa er allereie etablert, og Brasil har erklært at forsvarsrådet kan bli konstituert ved utgangen av 2008. UNASUR, som er Sør-Amerikas parallell til EU, vil fungere som plattform for å få rådet etablert.

Latin-Amerika vil no løyse sine eigne problem, utan innblanding utanfrå – på fredeleg vis. Drivkreftene bak ideen om å etablere eit sør-amerikansk forsvarsråd er eit felles ønske om stabilitet og ro til å skape utvikling og velferd på kontinentet. President Chávez har uttalt at krigsepoken i Latin-Amerika er over. Under eit møte i den regionale handelsblokka, Mercosur, 2. juli i år, uttalte Brasils president Lula vidare at Latin-Amerika no berre har ein viktig krig å kjempe – krigen mot fattigdom og svolt. Dette skjer i ei tid der vestlege land stadig tek i bruk våpenmakt, vald og harde forhørsmetodar for å løyse internasjonale konfliktar. Det som skjer i Latin-Amerika, burde gi rom for ettertanke.