Fred utan palestinarar

Den positive norske framstillinga av fredsprosessen mellom Israel og palestinarane har endra seg forbausande lite sidan underteikninga av Oslo-avtalen 13. september 1993.

Media, regjering og den politiske opposisjonen har tolka denne prosessen om lag slik: Prosessen representerer realpolitikken og pragmatismen sin siger over ideologi og politisk og religiøs fanatisme. Bare partane sjølve kan skapa fred, men Norge kan hjelpa til som nøytral tilretteleggar. Når dei fokuserer på dei lettaste spørsmåla fyrst, vil det etter kvart bli skapt ein gjensidig tillit og ein dynamikk som gjer det mogleg å løysa dei vanskelege spørsmåla i sluttforhandlingane. Det endelege resultatet blir bra for båe partar. Ein fredsavtale med palestinarane gir Israel fredsavtalar med fiendtlege, arabiske nabostatar. Slik løyser den jødiske staten sikkerhetsproblemet sitt, og blir politisk, og ikkje minst økonomisk, integrert i Midtausten. Palestinarane blir kvitt den israelske okkupasjonen, får eit betre liv og kan styra over seg sjølve.

Om me samanliknar denne oppfatninga av fredsprosessen med 1) dei israelske intensjonane bak fredsavtalen med palestinarane og 2) den faktiske utviklinga i området sidan 1993, så høver ikkje denne harmonimodellen. Ifølgje den israelske historikaren Ilan Pappé var Israel før osloprosessen på leiting etter ei fredsløysing som ikkje tek opp uløyste spørsmål knytt til 1948. Det var året då staten Israel vart oppretta, og 750000 palestinarar blei drivne på flukt og enda opp som flyktningar i dei arabiske nabolanda. Staten Israel hentar sin legitimitet i FN-resolusjon 181 (29. november 1947), som omhandlar ei deling av Palestina i ein jødisk og ein palestinsk stat. Den same resolusjonen som legitimerer Israel, legitimerer med andre ord også opprettinga av ein palestinsk stat. 11. desember 1948 vedtok FN Resolusjon 194, som gir alle palestinske flyktningar rett til å venda attende til heimane sine. For palestinarane er desse to resolusjonane svært sentrale i konflikten med Israel, men dei er ikkje nemnde i Oslo-avtalen. Denne avtalen nemner bare FN-resolusjonane 242 og 338 som gjeld israelsk tilbaketrekking frå område okkuperte i seksdagarskrigen i 1967. Desse resolusjonane seier ikkje noko om palestinarane sine nasjonale rettar, og statsminister i Israel, Ehud Barak, har kunngjort at desse resolusjonane heller ikkje gjeld for dei okkuperte palestinske områda, bare for dei andre arabiske områda som vart okkuperte i 1967.

Erobringa av Gaza og Vestbreidda med Aust-Jerusalem i 1967 verkeleggjorde Israel sine planar om å utvida grensene til å omfatta bibelske kjerneområde. Men okkupasjonen utgjorde også eit dilemma for den jødiske staten. Israel ville ha meir land, men ikkje fleire arabarar fordi dei har «feil» etnisitet og ville truga staten sin jødiske karakter om dei vart israelske statsborgarar. Oslo-avtalen vart løysinga. Det israelsk-palestinske medlemmet av Knesset og statsministerkandidat ved valet i fjor, Azmi Bishara, meiner at avtalen gjer det mogleg for Israel «å halda fast ved sin historiske posisjon om ikkje å trekkja seg ut av dei okkuperte områda og heller ikkje annektera dei». Ifølge Bishara er målet med det indre palestinske sjølvstyret å skilja palestinarar og jødar utan at Israel treng å trekkja seg ut. «Kvifor skulle Israel la denne sjansen gå frå seg?» spør Bishara.

Utviklinga på Vestbreidda og i Gaza stadfestar fråsegna til Bishara. Samstundes som den israelske hæren har trekt seg ut og omgruppert frå mange av dei tettast befolka palestinske områda, har staten «bite seg» endå meir fast ved å konfiskera meir jord, etablera nye busettingar og bygga nye omkøyringsvegar for jødar. I vekene før det optimistiske toppmøtet i Oslo i november i fjor intensiverte Israel koloniseringa av jord i Gaza, som i storleik bare tilsvarar ein sjettedel av Vestfold, og der 75 prosent av befolkninga er flyktningar frå det som i dag er Israel innanfor 1948-grensene. Den israelske nasjonalforsamlinga Knesset godkjende samstundes bygging av nye, ulovlege hus for busettarar i Gaza.

Bishara si fråsegn høver også med synspunkta til ein av arkitektane bak Oslo-avtalen og nåverande justisminister i Israel, Yosi Beilin. Den engelske journalisten Graham Usher har intervjua han om Israel sine intensjonar. Beilin ser på sikkerhet som det vesentlege for Israel. Han meiner at ein framtidig palestinsk stat må vera demilitarisert, at den israelske hæren vil vera utplassert langs grensa ved Jordanelva og at Israel ikkje vil venda attende til grensene frå før seksdagarskrigen i 1967. Flyktningane skal ikkje få returnera. Israel godtek heller ikkje å dela Jerusalem, og busettingane, som alle er ulovlege, skal få bli.

Sluttforhandlingane skal ta føre seg alle dei vanskelege spørsmåla som partane ikkje har handsama i interimsavtalen: flyktningar, Jerusalem sin endelege status, busettingar, grenser og vatn. Synspunkta til Beilin tyder at palestinarane har lite å henta i forandlingane om ei varig fredsløysing, som skal sluttførast i september. Dette vart også stadfesta då den israelske vekeavisa Kol Ha-Ir 23. august 1996 siterte Beilin på fylgjande: «Kva er Oslo? Oslo tyder eit skilje mellom den mellombelse ordninga (interimsfasen) og den permanente. I mange år sa palestinarane: {lsquo}Me godtek ein interimsfase dersom me på førehand veit kva som vert sluttresultatet. Ellers vil de (Israel) kjøra oss fast i interimsfasen.' Palestinarane heldt fast ved denne posisjonen inntil dei, som fylgje av veikskap, til slutt godtok det dei alltid hadde avvist tidlegare. Resultatet er Oslo. Dette er det einaste det inneber. Bortsett frå gjensidig anerkjenning og så vidare, kokar det (Oslo-avtalen) ned til eit skilje mellom interimsfasen og den varige ordninga.»

Mange palestinarar hadde håpa at opprettinga av Dei palestinske sjølvstyremaktene skulle representera det fyrste steget mot ein suveren, demokratisk palestinsk stat med kontroll over eigne grenser. For Israel er imidlertid hensikten fyrst og fremst å sleppa å administrera tre millionar palestinarar i Gaza og på Vestbreidda. Samstundes gjer palestinske politi- og sikkerhetsstyrkar det som israelske soldatar tidlegare måtte gjera: Halda ein fridomshungrig og desperat palestinsk befolkning i sjakk. Også her er det nok å lesa kva ein av dei sentrale aktørane i fredsprosessen har sagt. Tidlegare statsminister Yitzhak Rabin uttalte i den israelske avisa Yediot Ahronot 7. september 1993 at palestinarane ville handtera sikkerhetsproblema i dei okkuperte område betre enn Israel «fordi dei (palestinarane) ikkje vil tillata appellar til høgsterett, og kjem til å hindra at The Israeli Association of Civil Rights kritiserer tilhøva gjennom å nekta organisasjonen tilgang til området. Dei vil styra med deira eigne metodar og viktigast av alt, israelske soldatar slepp å gjera det som dei (palestinarane) vil gjera...»

Utviklinga i dei palestinske områda har stadfesta Rabin sine spådommar. Dei palestinske politi- og sikkerhetsstyrkane, som sidan Wye-avtalen i 1998 har koordinert arbeidet sitt med den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA, fungerer som eit instrument for Israel og gjer jobben betre og meir effektivt enn deira israelske kollegaer. Dei står bak drap, tortur og grov mishandling, fengsling av opposisjonspolitikarar og hyppige arrestasjonar av personar som har nytta sin sjølvskrivne rett til meinings-, ytrings-, og organisasjonsfridom.

Stikk i strid med den gjengse norske oppfatninga, legg denne fredsprosessen til rette for fortsatt israelsk kontroll over Gaza og Vestbreidda. Samstundes hjelper den Israel til å bli økonomisk og politisk integrert i Midtausten. Palestinarane vert marginaliserte, anten dei lever i dei okkuperte områda eller som flyktningar i nabostatane. Det var ikkje dette som var føremålet med det norske engasjementet i fredsprosessen.