SAKNA: Jens Stoltenberg, generalsekretær for NATO, her i militærleiren i Gaziantep i Tyrkia. Foto: Øistein Monsen
SAKNA: Jens Stoltenberg, generalsekretær for NATO, her i militærleiren i Gaziantep i Tyrkia. Foto: Øistein MonsenVis mer

Fremskrittspartiet + Jens Stoltenberg + NATO = Sant

Deilig er jorden.

Kommentar

DENNE VEKA har Sylvi Listhaug, ostepoppen i Egeerhavet, gitt Jonas Gahr Støre ansvaret for asylsøkarar som skal koma og flyktningstraumar som har henrullet over vårt lille land. Han utgjør forskjellen mellom åtte tusen, ti tusen og uendelig. Sjøl har ho Visjon Norge og skal på skjønn pilgrimsgang til mirakelkonferanse og framføra sjelens glade pilgrimssang. Oss he fått ein evig frelsar i det fagre riket på jorden.

INNSTRAMMINGS- og ekskluderingsministeren saknar den strenge og rettferdige Jens Stoltenberg. Då han og Grete Faremo og oransjemannen sat ved asylroret, var det fred over jorden og menneska fryda seg. Ein minnest statsminister og partiformann Trygve Brattelis ord då han blei spurt om kordan han trudde ettermælet hans kom til å bli: «Det blir nok godt - i den grad det kan skade min etterfølger.»

GENERALSEKRETÆREN i NATO tøffar seg så godt han kan med krigsskip i Middelhavet for å stoppa båtflyktningar som NATOs krigar har drive out of area frå Afghanistan og Libya. Pentagon har sendt han ut på tiggarferd for å kunna rusta opp og ringa inn Vladimir Putin. Men solidariteten forstummar når politikarar i alle land forenar seg for å beskytta skattebetalarane sine pengar. Så langt er det bare Fremskrittspartiet som har støtta Jens Stoltenberg med to prosent, så rosen bør vera gjensidig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

PUTIN ER ELLES ein nyttig mann. Dersom han ikkje hadde vore så god på streng grensekontroll, hadde det strøyma på med fridomslengtande flyktningar frå land styrt av russiskvennlige despotar og oligarkar i olje, gass og sjokolade.

NRK DRIV TUNG markedsføring av kveldens komipris. Med partieigar emeritus Carl I. Hagen i rolla som Donald Trump gjer statskanalen ARK ein stor innsats for å bygga ned skillet mellom komikk og politikk. Frå før av sender dei Stortingets spørjetime og høyringar i ko-ko-komiteen direkte - med Martin Kolberg i hovudrolla.

MONTHY PYTHONS klassikar «Life of Brian» hadde ei strålande blasfemisk og krenkande side. Men filmen var også ein harselas med konkurrerande smågrupper som kjempa for same sak, men meir mot kvarandre: Judeas folkefront, Folkefronten i Judea, Den judeiske frigjøringsbevegelsen, og så bortetter. Det var som markeringa av arbeidernes kampdag, 1. mai, i Oslo på 70-talet då store, mindre og bittesmå marxistiske sekter hadde sine eigne tog og markeringar.

KJØNNSSKIFTE er ei alvorlig sak, også for dei som er samde i sak. Harry Benjamin ressurssenter (HBRS) vil ha konsekvensutredning og refleksjonstid, mens Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) meiner det er å mistenkeliggjera folks motiv og ikkje ta dei på alvor. LHBT og LHBTIQUA+ vil også ha eit ord med i laget.

LA OSS istemma Tom Stalsbergs omdikting av juleklassikaren «Deilig er jorden»: Sekt skal følge sekters gang.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook