Fridom under ansvar

Det var ved inngangen til den muslimske høgtida id ul-adha at den kristne avisa Magazinet trykte dei danske karikaturane av Muhammad, i eit sjølverklært korstog for ytringsfridommen. Det er vanskeleg å tru at Magazinet sin handlemåte hadde pressefridom som hovudmotiv. Som fleire har påpeikt, har Magazinet tidlegare forsvart blasfemiparagrafen som eit bolverk mot kristendomshets. Det nye kristne høgre i USA, som redaktør Selbekk har vedgått ideologisk slektskap med, er ikkje akkurat kjent for å gå på barrikadane for liberale verdiar. Snarare tvert imot. Og åndskamp mot islam er ei sentral flaggsak i slike krinsar.For informerte observatørar er det vanskeleg å sjå publikasjonen av karikaturane som noko anna enn ein overlagt provokasjon mot muslimane - som Magazinet med sin handlemåte gjer kollektivt ansvarleg for det alvorlege trugsmålet mot ytringsfridommen som ekstreme muslimar representerer.

MUSLIMSKE leiarar i Norge har reagert på ein roleg måte, gitt uttrykk for at dei føler seg pressa, men slutta seg til prinsippet om ytringsfridom. Likevel er det nok slik at mange muslimar (også dei som aldri ville finne på å ty til trugsmål eller vald) gjerne såg at ytringsfridommen hadde visse grenser. Men den diskusjonen går faktisk ikkje mellom Vesten og resten. Diskusjonen om ytringsfridommen sine eventuelle grenser er i utgangspunktet ein indrevestleg debatt. Sjølv vil eg forsvare ein vidtrekkande ytringsfridom som inkluderer retten til kontant å utfordre religionane. Men dess vidare ytringsfridommen er, dess større er også det moralske ansvaret for korleis vi brukar den. Moralsk sett gjer det stor forskjell om det er dissidentar som utfordrar dei religiøse makthavarane, eller den religiøse majoriteten som harselerer med ein religiøs minoritet. Ein parallell til Magazinet sin handlemåte ville vere at ei muslimsk avis i for eksempel Pakistan ved inngangen til julehøgtida trykte eit hånande portrett av Jesus, som ei infam helsing til ein pressa kristen minoritet. Er det ein slik bruk av ytringsfridommen vi vil oppmuntre til? Og har vi gløymt kva jødehets har ført med seg i våre samfunn?

ETTER MITT syn bør islamhets av den typen som Magazinet, Levende Ord og det nykristne Fremskrittspartiet har kome med ikkje møtast med krav om å revitalisere blasfemiparagrafen, men med moralsk mobilisering omkring nokre globale spelereglar for korleis vi omtalar kvarandre. Lat meg foreslå at vi som vil forsvare liberale verdiar stel eit av dei gamle slagorda til det nye kristne høgre, nemleg «moral majority». For det vi treng, er ein moralsk majoritet i samfunnet som praktiserer fridom under ansvar. I ein slik majoritet er det plass til både kristne, muslimar og meir sekulært innstilte borgarar - som utfordrar religionen når det er nødvendig men legg band på sine fordommar og forsvarar minoritetane mot overtramp frå majoriteten. Men vi må også krevje at aksjonistar og styresmakter i Midtausten no dempar tonen og prøver å skilje mellom fundamentalistiske provokatørar og Norges haldning i denne saka.