MEIR KUTT: «Det første halvåret til den nye kulturministeren har ikkje vore prega av meir fridom, men av meir kutt og meir marknad», skriver kronikkforfatteren. Foto: NTB Scanpix
MEIR KUTT: «Det første halvåret til den nye kulturministeren har ikkje vore prega av meir fridom, men av meir kutt og meir marknad», skriver kronikkforfatteren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Fridomsbløffen

Det første halvåret til den nye kulturministeren har ikkje vore prega av meir fridom, men av meir kutt og meir marknad.

Meninger

Denne våren er det ti år sida Kulturløftet blei lansert. I 2004 gikk SV, Arbeiderpartiet og Senterpartiet saman om 15 punkt for å styrke kulturlivet. Punkt nummer ein var å bruke ein prosent av statsbudsjettet på kulturføremål innan 2014. Det målet nådde vi!

Kulturbudsjettet er nesten dobla sidan nivået i 2005. Kulturløftet gjorde også kulturpolitikk til realpolitikk. Støtta til kultur gikk framfor støtte til andre viktige samfunnsføremål. Kultur blei løfta opp i politikkens eliteserie. Kulturløftet var ei vitamininnsprøyting for norsk kulturliv - men sjølvsagt ingen mirakelkur. Kva treng kulturlivet mest no?

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Høgresidas viktigaste svar på det spørsmålet har vore ei «fridomsreform» som skal gje «auka maktspreiing, høgare kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet». Høgre har varsla at dei vil ha færre politiske føringar på institusjonane, utan å forklåre kva føringar det gjeld. Dei vil gje Kulturrådet vidare rammer til å omprioritere, altså meir fridom til byråkratiet.

Ut over det slit eg med få tak på kva ei slik «fridomsreform» skal innehalde. «Vi ønsker motstand, kritikk og direkte tale» sa kulturministeren i sin linjetale på Kulturrådets konferanse i Bergen i haust. Det fortener ho å få.

For det første halvåret til den nye kulturministeren har ikkje vore prega av meir fridom, men av meir kutt og meir marknad. Det er denne visa Thorhild Widvey syng når ho tar til orde for at NRK bør slutte med suksesshistoria Yr, fordi den står i vegen for at kommersielle aktørar kunne tene pengar på reklame- eller brukarfinansiert vêrmelding. Det er denne visa høgrepartia syng når dei innfører ei gåveforsterkingsordning der private gåver skal styre kulturpolitiske prioriteringar.

Venstres Hallstein Bjercke skreiv ein kronikk i fjor om behovet for «en sunn finansieringsfordeling mellom det offentlige, publikum og private bidragsytere» sidan «det er liten tvil om at store deler av kulturfeltet i dag er for avhengig av statlig finansiering.» Han gir sjølv to døme på ei slik fordeling: Salet av Oslo Kino til Egmont, og omstillinga av Oslo Nye Teater til eit «prosjektbasert teater», med færre tilsette og lågare budsjett.

Widvey er med: Ho byrja med å skrape 250 millionar av det raudgrøne budsjettet. Stort sett alle andre felt fekk meir, kultur fekk mindre. KrF og V sørga for at kutta vart litt mindre. Dette er ikkje «nye idear, og betre løysingar», heller ikkje auka fridom. Det er den same, gamle visa. Den eldste visa i Høgre si songbok.

Her er vi ved kjernen. Ideen om ei fridomsreform byggjer på føresetnaden om at for stor offentleg støtte til kultursektoren kan vere eit problem for kvaliteten. Fridom frå pengar, er det Høgre snakkar om. Alle tenkande menneske forstår at meir pengar ikkje automatisk fører til betre kvalitet. Dei må brukast godt. Det er heller ikkje slik at alle kulturtilbod som har mottatt offentleg støtte skal vere verna for kutt.

Samstundes hender det eg tenkjer at myten om den lidande kunstnaren framleis står litt for sterkt. Du bør ikkje ha det for greitt når du skriv bøker eller malar bilete. Var det ikkje slik for Hamsun og Munch? Det blir vel ikkje noko Sult og Skrik av statlege garantiinntekter? Sanninga er at naud sjeldan lærer kunstnarar å spinne. Mykje oftare lærar naud kunstnarar å køyre trikk - eller servere øl.

I Stortinget formulerte Widvey det slik: «Jeg mener at et ensidig fokus på tilskuddsnivået gjennom mange år har fjernet oppmerksomheten fra innhold og kvalitet i den offentlige kulturdebatten.» Ingen helseminister eller samferdsleminister ville sagt noko slikt. Tvert om, dei veit at pengar er ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, føresetnad for kvalitet. Vegar, lærarløner og kreftbehandling kostar. Men det gjer også teaterscener, skodespelarløner og musikkinstrument.

Når Widvey lister opp fridom, mangfald og kvalitet som dei tre føresetnadane for eit vel fungerande kulturliv, blir eg freista til å spørje:

- Får avislesarar meir eller mindre fridom, mangfald og kvalitet dersom pressestøtta kuttast?

- Finst det ein einaste kunstnar som føler seg ufri på grunn av doblinga av kulturbudsjettet? Vel sikkert ein, stå fram!

Eg har nysgjerrig forsøkt å forstå kva ei «fridomsreform» er. Eg har lest høgrekulturideologen Kristian Meisingset, lytta til talane til Widvey og tolka Knut Olav Åmås i beste meining. Oppsummeringa mi er at høgresidas fridomsreform - til no - er innhaldslaus. Den framstår som ein fridomsbløff, eit skalkeskjul for mindre pengar og større private innslag i kulturlivet.

Fridom treng vi meir av, men på alvor:

For det første treng kulturlivet fridom til å sette kunst foran kommers. Teater, museum, forlag, film- og plateselskap med økonomi har fridom og uavhengigheit til å våge å satse på dyr kvalitet, ikkje berre billege kopiar. For det andre treng vi eit fritt kunstfelt, kunstnarar utanfor dei store institusjonane som tørr satse fritt. Eit viktig verkemiddel for det er kunstnarstipenda. Ei rekke framståande kunstnarar har fått og får dei - frå Per Petterson til Mari Boine. Men Widvey starta sin karriere med å kutte dei, før ho vart redda av Stortinget. For det tredje må vi sikre publikums valfridom. Myndigheitene må ta ansvar for å sikre tilbod og der marknaden er liten, dersom fridomen skal gjelde alle. Ikkje minst er eg oppteken av barns fridom. Tenk for ei fridomsreform det ville vere om barn ikkje måtte stå i årelang kø for ein kulturskuleplass eller møte eit minimumsbibliotek med skrantne hyller!

Kanskje kan også Høgre og SV finne kvarandre i noko: I eit oppgjer med instrumentalisme i kulturpolitikken og eit forsvar for kunsten i seg sjølve. Eg og SV er opptekne av at støtteordningar kan organiserast annleis og mindre byråkratisk. Vi stør ein gjennomgang av Kulturrådets rolle.

Men då må fridomsbløffen erstattas med noko anna og mindre hult. La oss kalle det eit fridomsløft for kulturen, og la kunstnarane vere med å fylle det med innhald.

Eg synest denne debatten bør inn i Stortingssalen også. Eg har difor fremma ein interpellasjon der eg inviterer til debatt om kva slags kulturpolitiske grep som kan gje auka fridom for kunstnarar, kulturarbeidarar og publikum.

Kulturtrilogi: Over tre fredager skal Bård Vegar Solhjell skrive kronikk i Dagbladet om kulturpolitikk. Neste uke: NRK.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook