Frigjorte kvinner, paralyserte menn

Rekka av innlegg som synsar rundt tema kjønnsroller og seksualitet, bygga på personlege røynsler og samtalar med eit særdeles lite representativt utval heller en forsking, utvidast med dette med eit innlegg til.

Dette innlegget kjem utelukkande til å bygge på personlege røynsle og samtalar eg har hatt med vener av meg, av begge kjønn. For ordens skuld, eg er atten år og kan telle sexpartnarar på ei hand. Dei fleste av venane mine er politisk engasjerte (om ikkje alltid i noko særskilt parti), og dei fleste vil plassere seg ein eller annan plass på skalaen frå sosialdemokrat til kommunist. Eg har altså ikkje noko hald for å meine noko allmenngyldig om norske menn, eller menn på venstresida for den del. Det er heller ikkje det eg er ute etter.

Som sagt, dei fleste i min venekrets er, eller har vore politiske engasjert på venstresida. Mange, om ikkje dei fleste, definerer eller har på eit punkt definert seg som feministar, både gutar og jenter. Kampen for likestilling og frigjering, på den seksuelle og andre arenaer, har for fleirtalet av mine venar vore viktig. Ein plass kan det verke som om denne kampen har hatt ein utilsikta uheldig verknad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For, det kan verke som om det er ei vaksande gruppe av unge, seksuelt paralyserte menn. Dette er unge, omsorgsfulle menn som over kortare eller lengre tid har vore utsette for ein svært aggressiv feministisk retorikk: Dei har vorte fora opp med grove fakta om menns mange seksuelle overgrep mot kvinner, om voldtekt i parforhold, og fått inntrykk av at menn er ansvarlege for alt som er gale med kvinneleg seksualitet. Mange unge menn opplev at dei som seksuelle vesen vert redusert til overgriparar, og mange har i større eller mindre grad på grunn av dette blitt seksuelt paralyserte; ute av stand til å ta seksuelt initiativ, av di det kjennest som eit overgrep mot kvinna.

At menn vert opplyste og skolerte om det skeive makt- og ressursforholdet mellom menn og kvinner er svært viktig. At dei er medvitne om korleis menn gjennom historia har – ved at dei har hatt meir makt – hatt og brukt moglegheita til å presse til seg og ta for seg av kvinner, er viktig. Men når det kjem så langt at denne kollektive skuldkjensla sett enkeltindivid ut av stand til å fungere i seksuelle kontekstar, må vi spørje oss sjølv om vi er på rett veg.

Å kjempe for individet si seksuelle frigjering er viktig. Vi veit at det historisk sett er kvinner som i størst grad har vore utsette for seksuelle overgrep, og at kvinneleg seksualitet har vore offer for ein svært uheldig polarisering (den klassiske ideen om hore/madonna). Heldigvis verkar det som om den svært lange kampen for kvinneleg seksuell frigjering, i alle høve i Noreg og vesten, har ført fram; spesielt gjennom nittitalet, til dømes med seriar som «Sex og Singelliv» har kvinner fått fleire roller å spele i seksuelle kontekstar. Det er etterkvart blitt legitimt for kvinner å ta fleire roller i seksuelle samanhengar, alt etter kva som passar dei: Dei kan vere passive eller aktive, å ta for seg eller bli tatt, medan mange unge menn, i alle høve i min krets, har oppfatta at dei berre har fått færre; ein mann som er seksuelt passiv vert oppfatta som usikker og uattraktiv, ein mann som er seksuelt aggressiv blir fort oppfatta som overgriparar. Eg trur mange er frustrerte over det dei oppfattar som svært ulike og motstridande forventningar til dei som seksuelle vesen.

Den lange kampen for frigjering av kvinneleg seksualitet har òg ført til at ein i samfunnet har eit positiv syn på denne; det at kvinner tar ansvar for og utforskar eigen kropp og lystar, gjerne med leiketøy og forskjellege hjelpemiddel, blir sett på som ein positiv ting. Det vitnar om ein sterk, sjølvsikker kvinne. Om ein kvinne eig eit eller fleire sexleiketøy, treng ikkje dette tyde på at ho har vanskar med å «få seg noko» eller at ho ser på menn som objekt. Menn derimot har ikkje tatt del i denne utviklinga; menn som har og nyttar seksuelle hjelpemiddel vert framleis i stor grad sett på som taparar som ikkje får seg noko, eller eklingar som ser på kvinner som objekt. Medan kvinneleg seksualitet i stor grad er blitt friare frå skam, er det mi meining at det same ikkje har skjedd for den mannlege seksualiteten. Kanskje er det på tide å klatre opp på barrikadane igjen, for ein friare mannleg seksualitet.