Frivillig umorsom

Med Aschehougs hagefest som alibi gir Giertsen ut sin humor i bokform. Det burde han kanskje ikkje ha gjort. Dette er eit høgdepunkt i Giertsens bidrag til bokhausten hos William Nygaard - litt samantrengt:

«Jeg reiser en del til Thailand. Det har vært veldig hyggelige turer, men når jeg har kommet hjem, har jeg ofte måttet ta en del medisiner. Nå sist måtte jeg ta noen sånne stikkpiller. En ting jeg reagerte på, var at bakpå pilleesken stod det: «dyttes tre centimeter opp i endetarmen» og «oppbevares utilgjengelig for barn». Jeg kan ikke komme på et sted som er mer utilgjengelig for barn, enn tre centimeter opp i en endetarm... med mindre man er speiderleder...»

Beklagar

Deretter beklagar Giertsen at han kan virka ein tanke usmaklig, og påstår at det slett ikkje er meininga å vera pubertal og vulgær. Han har bare av og til sånt veldig behov for å kjenna lite grann på mannen i seg fordi han alltid har blitt tvunge til å vera ein følsom og mjuk gutt. Og så går det slag i slag ein halvtimes tid med runking og rumpe, kukk og kødd. Innimellom er det noen paradoksale kommentarar til overskrifter i Dagbladet og VG, pluss noen fiffige formuleringer om Ingeborg Sørensen og Trond-Viggo Torgersen og andre figurar i Thomas Giertsens univers.

Andre kan det more

Det er heilt greit for meg, og enkelte andre kan det sikkert more. Eg har også mora meg over Thomas Giertsen i hans rette medium, men eg er redd for at det blir vanskeligare heretter. Det er åpenbart at humoren hans ikkje toler å bli omplanta til ei slags bokform i TV-rute-format der taiminga og glimtet blir borte slik at vulgaritetane står nakne att. Det hjelper ikkje at trykksaken inneheld 25 kreative og søte foto av Thomas Giertsen før forestillinga - og tre etter. Eg kom ut av telling på kor mange det var innimellom.

Trykksaken er sett med Trade Gothic, Compact. Det er ein smakfull skrifttype som gir god leselighet. Papiret er Lessebo Linné 150 gram. Det er meget lekkert. Designen er ved Aina Griffin. Den er original. Det skal ho og Aschehoug ha.

Hagefest

I eit etterord skriv Thomas Giertsen og Eilif Skodvin at hovedgrunnen til at dei sa ja til å gje ut forestillinga «Thomas Giertsen tar pirattaxi, men er likevel levende...» i bokform, er at det var den lettaste måten for dei å bli invitert til Aschehougs hagefest på.

Det er heilt greit for meg at William Nygaard gjer seg til ei kvise på Thomas Giertsens rumpe, ei rumpe som for tida drit pengar med sine poengar. Men kunne han ikkje ha invitert dei til hagefest utan å kle av dei og sitt forleggeri? Eg trur det hadde vore best for alle partar.