Frp-byråd bit seg sjølv i halen

Oslo sitt kulturbyråd Anette Wiig Bryn har lagt fram ein bibliotekplan som kan setja folkeopplysningstanken sterkt tilbake. «Vi skal fortsette å låne ut filmer som opplyser folk. Kommersielle filmer underholdningsfilmer ønsker jeg ikke at vi skal drive med», seier ho i spalta Goddag i Magasinet 14 mai. Ergo vil Frp kjøpa inn filmar i bøttekottgenren», det vil seia filmar som dekkjer seg under at den knapt kan kommunisera med ein piasavakost og ei bøtte. Opplysningsfilmar er noko som høyrer heime i regimer me ikkje vil samanlikna oss og med. Film er underhaldningsindustri. Me har bøker som skal ta seg av opplysning. Derfor bit kulturbyrådet seg sjølv i halen med sine populistiske utspel. Det er som ein kan lura på om grunnen til at Frp vil ha kutt i utlandske aviser og filmar til bibiloteka er at dei er redde for at lånarane kan få inntrykk at det finns andre kulturar utanfor sitt eige intellektuelle navlelo. Eg trur ikkje den jamne lånar drøymer om at han berre skal ha valget mellom å låna dokumentarfilmar under genren: «Eit og anna sandkorn i Sahara» eller «Fyll og fant på Danskebåten - Drikkemønster og skadeverknader. På tide med alkokutt»? Sistnemnde tittel er vel kanskje i genren «underhaldning»? Men her er vel dei oppegåande «kulturelle tenkjehovuda» i Oslo Frp klare til å trekkja grensene?