JARL WÅGE: - Kvar einaste gong nokon går til åtak på og kritiserer den ytterste, politiske høgresida, det vere seg SD eller ikkje så ekstreme Frp, skjer det same. Foto: Privat
JARL WÅGE: - Kvar einaste gong nokon går til åtak på og kritiserer den ytterste, politiske høgresida, det vere seg SD eller ikkje så ekstreme Frp, skjer det same. Foto: PrivatVis mer

Frp sin ufordragelege nabo

Mange har prøvd å knekke Frp-koden, men ingen har klart det. Ingen har klart å knekke SD-koden heller.

Debattinnlegg

Valnatta til mandag 15. september blei Sverige tatt på senga og mista si uskuld. Ein merkeleg ting å seie, kanskje, om eit land som allereie på 1950 og 60-talet var herostratisk berøkta for Svenska Synden. Så la oss heller seie: Frårøva den politiske jomfrudomen sin.

Kjensla som jog gjennom det svenske folket dagen derpå, kan nok samanliknast med blåmandagen mange i Noreg hadde eitt år tidlegare, då Erna på ein verdig, og Siv på ein ikkje-verdig måte sa takk og farvel til Jens Stoltenberg som statsminister.

Dei politiske rystingane i den svenske andedammen, blei forårsaka av at Sverigedemokratane, SD, med sin leiar, Jimmie Åkesson, som ein gjøkunge hadde vakse seg større og sterkare år for år. Denne natta kunne dei endeleg sparke den eine motstandaren etter den andre ut av reiret og forrykke maktbalansen mellom blokkene. Endringar skjer ofte ved val, men det spesielle denne gongen, var at 12,9% søte brør hadde stemt fram eit parti med nazisympatiar, rasistiske utfall, framandhat og populisme som bakteppe. Så seint som veka før valet, såg leiinga seg nøydde til å sparke ut fleire medlem som hadde kome med rasistiske utspel på digitale media.

Etter kvart som SD har vakse seg tydelegare og større på andre sida av Kjølen, har partiet stadig blitt samanlikna med norske Frp. På veg mot maktas tindar avviste Siv Jensen kategorisk ein kvar likskap. Sidan dei kom i regjering i fjor, har det vore maktpåliggande for partiet å framstå som skinande uskuldsreine i høve til alt som måtte likne på høgrepopulisme. Men same kor hardt dei prøver, lukkast dei ikkje heilt. SD dukkar stadig opp i Frp-samanhengar som ein uinvitert, ufordrageleg, høgrøysta nabo som krev plass og stel merksemd.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Siv Jensen viser inntrengaren ei kald skulder og påstår at ho ikkje veit kven han er eller kva han står for. Det er ei bragd i seg sjølv at ein slugger som Jensen ikkje har prøvd å finne ut kven denne framfusande naboen er. Likevel hevdar ho at det er eit sjukdomsteikn at han har fått så stor oppslutning. Sånn sett er SD mykje rausare, for dei jubla då Frp kom til makta i Noreg.

Andre i Frp-familien er ikkje like avvisande til sin svenske nabo. Allereie eit par dagar etter valet meinte statssekretær for Jan Tore Sanner, Per-Willy Amundsen, at det var på tide å ta SD inn i varmen. Carl, sjuande far i hagen, ser klare parallellar mellom seg og Åkesson frå den tida han sjølv var ein politisk persona non grata. Motstandarar ville ikkje ta i han med eldtang. Folk mobba, vende ryggen til eller kasta egg og edder mot han når han talte på gater og torg.

Etter-eit-val-tid er høgsesong for politiske analyser. Så også denne gongen. Alle forståsegpåarar, frå det ytterste venstre til langt ut på høgresida, er rørande samstemde: «Ein må ha brei front mot denne forureininga av det politiske landskapet,» seier dei. «Vi må respektere veljarane deira og ta dei på alvor,» seier dei. Ei spagatøving så krevjande at dei som måtte prøve seg, vil bruke lang tid på å løfte sine edlare delar opp frå bakkenivå att.

Kvar einaste gong nokon går til åtak på og kritiserer den ytterste, politiske høgresida, det vere seg SD eller ikkje så ekstreme Frp, skjer det same. Fyrst dukkar nett-trolla og hatarane opp. Dei som veit mest og forstår minst, ausar ut fordummande fordommar, hatefull sjikane og verbale kilevinkar. Obskure grupper som «Korsfarer» vartar opp med lister med namn på personar som seier dei imot. Desse skrikhalsane overdøyver resten av veljarane til dei to partia. 12,9 prosent av det svenske og 16,7 prosent av det norske folket er verken nett-troll eller rasistar. Dei har derimot funne parti som klarer å lese tidsånda og snu kappa etter vinden betre enn sine meir etablerte motstandarar.

Mange menneske er oppriktig redde for aukande innvandring. Dei er skræmde av mørk hud, framande språk, underlege klesdrakter, ukjende religionar, moskear i nabolaget og truslar om terror. Både Frp og SD har tatt denne framandfrykta på alvor, men også nørt oppunder den og halde den ved like fordi dei veit at det gjev oppslutning. Men det er naivt å tru at det berre er innvandringspolitikken som skaffar dei stemmer. Begge partia er gode og tydelege på eldrepolitikk. Dei snakkar så folk forstår dei og framstår som sjelefrendar når det tradisjonelle, politiske maktapparatet brutalt og arrogant harvar over dei.

Den andre reaksjonen når the establishment i sterke ordelag attakkerer dei politiske idola til ganske mange veljarar, er difor at dei blir provoserte, forbanna, leie seg, føler seg trakka på og idiotforklara. Dermed slår dei enda sterkare ring rundt dei ideologiske leiarane sine i ein kamp dei føler står mellom ein nedlatande elite og dei sjølve; røkla.

Mange har prøvd å knekke Frp-koden, men ingen har klart det. Mest kjent er «Frp sin viktigaste stemmesankar», AP-veteran Martin Kolberg sitt ubehjelpelege og tafatte forsøk. Ingen har klart å knekke SD-koden heller. Men ein ting er sikkert; dei vil vere ein maktfaktor i svensk politikk i mange år. Eg tør påspå at om ikkje lenge, når den ufordragelege naboen har funne ein janthomas som kan style han mindre rufsete, meir moderat og ikkje så skarp i kantane, vil Moderaterna invitere han til samarbeid og koalisjon for å ta makta tilbake i Sverige.

Det same skjedde i Noreg. Då Frp fekk skeina opp fasaden og feia populisme og andre uhumskheiter under teppe og inn i mørke krokar, åpna Erna dørene på vidt gap for dei og anstendigfiserte dei. No er det ikkje gjort over natta å omforme «a fallen madonna into a lady» for dei finaste salongar. Difor ser det ut som om slagsystrene Erna og Siv har ein stillteiande overeinskomst om at Frp skal få lov å sleppe ut litt luft, same kor illeluktande, når det hopar seg opp og røyner på. Siv ligg lågt og nektar å årsake når framståande partimedlem tastaturerer sjikanøse påstandar om muslimar, romfolk eller politiske motstandarar på sosiale media. Erna og hennar undersåttar sit dørgande stille, held seg for nasa, ser ein annan veg og håper at det snart går over. Den moderatoren som om nokre år trykker svenske SD til sin barm, vil nok måtte belage seg på enda kraftigare og meir illeluktande utslepp. Men dei får lære av sine blåblå naboar at ein kan sleppe ut og sleppe unna med mykje. Det er makta som rår.