Frp-skapt klimaskepsis

KLIMA: Ove A. Vanebo, 1. nestformann i FpU, er ikkje vidare nøgd med den omfattande pressedekninga som er blitt IPCCs klimarapport til del. I Dagbladet 06.02 skuldar han såleis media for å overdrive alvoret i situasjonen. Ifølgje Vanebo er det «flere ting som tyder på at verdens klima ikke blir så ille som tidligere antatt». Mellom anna skriv han at FNs klimapanel i 2001 meinte at havnivået ville stige med «opptil rundt 90 centimeter i løpet av hundreåret», noko som får årets tilsynelatande dystre rapport, med si estimerte stigning på 18-59 cm, til å sjå ut som ei slags gladmelding. Diverre desinformerer Vanebo. IPCC kom med eit langt meir usikkert overslag for seks år sidan, og opererte då med eit intervall på mellom 9 og 88 cm.

AT KLIMAPANELET har fått større kunnskapar slik at dei kan gjere meir presise framskrivingar, kan sjølvsagt ikkje takast til inntekt for at klimatrugsmålet er blitt mindre. Tvert imot meiner panelet sjølv at den enorme dimensjonen av problemet trer tydelegare fram etter kvart som kunnskapsnivået aukar. Medan ein i den førre rapporten konkluderte med at det var «truleg» (dvs. 67-90 prosent sikkert) at den globale oppvarminga er menneskeskapt, meiner ein no at det er «særs truleg» (dvs. meir enn 90 prosent sikkert).

NÅR VANEBO uelegant hopper bukk over dette leddet, og syner til at «det er mellom 50 og 66 prosent sannsynlighet» for at menneskeskapte klimaendringar «forårsaker ekstremt vær», er dette i seg sjølv misvisande. Betre blir det heller ikkje av at prosentsatsen han oppgjev, er gal. Ifølgje IPCC er den globale oppvarminga «truleg» skuld i dei mest ekstreme vêrfenomena. Etter deira sjølvdefinerte terminologi tilseier altså dette at sannsynet er i storleiksorden 67-90 prosent. No bør det ikkje overraske nokon at «lystskeptikarane» i Frp og FpU fortregjer innhaldet i stadig meir presise og samstemde klimarapportar, og det får i grunnen vere opp til partiet sjølv å finne ut når det er moge nok til å konfrontere røyndommen.

PRESSA HAR DERIMOT eit objektivt ansvar for å fortelje kva som verkeleg hender, og sjølv om dei framleis har ein lei tendens til å overdrive motsetnadene i eit så godt som samrøysta forskarkorps, er det grunn til å glede seg over at ein omsider ser ut til å ta klimaendringane på alvor. Vonleg klarer ikkje Frp å snu denne positive trenden.