<cutline_leadin>STRUTSER:</cutline_leadin> <ep>Medan Siv Jensen (bildet) lid av hukommelsestap, viser Solvik-Olsen i desse dagar at han finn det meir komfortabelt å gøyme seg bort enn å svare på kritikken om InterCity og forseinka jernbaneutbygging, skriver artikkelforfatteren. </ep>Foto: Hans Arne Vedlog
STRUTSER: Medan Siv Jensen (bildet) lid av hukommelsestap, viser Solvik-Olsen i desse dagar at han finn det meir komfortabelt å gøyme seg bort enn å svare på kritikken om InterCity og forseinka jernbaneutbygging, skriver artikkelforfatteren. Foto: Hans Arne VedlogVis mer

Fremskrittspartiet:

Frp-veljarar som trudde at partiet i regjering skulle gå i krigen for folk flest må kjenne seg skuffa

Vêrhanen som vart struts.

Meninger

Roy Steffensen frå Frp skriv i Dagbladet 20. februar om politikarar med ryggrad som tåler å stå i stormen. Underforstått skal lesaren få eit inntrykk av at det berre gjeld han sjølv og hans parti.

Steffensen nyttar omgrepet «vêrhane» som ein negativ karakteristikk på Arbeidarpartiet. Det er ei krevjande retorisk øving frå ein som representerer eit parti tufta på nettopp ei rolle som politisk vêrhane, utan å måtte uroe seg for å ta ansvar for noko som helst.

Ikkje konsekvensar av politikk, ikkje økonomistyring og budsjett, gjennom 40 år med opportunisme og populistiske forslag i alle retningar.

No ser vi eit heilt anna og nytt Frp, ein vêrhane som minnar meir og meir om ein struts. Dei gamle fanesakene er gløymde: Bompengar, Mulla Krekar og NRK-lisens.

Det var enkelt å snu kappa etter vinden og krevje enkle løysingar i opposisjon, men det viste seg å vere meir krevjande å leve opp til retorikken når ein sit i regjering og må ta ansvar sjølv.

Partiet stikk no hovudet i sanden så snart kritikken kjem. I følgje Steffensen er idealpolitikaren ein som «står i stormen.» Då er det underleg at partiet sine statsrådar gjer det heilt motsette.

Medan Siv Jensen lid av hukommelsestap, viser Solvik-Olsen i desse dagar at han finn det meir komfortabelt å gøyme seg bort enn å svare på kritikken om InterCity og forseinka jernbaneutbygging.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var nok mange Frp-veljarar som hadde ei forventing om at partiet i regjering skulle gå i krigen for folk flest. Dei må kjenne seg skuffa over at partiet har gått vekk frå det gamle slagordet sitt.

For politikken som blir ført er i staden for dei få - og for dei rikaste. Store skattekutt, usosiale avgifter, og svekking av arbeidsmiljølova som gjer kvardagen meir utrygg for vanlege folk på jobb.

Eg skjønar at Frp helst ikkje vil snakke om dette, for det må vere pinleg etter valkamp på valkamp med fagre lovnadar.

Komedien blir komplett når Steffensen mot slutten av sin altfor lange kronikk om Arbeidarpartiet åtvarar mot politikarforakt og går til angrep på andre for å snakke for mykje om motstandarar og eigen politikk.

Men kanskje er det vanskeleg å sjå bjelken i sitt eige auge når hovudet er nedgrave i sanden.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook