MUSESTILLE: Siv Jensen og resten av leiinga i Frp er definitivt ikkje i turnus. Dei sit musestille så folk flest ikkje skal oppdage at dette ikkje nødvendigvis er ei regjering for dei. Som til dømes når det blir påpeikt at vi akkurat no har Noregs-rekord i høge bensinprisar, skriv artikkelforfatteren. Foto: Christian Roth Christensen
MUSESTILLE: Siv Jensen og resten av leiinga i Frp er definitivt ikkje i turnus. Dei sit musestille så folk flest ikkje skal oppdage at dette ikkje nødvendigvis er ei regjering for dei. Som til dømes når det blir påpeikt at vi akkurat no har Noregs-rekord i høge bensinprisar, skriv artikkelforfatteren. Foto: Christian Roth ChristensenVis mer

Frp og NRK:

Frp’s avleiingsmanøver

Framgangsmåten er såre enkel: Blås opp eit ikkje-eksisterande problem. Sei ordet innvandring. Legg til islam. Få NRK med på laget. Provoser. Dermed er alle sorger sløkt. For ei stund.

Meninger

Streiken i NRK er over, og mange hjarte gleder seg. Farvel reklamepausar og uendelege avbrot med likegyldig og inkjevetta musikk. Velkommen til timelange radioprogram der folk kan diskutere, resonnere og trekkje konklusjonar. Som til dømes Dagsnytt Atten.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Dette aktualitetsprogrammet er ein favoritt blant mange av oss som tilbringer mykje tid på Twitter. Når det kjem på lufta sit vi klare til å la tastaturet gå varmt med meir eller mindre slåande argument og kommentarar.

Difor var forventingane høge då Dagsnytt Atten blei kjørt i gong igjen sist torsdag. Etter eit så langt avbrekk måtte det vere kø av aktuelle saker. Stor var difor undringa då fyrste sak ut var ei ikkje-sak.

Frp sin skulepolitiske talsperson på Stortinget, Åshild Bruun-Gundersen, hadde funne ut at Ramadan og faste var ei sak ho kunne få merksemd på. Ho fortalte det norske folk at det er uakseptabelt at skulebarn går utan mat i 18-19 timar i fastetida. At det er nærmast er omsorgsvikt.

Då programleiaren spurde om ho visste om slike tilfelle, var svaret nei. Men ho hadde høyrt at skuleborn hadde besvimt på svenske skular.

Eit problem som ikkje er eit problem, altså. Som bønnerop frå moskèar. Men menigheita kjøper bodskapen. Frå den innerste avkrok til det ytterste skjær ular dei ulv-ulv utan å ha sett ein einaste ein. Enda et ledd i snikislamiseringa vi blir utsatt for, kommenterte ein og la ut om bønnerom på skular (noko som ikkje eksisterer), delt svømmeundervising (berre om det er av praktiske grunnar), gruppevaldtekter (som vi heldigvis stort sett har vore forskåna for her til lands).

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er som om enkelte ventar å sjå snikislamiseringsskrømt rundt kvar ein sving. Kjenner dei det rykke i faste-genet? Har dei lyst å brått bryte ut i bønnerop? Har dei ein ubendig trong til å gå med hijab?

Carl I. Hagen snakka forakteleg om ARK. I Dagsnytt Atten på torsdag var NRK mikrofonstativ for fleire Frp-arar som eigentleg ikkje hadde noko å melde. Nestemann ut var Jon Helgheim, innvandringspolitisk talsmann. Ein på Twitter lurte på kvar Frp finn alle desse talspersonane. Har de kanskje et eget oppdrettsanlegg? spurte han. Denne gongen hadde Helgheim påtatt seg rolla som likestillingstalsmann. Og plutseleg framstod han som 136 år gammal i staden for 36.

Han hadde nemleg skrive på Facebook at det er biologiske skilnader som gjer at kvinner vil jobbe mindre enn menn og at fedrekvoter og kjønnskvotering er unødvendig tøv. Eit utsagn som til og med fekk høgrekvinner til å ta på seg rødstrømper. I løpet av dagen var han innom fleire radioprogram og prøvde å pynte på det opprinnelege inntrykket utan at det blei særleg betre av den grunn.

Politisk kvarter som går kvar morgon, er eit anna populært program for folk som likar debatt. Fredag morgon burde kunne by på spennande diskusjonar som hadde hopa seg opp under streiken. Men den gong ei. Programleiar Astrid Randen kunne fortelje på Twitter at verken Høgre eller Frp ville møte Audun Lysbakken eller Pensjonistforbundet for å diskutere trygdeoppgjeret. Ikkje så rart det, sidan pensjonistar flest får mindre å leve av for fjerde år på rad med Siv Jensen som finansminister. Dei takka òg nei til debatt om andre problematiske tema.

Men Jon Helgheim stilte. Igjen. No tilbake i rolla som innvandringspolitisk talsmann. «Vi må slutte å dele ut norsk statsborgerskap som om det er sukkertøy», var påstanden hans denne gongen. Og blei ettertrykkeleg parkert av motdebattant Sandra Bruflot frå Unge Høgre. Ho minte han på at Frp faktisk er i regjering og derfor ansvarleg for kven som får statsborgarskap. Det er til og med ministrar frå hans eige parti som har vore med å utforme reglane.

Ein annan twitrar lurte på om Frp har ei turnusordning der det går på omgang blant politikarar å komme med rabiate utspel når dei treng å ta merksemda vekk frå ikkje-så-smigrande politiske saker. I så fall meinte han at Helgheim hadde turnus som lynavleiar sist veke.

Leiinga i partiet er definitivt ikkje i turnus. Dei sit musestille så folk flest ikkje skal oppdage at dette ikkje nødvendigvis er ei regjering for dei. Som til dømes når det blir påpeikt at vi akkurat no har Noregs-rekord i høge bensinprisar.

Eller at regjeringa vil innskrenke og redusere fri rettshjelp-tilbodet. Eit skammeleg og småleg forslag som gjer at mange av dei som verkeleg har bruk for slik hjelp, ikkje lenger vil ha tilgong til det. Blant andre unge uføre som har ein stønad på 247 000 kroner i året. Inntektsgrensa for å få fri rettshjelp er på 246 000 kroner. Eller at dei som yndar å kalle seg eit «arbeidarparti» kan vere med å rasere 700 jobbar i Color Line

Framgangsmåten til Frp er såre enkel: Blås opp eit ikkje-eksisterande problem. Sei ordet innvandring. Legg til islam. Få NRK med på laget. Provoser. Dermed er alle sorger sløkt. For ei stund.

Kven som har turnus neste gong Frp treng våpengny for å dekkje over ei dårleg sak, er ikkje godt å seie. Men no som NRK-streiken er over, dukkar det kanskje opp ein ny episode av «Sylvi Listhaug hjelper deg der du er ved hjelp av NRK» der ho dukkar opp i ein tilfeldig valt kommune med Ap-ordførar for å pushe skulemåltid på muslimske barn som kanskje kan komme til å svime av på grunn av faste.