Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Frykt og realiteter

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

TIGGING: Byrådsleiar Erling Lae svarte nyleg på eit knippe debattinnlegg om tigging, skrivne av Lied/Skilbrei (29/9), Sætre (30/9) og Stålsett (2/10). Dette er innlegg han skildrar som virkelighetsfjerne ytringar frå elfenbeinstårnet.Når ein skal skildre utviklingstendensar og historielinjer i eit samfunn, er det ikkje alltid ein kan fortelje historia om bestemor og taxikunden. Det betyr ikkje at bestemor og taxikunden ikkje er viktige. Det er viktig at menneska i byen vår kjenner seg trygge. Men det er ofte slik at kjensla av tryggleik på den eine sida, og den faktiske graden av tryggleik i eit samfunn ikkje nødvendigvis treng å samvariere. I flaumen av krigsoverskrifter om blind vald og fryktelegheiter som rammar nokre enkeltmenneske, kan det vere lett å gløyme at Oslo og Noreg ligg svært lågt når det gjeld kriminalitetsrate og voldsrate i høve til storbyar i andre land. Dette hindrar ikkje at mange er redde her i byen. Frykt får grobotn i mangel på kunnskap om eit fenomen eller ei gruppe menneske.

DET ER LETT å bruke enkeltmenneske si kjensle av utryggleik når ein skal argumentere for rekriminalisering. For det er rekriminalisering å gjeninnføre eit forbod mot tigging, sjølv om det «kun» er i politivedtektene, og det «kun» er forbod mot skjønnsbegrepet «plagsom tigging». For tiggarar er dette ekte nok. Fengselsstraff er ikkje nevnt som straffereaksjon i forslaget til nye vedtekter, sant nok. Men fengsling er ein straffereaksjon som kjem til dei som ikkje har økonomi til å betale bøter.Ifølge Høgre sine nettsider kan ein, ifølge Høgre sjølve, koke deira sosialpolitikk ned til ordtaket «Min venn er ikke den som gir meg en fisk, men den som lærer meg å fiske - det er min venn». Gjennom straffing av plagsom tigging skal ein gje tiggaren sjølvrespekt. Gjennom bøter og i praksis ofte fengselsstraff skal han bli sterkare, fordi samfunnet stiller krav til han. Er det nødvendig å skilje plagsom tigging frå annan plagsom atferd i straffeloven?

LAE HEVDER at debattantane må kome seg ned på gata og sjå på realitetane for enkeltmenneska på gata. Då ville det etter mitt syn vere viktig å snakke med dei enkeltmenneska som vil kjenne dei nye politivedtektene på kroppen. Det er tiggarane, ikkje bestemor og taxikundane. Skal ein la nokre grupper si kjensle av utryggleik bestemme kvardagen til menneske i ein vanskeleg og marginalisert situasjon, eller skal ein ta den reelle utryggleiken i betrakting?

Hele Norges coronakart