Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Gå i gravferd med Askelund!

Dikta spelar på lag med språket og får språket til å spela.

BOK: For ti år sidan gav Askelund ut ein lyrisk roman kalla «På intensiven». Det var ei inderleg skildring av sjukdom og død, men òg ein dempa og realistisk rapport. Skriven slik at det gjorde vondt for lesaren. «Bare tanken på døden endrar livet,» stod det. «Gravferd» er inga vanleg diktsamling. Det er ein annans død nå, men samanhengen mellom bøkene er openbar: avsløringa av felles menneskelege reaksjonar, og eit språk som tek vare på ein naudsynt distanse. Me er ein del av forsamlinga. Her er skrått blikk på prestens trøystande løgner og auga for det absurde, men òg nøktern poesi og aksepterande varme. Askelund har med desse bøkene funne ein tone som er heilt hans eigen. Desse skifta der han kjem nært innpå, for så å trekkja seg attende, er karakteristiske. Det heile ser veldig enkelt ut. Det kjem av at han spelar på lag med språket på ein måte som får språket til å spela. Enkle uttrykk gjev frå seg mange tydingar. Ved å dela linja får han fram ekstra meiningar: «Framtida er av og til» er første linja i eit dikt (s. 55) og ei anna linje er: «I dag vil eg hugsa å vera lenge» . Det skal eit vake auga til å sjå dette, når diktaren gøymer linjene i «vanlege» setningar. Nokre få tekstar går meg hus forbi og har ikkje dette potensialet.

Boka er bygd opp kring ålmenne føresegner om gravferder sitert frå Gudstenestebok for Den norske kyrkja. Dei vekslar med tankar og talar av etterlatne, med glimt frå livet til den døde. Her er omskrivingar av salmar og innsiktsfulle ord om dette store området som orda ikkje grip. Boka kan gjera neste gravferd annleis for oss. Det vert tydelegare at gravferdene også handlar om vår eigen død. «Vi har ein fjord igjen. / Og så er vi der.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media