Gammalt piss på ny flaske

Når USA no går til krig mot Irak er både retorikken og maktbruken velkjend, skriv Johannes Nymark.

«STADIG VANSTELL eller mangel på orden i kva land det måtte vera, tvingar dei siviliserte statar til å intervenera... og på den vestlege halvkula vil det at USA vedkjenner seg Monroe-doktrinen kunne tvinga landet til, kor lite vi enn vil det, i klare tilfelle av slikt vanstell eller uorden å utøva ei internasjonal politimakt.»

Slik uttrykte USAs president Theodore Roosevelt seg då han i 1904 presenterte det såkalla Roosevelt-tillegget til Monroe-doktrinen, 6 år etter at den spansk-amerikanske krigen var ført fram til siger og hadde gjort nasjonen USA medviten om at landet var ei stormakt, og berre 3 år etter at USA gjennom Platt Amendment hadde oppretta flåtebasar på Cuba og tiltatt seg retten til å «intervenera på øya, så snart det skulle vera fare for liv, eigedom eller individets fridom, eller viss den kubanske uavhengigheita skulle bli truga.» I 1903 hadde USA ut frå strategiske grunnar i høgste grad vore innblanda då Panama skilde lag med Colombia og erklærte seg som eigen stat, nett der Panama-kanalen skulle forkorta kommunikasjonane mellom Stillehavet og Atlanterhavet.

USAs INTERVENSJONAR var ikkje av ny dato, men for snart 100 år sidan blei dei ein proklamert del av landets utanrikspolitikk og skulle i dei første tiåra etterpå spesielt bli røyndom i Latin-Amerika, som landet alt hadde vent seg til å omtala som sin eigen bakgard. I 1849 hadde journalisten O,Sullivan nytta termen «Manifest Destiny» om korleis han såg på USAs rolle sørover på det amerikanske kontinentet, og dét var året etter at USA i krig med Mexico hadde rive til seg halvparten av det som til då hadde vore Mexico. I 1855-57 utpeikte William Walker seg sjølv til president i det sentrale Mellom-Amerika, som representant for politiske og økonomiske interesser i USA. Fram til den nordamerikanske borgarkrigen (1861-65) var det dei nærmaste naboane i Latin-Amerika som låg mest utsett til for USAs ekspansjonisme i land der agrarsamfunn var det normale.

Det tok ikkje lang tid frå den industribaserte økonomien slo gjennom etter borgarkrigen til Kongressen i USA i 1888 tok initiativet til ein panamerikansk union, eit første forsøk på ein amerikansk fellesmarknad. Sidan 1948 har OAS (Organisasjonen av Amerikanske Statar) verka, ein panamerikansk union med sterke politiske tilsnitt.

I PERIODEN 1914-34 var det «den store stokken» som gjaldt - direkte militære aksjonar med innsetting av lydige presidentar, gjerne militære med alt anna enn demokratisk sinnelag. Slagordet var ordtaket «Tal stillferdig og gå med ein stor stokk», som blei utgangspunktet for det ein seinare gjerne har omtalt som kanonbåtdiplomati og dollarimperialisme.

«He may be a son of a bitch, but he,s our son of a bitch», sa Franklin Delano Roosevelt på 1930-talet om Anastasio Somoza, som USA forfremma frå sjef for sivilgarden til president i Nicaragua. Same Roosevelt proklamerte i 1934 den såkalla gode nabo-politikken andsynes Latin-Amerika, i ein periode med krise i dei internasjonale økonomiske relasjonane.

Den 2. verdskrigen markerte eit vendepunkt i den forstand at USAs fangarmar gjorde seg sterkt gjeldande også på andre kontinent enn det amerikanske. Atombombene som blei sleppte over Hiroshima og Nagasaki i august 1945 utgjorde det triste startskotet for dette engasjementet, som etter krigen manifesterte seg i utstasjonering av militære troppar i fleire land i Asia og Europa. I Korea-krigen (1950-53) nyttar USA seg av FN for å rettferdiggjera si støtte til Seoul-regjeringa i sør, og i 1953 står USA gjennom etterretningsorganisasjonen CIA bak kuppet mot den nasjonalistiske statsministeren i Iran, Muhammed Musaddiq.

INVASJONEN I Guatemala i 1954 markerte at USA var vendt tilbake til «den store stokken» i Latin-Amerika. Retorikken USA nytta var at ein kjempa for demokratiet, men i tilfellet Guatemala var det nettopp eit demokratisk regime som blei styrta då den USA-støtta militære Carlos Castillo Armas erstatta Jacobo Arbenz i presidentstolen. Ved dette høvet nytta USA den regionalt amerikanske OAS på same måten som dei etter kvart skulle nytta FN i verdssamfunnet.

Etter initiativ frå USA kom OAS med ein resolusjon om at Arbenz, som hadde kjempa fram ei jordreform som truga United Fruit sine interesser, utgjorde «ein kommunistisk fare i Guatemala og i heile den vestlege verda». USA hadde aktivt støtta hæren av mellomamerikanarar som foretok invasjonen i juli 1954. Resultatet blei USA-lojale, totalitære regime som i fleire tiår etterpå undertrykte folket i Guatemala på det mest brutale. Frå og med Guatemala-invasjonen manipulerte USA systematisk presse og opinion gjennom Psychological Strategy Board.

AT USA, TRASS I retorikken om demokrati, støtta brutale regime i Guatemala, var ikkje tilfeldig, snarare resultatet av ein systematisk strategi, den såkalla Truman-doktrinen frå 1947. I ein tale til Kongressen det året erklærte Harry Truman at «den internasjonale kommunismen» var den største fienden for demokratiet, no når fascismen var blitt nedkjempa, og dette blei starten på den nasjonale tryggleiksdoktrinen, som blei tonegivande for USAs utanrikspolitikk fram til Sovjestunionen og austblokka gjekk i oppløysing i 1989/90. Alle konfliktar rundt om i verda, nasjonale så vel som internasjonale, blei sette inn i ei aust/vest-ramme, og etter denne doktrinen sto den viktige kampen mellom «den frie og kristne vestlege sivilisasjonen» versus «dei kommunistiske diktatura i aust». Det heile blei marknadsført som «det godes kamp mot det vonde». I det heile er det svært mykje av retorikken vi kjenner att hjå Bush jr. i dag. Byttar vi ut termen «kommunist» med «terrorist», er også fiendebiletet oppdatert.

«Den indre fienden» blei eit prioritert mål for dei militære i Latin-Amerika og Dei væpna styrkane blei trente opp til å bli «gode patriotar», det vil seia lojale til det etablerte samfunnet, i kamp mot «kommunistane», ein term som blei nytta om alle som opponerte mot det etablerte samfunnet: frå sosiale grupper, menneskerettsorganisasjonar, frigjeringsteologar, kritiske studentar og intellektuelle til fagrørsle, politiske grupper frå sentrum og utover til venstre, og geriljagrupper. «Den som ikkje er med oss, er mot oss», var rettesnora for den jakta dei militære i Latin-Amerika sette i gang spesielt på 1970-talet, diktaturas tiår i området.

I DET SEINASTE tiåret er det blitt avslørt stadig fleire fakta og detaljar om Kondor-operasjonen, det makabre systematiske samarbeidet mellom diktatur i Sør-Amerika. Frigjevne dokument frå FBI syner at Henry Kissinger var sentral i å utpønska planen og Augusto Pinochet i Chile like sentral når det gjaldt gjennomføringa.

School of the Americas i Panama-kanalsona hadde på 1960- og 1970-talet ei viktig rolle i utdanninga av offiserar som fekk opptrening i fysisk og psykisk tortur, i tillegg til statsvitskap, sosiologi, psykologi, jus, økonomi, kultur og andre emne som skulle setta dei i stand til å styra landa etter kupp. Skolen gjekk under kallenamna «kuppskolen» og «torturskolen», og reklamerte freidig med at den hadde utdanna 10 latinamerikanske presidentar. Ikkje eit ord om at dei var komne til makta ved hjelp av kupp!

Ein av dei beste elevane ved «kuppskolen» var Manuel Noriega frå Panama, som blei verva av CIA og hadde opp mot 185.000 US-dollar i årsløn, så lenge han var USAs «son of a bitch». Noriega kan på mange måtar jamførast med både bin Laden og Saddam Hussein.

Så lenge han var nyttig for USA, såg oppdragsgivarane gjennom fingrane med at han dreiv med narkotikahandel. Og då han fall i unåde, fekk det fatale følgjer for folket i Panama By, der mellom 500 og 6000 sivile måtte bøta med livet då USA gjekk til åtak med fallskjermsoldatar, marineinfanteristar, AC-130 jagarfly og supersoniske Stealth-bombefly i desember 1989.

Som ein skjønar: I retorikk og maktmidlar er det gammalt piss på ny og større flaske når USA, som einaste attverande supermakt, no går til krig mot Irak.