RIRI IGJEN: Carl I. Hagen på nominasjonsmøtet til Oslo Frp på partikontoret til FrP i Oslo mandag kveld. Hagen ble valgt til fjerdeplass på Oslo-lista foran stortingsvalget neste år. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
RIRI IGJEN: Carl I. Hagen på nominasjonsmøtet til Oslo Frp på partikontoret til FrP i Oslo mandag kveld. Hagen ble valgt til fjerdeplass på Oslo-lista foran stortingsvalget neste år. Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVis mer

Gammel gubbe rir igjen

Det er noko svartedaudsk «et, drikk og ver glad for i morgon er du daud» over Hagen si tilnærming til klimautfordringane.

Meninger

Han er gjenoppstanden. Litt, i alle fall. Allereie i 2006 gjekk han av. Ville gradvis trekkje seg attende og sleppe yngre krefter til. Men aldri såg vi meir motviljug tilbaketrekkjing. Carl, sjuande far i Framstegs-Hagen har hengt i hornet som ein foruretta, såra og vonbroten aldrande gubbe som langt i frå har vore nøgd med utviklinga i partiet han ein gong «eigde».

Men så fekk han ferten av sagmugg og nyval og bestemte seg for å ri igjen. Han vil på Stortinget i ei ny periode. Fyrste steg var å bli nominert. På fjerdeplass på Oslo-lista. Det gjekk greit. Han klarte å utmanøvrere Aina-ikkje-eit-utanlandsk-flagg-i-norske-17.maitog-Stenersen som var tiltenkt denne plassen, og vips var han tilbake i sirkusmanesjen. Mindre gretten og skikkeleg kampklar.

Denne gongen skal han ikkje spre seg over heile det politiske sakskartet. Han er trass alt ingen ungsau lenger. Men han skal i alle fall jobbe for slike som meg. Då siktar eg ikkje til soparar. Dei interesserer han midt i ryggen. Nei det er oss seniorar han vil sloss for. Eg merkar eg skjelv innvendig når Carl Ivar vil sloss for meg. Som om eg har bede han om det! Kva han vil gjere for oss, veit eg ikkje. Han var veldig misnøgd med sin eigen pensjon (det óg) for ei tid sidan. Kanskje han vil skaffe oss høgare pensjon? Eller gratis rullator til dei som treng det? Kanskje kjøpe ny, dyr tomt til sjukeheim i Spania med spanske tilsette som kan snakke norsk? Eller fjerne bompengane? Nei, hysj no!

Han vil satse krefter på innvandring. Det vil seie; nullinnvandring. Dette er eit favorittområde. Carl Ivar er sjølve framandfrykta sin far i Noreg, han som gav innvandringsmotstanden eit ansikt. No blir det ikkje like lett for han å markere seg på dette feltet. Sidan partiet hans kom i regjering, har dei nemleg fått ein utkastings- og ekskluderingsminister som går han ein høg gong. Ikkje nok med det. Ministeren har ein fjesbokredaktør med mastergrad i kynisme som stadig skaffar henne fyrstesideoppslag med halsbrekkande utspel.

At vi for tida har Europas strengaste innvandringspolitikk er elles ikkje godt nytt for Framstegspartiet og Hagen. Vi veit at det er i tider med heftig innvandring at Frp blir store i meiningsmålingane. Då kan dei drive effektiv skremslepropaganda om at no er snart heile den tredje verda på veg hit, at muslimane snart er i fleirtal og flette inn ord som sharia, snikislamisering, terroristar og fanden og hans oldemor.

Resten av politikken til partiet er ikkje sexy nok til å auke oppslutninga, viser det seg igjen og igjen. Skattelette til rikingar flest og dårlegare kår for fattige flest får ikkje folk flest til å ta bylgja av begeistring. At Krekar framleis er midt i blant oss, at det har blitt enda meir bompengar og at byråkratiet veks, er vel heller ikkje vinnarlodd. Så Carl Ivar bør håpe på og be om ei ny flyktningebylgje til Europa og våre breiddegrader om han skal ha sjanse til å skaffe seg ein plass på Tinget.

Men senioren har enda eit trump-kort i ermet. Som sitt nyvalde president-idol på andre sida av dammen, slår Carl Ivar kategorisk fast at klimaendringane vi opplever for tida, slett ikkje er menneskeskapte. Han skal ganske enkelt få slutt på klimahysteriet. Intet mindre. Dette grunngjev han med at temperaturen var to grader høgare i vikingetida, og då fanst det ikkje store forureinarar. Det siste har han sjølvsagt rett i.

Korleis Hagen veit at temperaturen var to grader høgare i Vikingetida, kan ein undre seg over. Vel er han gamal, men ikkje ein gong han levde den gongen vikingane drog på erobringstokt. Kanskje baserer han kunnskapen sin på forskning? I så fall er det underleg rart. Carl I. Hagen avviser stadig forskningsresultat som forbanna tøv. Når tusenvis av klimaforskarar verda over gong på gong slår fast at klimaendringane er menneskeskapte, avfeier Hagen det som konspirasjonsteoriar og sosialistpropaganda frå venstreradikale festbremser.

Det er noko svartedaudsk «et, drikk og ver glad for i morgon er du daud» over Hagen si tilnærming til klimautfordringane. Miljøvern, som bilbelte og sykkelhjelm, er for pyser og pingler.

Kanskje det rett og slett er antiklimatiltakpolitikken til Carl I. Hagen som er sjølvaste seniorpolitikken hans? Vi gamle gubbar, som trass alt var med og bygde landet, skal pinadø ha noko att for innsatsen. Kanskje vil han at seniortida skal vere ein einaste lang orgie med fri flyt av alt som gjev augneblikkelg nyting medan vi, stadig meir gubbete, rir inn i solnedgongen for til slutt å setje himlar og hav i brann.

Det er berre ein hake ved denne tankegongen. Tenk om vi let Hagen leide oss gjennom klimaskoddeeimen og det så viser seg at han tar feil og at tusenvis av klimaforskarar har rett? Kva då med mine barnebarn? Kva med Carl Ivar sine barnebarn? Kva med alle andre sine barnebarn? Det maktar i alle fall ikkje denne senioren å ta sjansen på. Difor har eg eit juleynskje. Ikkje for denne jula, men for neste år: Måtte oslofolket vise Carl I Hagen ei kald skulder, hjelpe han ned av hesten og sende han til ein mykje varmare stad enn Oslo. Torrevieja til dømes. Der kan han melde seg på eit nybyrjarkurs i spansk.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook