Gangstadiktaren

I 2013 selde den danske rapparen Yahya Hassan over 100.000 av debuten sin — som ikkje var ei plate, men ei diktsamling. No sit han i varetekt, sikta for grov vald etter at han skaut ein ungdom i foten.

Då eg flytta til Danmark våren 1995, var eg allereie forelska i dette landet der alle var så frilynde, tolerante og hyggelege, og alle lo og drakk øl til frukost. Nokre månader seinare vart Dansk Folkeparti stifta, og då eg flytta tilbake til Noreg nesten 20 år seinare, forlot eg eit land fullt av framandhat og dårleg stemning.

Begge desse bileta er sjølvsagt håplaust unyanserte, og derfor feilaktige. Men dei står no der, og er lett gjenkjennelege.

Ein kveld i november 2013, gjorde me noko uvanleg i heimen vår i København: Me hadde på fjernsynet medan me åt middag. DR sende direkte frå eit arrangement i ein gymsal på H. C. Andersen Skolen i Odense. I salen sat og stod om lag 300 tilhøyrarar, både vanlege borgarar, journalistar og politikarar. Til stades var òg ein flokk agentar frå Politiets Efterretningstjeneste og mange tungt væpna vakter, og det var flygeforbod over området. På podiet stod ein attenåring — og las dikt. Slepande, messande og rytmisk; som ein krysning mellom ein imam og ein amerikansk beatpotet.

Boka han las frå, er den mestseljande poesidebuten i Danmark nokosinne, og alle dikta er trykte med blokkbokstavar. Det einaste som er trykt på baksida av boka, er denne korte presentasjonen av forfattaren: «Yahya Hassan, født 1995. Statsløs palæstinenser med dansk pas.» Samlinga er eit krast oppgjer med foreldra og miljøet i forstadsgettoen han voks opp i; her er mykje vald, hyklerisk religiøsitet og sosialt bedrageri. Boka fortel òg historia om Hassans kriminelle løpebane og dei talrike møta med pedagogar og rettsvesen frå tidleg ungdomstid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Grunna sin sterke religions- og kulturkritikk vart Hassan fort svært upopulær i mange miljø, og sjølvsagt tilsvarande populær i andre. Fleire personar er etterkvart dømde for valdelege angrep på diktaren, og no er han altså sjølv fengsla. Dei siste par månadane har historiene rundt Hassan, og ikkje minst frå Hassan, vore mange og merkelege. Nokre diskuterer òg kva som er sant og kva som er fiksjon eller iscenesetjing. For ein meir grundig gjennomgang, anbefaler eg Johannes Wiggen Kramhøfts tekst frå førre søndag her i Dagbladet.

I alt dette mediesirkuset og hypen kring ein ung mann som ropar høgt på ein måte som ingen har gjort før, vil eg minne om ein ikkje heilt uvesentleg detalj: Den viktigaste grunnen til Hassans suksess er at boka er svært god. Skrivetalentet er i mine auge enormt stort og indiskutabelt.

Danske Gyldendal seier at diktsamling nummer to er på veg, men har ikkje annonsert nokon dato enno, og i februar kunngjorde diktaren at han òg kjem med eit rapalbum. Igjen er det vanskeleg å vite kva som er sant, og kva framtida vil bringe, men plateselskapet Rebel Recs har lagt ut eit par smakebitar på YouTube.

Eg håper plata kjem, for denne diktaren kan å rappe. Eller eigentleg er det omvendt; han var rappar før han vart diktar. Han var berre ikkje ein god rappar før han vart Yahya Hassan. For nokre år sidan hadde han kunstnarnamnet Natteravn, og var berre éin av svært mange unge stemmer i den danske rapundergrunnen, med ein litt usikker og anonym rapstil. No rappar han sjølvsikkert med den breie austjyske intonasjonen han har vorte kjend for i massemedia.

Vekas vers er ein av smakebitane frå den nye rapparen Yahya Hassan: «Politijagt». Dette korte stykket med musikk består av ymse klipp frå intervju med Hassan, og to åtte takters vers med tight og overtydande rap. Rapteksten ser ut til å vere eit slags framhald eller ny versjon av diktet «Politijagt I» frå diktsamlinga hans. I diktet sit Hassan og fetteren hans i ein bil med 120 km/t, og har politiet i hælane: «MED EN HUNDEVOGN I HÆLENE,» skriv han, kanskje fordi han føler seg jakta som ein hund. Hassan og fetteren vert tatt til slutt, og kasta i fengsel.

Dét var altså diktaren som skreiv om den ungdomskriminelle Yahya. Kva skjer når rapparen skriv om den feterte og virile diktaren Yahya Hassan? «Står op om morgenen med en stiv pik i hånden / jeg har mills på kontoen, strisser i hælene.» Han er framleis jakta av politiet, men no er dette kvardag for den rike, suksessfulle og forfulgte diktaren og provokatøren. Og han har ikkje berre politiet i hælane; tøyter, pakkisar, politikarar, nazistar og dritungar, alle er etter han.

I diktet vert den unge Yahya overmanna av politiet med «HÅNDJERN OG KNIPPELSLAG OG BLINDHED PÅ SPRAYDÅSE». Men i raplåten er YAHYA HASSAN uovervinneleg: «Håndjern og knipler kan ikke engang kneppe mig / ti pansere bagfra, bli'r nødt til at slippe mig».

Rapteksten er tydeleg nettopp dét, ein raptekst med mykje skryt og overdrivingar. Samstundes er det gøymt ei sann historie i desse korte versa. Den 9. februar i år, prøvde Hassan å stikke av frå politiet i Mercedesen sin. Etter ei biljakt i høg fart, krasja diktaren og vart arrestert. Dagen etter låg denne låten på YouTube, der han rappar at han kjem svevande i Mercedesen sin, og krasjar inn i nokre stolpar. Ifølgje tabloidpressa var han rusa på kokain under biljakta, noko han avviser i låten: «Sniffer kun frisk luft, ikke noget snask her».

Historia i rapteksten sluttar slik: «Jeg slår korrupte pansere til blods, stikker af til fods». I verkelegheita slutta historia med at han prøvde å stikke av til fots etter han krasja, men vart fanga.

Hassan har ofte nemnt Karl Ove Knausgård som eitt av sine største forbilde, og i si eiga skriving er han tydelegvis oppteken av å fortelje sanninga, å skrive livet sitt utan filter. Men korleis gjer ein det? Hassan serverer oss to historier om politijakt. Begge sannferdige innanfor sine sjangrar, og begge gode eksempel på ein arketyp: 'diktar' og 'rappar'. Og det er kanskje nettopp eins eige stoff og ein sjølv projisert gjennom ein arketyp som skal til om sanninga skal forteljast effektivt: Diktet er mollstemt og handlar om det uunngåelege og håplause. Jakta endar i isolasjon og undertrykking. I rappen er han uovervinneleg, han «kommer svævende», «flyvende», og han er «ledsaget af englene, frygtet af guderne». Og jakta endar ikkje.

Men det er berre i kunsten det er mogleg å fortelje sanninga effektivt. I det verkelege livet er sanninga i beste fall ineffektiv, og som regel svært mangelfull — og det siste kapitlet vert aldri skrive, verken i historia om Danmark eller i føljetongen om denne ustyrlege palestinaren frå Aarhus.

I mens håper eg på fleire sannferdige dikt og raplåtar frå Yahya Hassan.