Gangster mot sin vilje

Eit markant trekk i «Svart poker» er ei drøss med populærkulturelle referansar - først og fremst til film, men også populærmusikk. Ikkje overraskande, sidan kulturjournalisten Fredrik Wandrup har store kunnskapar på desse felta.

Les ukas litteraturanmeldelser her.

BOK:
Helten i Fredrik Wandrups debutroman, «Svart poker», er Benjamin Brenner. Han har hatt ein kort, suksessrik karriere i reklame- og desinformasjonsbransjen: «Metoden var mer eller mindre den som ble brukt i klassisk svindel. Samme prinsipp: Ingenting er hva det ser ut for å være».

Pengane strøymer inn, og Brenner er konge på byen. Men hybris snur til nemesis. Brenner får sparken. For å dekkje utgiftene til elskarinna sitt kostbare opiumsforbruk, har han gjort underslag i sitt eige firma. Tilfeldigvis er ho kona til kompanjongen, som oppdagar det doble snyteriet.

Tvilsamt pokerlag

Dette er situasjonen når Brenner hamnar i eit tvilsamt pokerlag. Han lar seg rive med og taper 140 000 kroner, som han er ute av stand til å betale tilbake. Så får han eit tilbod han ikkje kan seie nei til: bruke intellekt og yrkeskompetanse til å planlegge eit kupp, eit ran av ein stor pengetransport. Sjefen i gjengen, med det koselege kallenamnet Uppercut, seier: «Du kan fortelle en historie. Du kan beregne tid. Du kan dette med treffende sluttpoeng». Brenner nektar til å begynne med, men som gjeldsoffer kjenner han seg tvinga med. Han blir kriminell, i strid med si eiga sjølvoppfatning: «Jeg var ingen kriminell. Jeg hadde ikkje lyst til å bli det heller. OK, jeg hadde kuttet noen svinger her og der, men stort sett hadde jeg holdt meg på matta. Det var Helen som var problemet».

På flukt

Brenner har dermed teke steget ut av samfunnet, passert grensa mellom lov og lovløyse. Samtidig ser han stadig på seg sjølv som offer for krefter han (førebels) ikkje kan kontrollere. Etter eit vellykka kupp sprekk lojaliteten i gjengen opp, og Brenner hamnar på flukt, ikkje frå politiet, men frå den banden han har hjelpt til å gjennomføre ranet. Og flukta fører han langt av stad, til Thailand, Kambodsja og Vietnam.

Wandrups roman har undertittelen thriller , ein sjanger som har til formål å underhalde lesaren ved å fortelje ei spennande historie. Ein føresetnad for dette er at forteljinga legg til rette for identifikasjon, slik at lesaren kan leve og lide med helten, som i annan populærlitteratur.

Det som skil thrilleren frå andre populærfiksjonar, er den karakteristiske konflikten mellom helten og ei gåtefull samansverjing. Det er i møtet med konspirasjonen at heltens karakter blir til. Det er her, i kampen mot konspirasjonens bakmenn, at helten får vist om han fortener vår sympati og medleving.

KRIM: Fredrik Wandrup er kulturjournalist i Dagbladet. Nå gir han ut en krimbok. Foto: JØRN H. MOEN
KRIM: Fredrik Wandrup er kulturjournalist i Dagbladet. Nå gir han ut en krimbok. Foto: JØRN H. MOEN Vis mer

Det er ikkje vanskeleg å kjenne att konflikten mellom helt og konspirasjon i «Svart poker», sjølv om samansverjinga kanskje ikkje er så gåtefull (og dermed trugande) at det gjer noko. Historia om Benjamin Brenners liv og lagnad er til dels spennande fortalt. Det er tydeleg at Wandrup kjenner sjangerens knep. Ved å utsetje svaret på gåta (vil helten klare seg?) og ved la lesaren få vite meir om farane som trugar enn helten sjølv (dette som Hitchcock var ekspert på), byggjer han opp spenninga. Vekslinga mellom helt og skurk som førstepersonsforteljarar fungerer godt i den samanhengen.

For cool

Når denne lesaren likevel ikkje blir riven heilt med, heng det delvis saman med Brenner som heltetype. Fleire gonger under lesinga tar eg meg i å synast at nokre av bipersonane har meir særpreg enn hovudpersonen. Ikkje fordi Brenner er tvitydig som helt, det skal ein populærhelt vere. Likevel er det som han manglar den moralske dimensjonen til den mytiske populærhelten. Han er liksom for cool, for lite desperat, etter denne lesarens smak. Kanskje har det ikkje berre å gjere med haldningane hans, men også med det språket han fører. Av og til slår skildringa av flukta frå skurkane over i reiseskildring frå Indokina.

Filmreferansar

Eit anna markant trekk i «Svart poker» er ei drøss med populærkulturelle referansar - først og fremst til film, men også populærmusikk. Ikkje overraskande, sidan kulturjournalisten Wandrup har store kunnskapar på desse felta. Korleis fungerer det i romanen? Det kjem nok an på lesarens utgangspunkt. Dei innforståtte kan glede seg over gjenkjenninga, andre kan oppleve det som forstyrrande. Særleg interessant er bruken av gangsterfilmar frå 1990-talet som «Heat» og «Pulp Fiction». Dei mange kronologibrota i romanen kjenner vi att frå sistnemnde film, likeeins spelet med fiksjon og røyndom. Det ranet Brenner blir tvinga til å planlegge, med kompetanse som profesjonell desinformatør, er dikta over same lest som «Heat», med Robert de Niro og Al Pacino i hovudrollene.

Melodrama

Denne leiken med populærkulturelle forelegg er etter mitt syn romanens sterkaste side. Samtidig sit eg med ei kjensle av at Wandrup ikkje heilt har utnytta det potensialet som ligg i dette grepet. Romanens antydning av ein fiktiv skrivesituasjon (det er helten sjølv som fortel soga si, etter at alt er over) skaper forventningar om ein sjølvreflekterande og kritisk gangsterroman. I staden endar «Svart poker» meir som melodrama, med den karakteristiske konflikten mellom det Gode og det Vonde som fokus. Dei moralske absolutta blir i dette tilfellet ikkje del av nokon grunnleggande samfunns- eller systemkritikk, men motpolar i ein indre strid hos den identitetssøkande helten. Korleis Brenner prøver å finne ein veg ut av uføret, og om han lykkast, skal ikkje avslørast her.

Geir Hjorthol (f. 1952) er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskolen i Volda. Han har gitt ut bøker og artikler om nyere norsk litteratur, blant annet «Populærlitteratur: Forteljing og ideologi», Samlaget 1995

Les ukas litteraturanmeldelser her.