Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Garborg sine tekstar i kyrkja?

«Kjell Magne Bondevik stod og står som statsminister og teolog for det som Arne Garborg var mest skeptisk til ved kyrkja.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Arne Garborg var ein beisk kritikar av kyrkja. Når kyrkjelydsrådet i Ogna kyrkja ikkje vil sleppa inn tekstane hans (Dagbladet, 13.10.01), kunne ein i utgangspunktet håpa at dette vitna om at nokon endeleg har teke tekstane hans på alvor. Me har elles sett ei lunken omfamning av ein «snill» Garborg i kyrkjene. Og me kan lurast til å tru at dette vitnar om større takhøgd i kyrkja, men det kan like gjerne dreie seg om ei meir vanleg forvrenging og forsnilling av forfattarar i retning av å trekkja fram det konforme og konvensjonelle og la krutet liggja urørt.

Som ein fredeleg mann kan eg sjå mykje godt i forsonande haldningar og toleranse. Men det kan mange gonger vera snakk om ein slags skinntoleranse, der ein finn fram det ein kan godta, og prøver å teia i hel det ein ikkje likar. Det er jo slik dei fleste heilage skrifter vert lesne også. Det finst alltid noko ein helst ikkje vil verta minna på.

Den forsoninga i høve til kristendommen som Garborg skildrar i si bok «Jesus Messias», kan tolkast på ulike vis. Men at han stod fast på ein kritikk av den kristendommen som kyrkja representerte til siste slutt, kan det ikkje vera tvil om. Han fann fram til si eiga tolking av Jesu bodskap, og det er ei tolking som langt på veg fell inn under ei humanistisk orientering, der Jesu lære er etiske levereglar. Nokre forfattarar påpeikar også drag av mystikk hjå han.

Nett det skal eg ikkje ta opp her, men heller sjå litt på Garborg sin kyrkjekritikk og trekkja opp nokre linjer til dagens situasjon.

Først eit utdrag frå dagboka til Arne Garborg. Det er 1. juledag 1906, og Garborg tykkjer ikkje det står særleg godt til verken med verda eller kyrkja:

«Tyske Kulturherrar i Afrika driv Vald, Draap, Villskap, Griseskap, i Namn av Kultur, Rett, Stat, Kristindom... Fred paa Jordi; Hugnad med Menneskjom. Ein sputtar. Ein hiver Bladi og vaskar Hendane. Hjelper ikkje. Ufysin, ufysin, ufysin kjenner ein seg av aa vera Menneskje, av aa høyra med til denne Vargheimen som kallar seg Kultur, Kristindom o.s.fr.; det er Helvite, er det; me tarv ikkje «tru» paa Helvite, me er i Helvite livs livande.

Jol!

Uh, ein vert so elgjen (kvalm, H.T.anm.). Aahh, ein vert so trøytt. Og so tenkje paa, at i denne Stundi stend det femtan Millionar Prestar i femtan Millionar Kyrkjur, og preikar blideleg um Gud, Faderen, um Sonen, Frelsaren, um Anden, Kjærleiken, um Kyrkja, Broderskapen; Lygn, Lygn; Lygn som luktar...»

Garborg trekkjer her opp ei linje frå krigen sitt barbari til kyrkja sin prest. Nå skal me få ein av desse teologane til statsminister igjen. Dette er ein teolog som har vist at kristendommen står for det same i vår tid som i Garborgs dagar. Då han gjekk inn for å støtte åtakskrigen mot Jugoslavia, fall det meg i hugen nokre linjer av ein annan norsk diktar, som med ei ørlita oppjustering kunne gått slik:

Nu ser vi det ennu en gang, hvem kirken og presten var,

De som småfolk søkte og tillitsfullt kalte far:

Nu signer de general Clintons kanoner og bomber og fly!

At Jesus er glad i kanoner, det fikk vi da se på ny!

Og det freistar å ta med det siste verset av Øverlands dikt også, særleg for dei som hugsar at Bondevik var heilt klar i sin tale om at bombinga av Beograd ikkje måtte oppfattast som krig:

Det er underlig tanke, men dog en triumf må man si,

Både for Folkenes forbund og maktenes diplomati -

Den er så dialektisk fin, at den nesten ikke kan tenkes:

Endelig kan vi føre krig - uten at freden krenkes!

Bondevik stod og står som statsminister og teolog for det som Garborg var mest skeptisk til ved kyrkja. Ein allianse med internasjonale kapital- og militærkrefter som USA og NATO, men rg, noko som er mindre kjent, ein skjult allianse med terroristar.

På den 18. islamske konferansen halden i Pakistan i oktober 1998, vart albansk separatisme i Kosovo karakterisert som «jihad». Dette «legaliserte» bin Ladens terroristorganisasjon til å utføra terroriståtak på den «vantru nasjonen» Serbia. Samarbeidet mellom bin Laden og UCK hadde starta alt i februar 1998. Den 26. november 1998 skriv Tom Walker i The Times: «Mujahedin-krigarane som har slått seg saman med Kosovo Liberation Army (UCK) svekker utsiktene til fredelege løysingar på konflikten i området, og fyrer opp under frykta for meir vald neste vår.» Dette samarbeidet vart nyleg stadfesta av Interpol ved ei briefing for statsministrar i NATO (The Independent, 21.10.01) der Gwen McClure avslørte at bin Laden var knytt til organisert kriminalitet blant kosovoalbanarar, og at ein av hans øvste militære kommandantar var med i ein eliteavdeling av UCK under Kosovo-konflikten.

Det er ei stund sidan det var god tone å kalla UCK for terroristar, men Madeleine Albright gjorde det før NATO allierte seg med dei, og den amerikanske utsendingen til Kosovo, Robert Gelbard, gjorde det: «We condemn very strongly terrorist actions in Kosovo. The UCK is, without any questions, a terrorist group.» (Agence France Presse, 02.23.98) UCK-soldatar vart rg trena i bin Laden sine leirar i Afghanistan. Terrorismestempelet vart kraftig nedtona når det galdt UCK våren 1999. Men det dukka opp igjen då tre av dei fremste UCK-leiarane, mellom anna Bondeviks gode venn, Hashim Tachi, vart knytt til dokumenterte massakrar og krigsbrotsverk og klaga inn for domstolen i Haag. Bondevik og Vollebæk styrte altså Noreg inn i eit samarbeid med terroristane i UCK, og deltok i ein kamp som var støtta både med pengar og soldatar av bin Laden sitt nettverk. Så her var det ikkje snakk om å støtta anten USA eller terroristane, men begge!

For Kristelig Folkeparti bør også ein annan dag enn den 11. september stå i eit grotesk lys. Eg tenkjer på den 21. april 1999. Den dagen vart eit høgt tårn i ein hovudstad bomba og sett i brann. Sivile menneske arbeidde der. Kontorbygget var tilhaldsstad for TV- og radiostasjonar, private bedrifter og politiske parti. Det var USA, NATO og Bondevik og Vollebæk sitt Noreg som utførte terrorhandlinga. Og tårnet var TV-stasjonen i Beograd. Eg var stille i tre minutt den gongen. Bare tanken på dei 30000 udetonerte klasebombene som ligg att i Jugoslavia, kan fylla ein med stille i lange tider. Kjell Magne Bondevik sa at han angra ingenting. For meg tydar det at han skriv namnet sitt på kvar einaste klasebombe som ligg og ventar på å sprengja eit barn i lufta.

Det er heller ingen teikn til at han nå vil stå fram med noko bodskap om fred, eller nokon kritikk av USA si bombing av fattig sivilbefolkning.

Garborg skriv i «Jesus Messias» at kyrkja vart eit rike av denne verda, og seinare vart den ein tenar for rika av denne verda. Ho held vakt over kroner og herredømme og eigedommar og pengeskrin, og hjelper med å halda styr på dei fattige som er utarma av svolt. Og i dag om så med utarma uran.

Finst det då inga positiv utvikling her, sidan Garborg si tid? Det gjer det nok. Biskop Stålsett har halde hovudet klart og hjarta varmt i den siste tida, og utspelet frå Komiteen for internasjonale spørsmål under Mellomkyrkjeleg Råd er gledeleg. Dei seier at kyrkja stiller seg på ofra si side, og er kritisk til krigshandlingane mot Afghanistan. Dei skriv at terrorismen «må bekjempes med midler som motsier terrorens vesen». Og den fine preika som Berge Furre heldt i Paulus kyrkje i samanheng med Globaliseringskonferansen i Oslo, kunne nok ikkje kome frå ein preikestol i Garborg si tid. Der sa Furre: «Guds jord er okkupert - av mørke krefter. Av finanskapital som gjer menneska til kasteskyts, som gjer arbeidet vårt til si forteneste, som tek herredøme over jord, skog, maskiner, elvar, vatn, heimar.»

Noko positivt ville nok Garborg ha sett i dag rg. Men generelt kunne ein vera freista til å snu Ogna kyrkjelydsråd si avgjersle på hovudet, og seia: Kyrkja har ein jobb å gjera med å frigjera seg frå makt og kapital, før dei er klare til å ta imot Garborg sine tekstar som eit rom som representerer moralsk ansvar, solidaritet og rettferdas politikk. Dette var Garborgs djupaste engasjement.

Hele Norges coronakart