Garborg som bortkomen fader

«Arne Garborg skjøna seg dårleg på å leva. Og han var ein elendig far.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

Utafor, i vest, bryt have på mot ei sju milir lang låg sandstrand.

Dette er innleiinga til romanen « Fred», som kom ut i 1892. Sidan har dette med sju mils strandlinje blitt ståande, sjølv om alle forsøk på å koma fram til eit slikt resultat gjennom eksakte målingar har vore mislykka. På same vis er det med Garborgs skildring av det jærske folkeferdet: Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjenom live med gruvling og slit, putlar med jordi og granskar Skrifti, piner korn av auren og von av sine draumar, trur på skillingen og trøyster seg til Gud. Etter det har jærbuar kunna vera så lettliva og gudlause dei vil utan at det går inn. Arne Garborg har sagt at dei er tunge og religiøse, og då er det sånn for evig og alltid. Og når Haugtussa vender ryggen til huldrene for å halda fast på minnet om han som sveik henne, blir det oppfatta som sann livskunst og djup visdom. I hundre år har unge jenter og modne kvinner framført Veslemøy-dikt med patos og glød, som det var eit uttrykk for deira innerste sjel.

I mange ting var Arne Garborg ein vegvisar. Sjølv om han skreiv perfekt dansk-norsk, blei han ein av dei fremste faneberarane for det norske folkemålet. Han var politisk radikal og sto på barrikadane for demokrati og frigjering. Han kan rg oppfattast som særskilt moderne fordi han var så lite redd for å visa kjensler, noko som gjorde han til ein fin samtalepartner og ein ettertrakta kjærast. Som ektemann var han heller ikkje så galen, i og med at Hulda aldri ville blitt den suksessen ho blei utan han. Men han skjøna seg dårleg på å leva. Og han var ein elendig far.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer