Gårsdagens ungdom

Bak eit innscanna papirbilete kviler sanninga om menneskerasen.

Skjer då? Den siste veka har Facebook-brukerar delt bilete av si ungdomstid. Det er ikkje så rart, noko må ein jo finne på når ein sit der og glor. Biletet er henta frå filmen «Få meg på for faen».
Skjer då? Den siste veka har Facebook-brukerar delt bilete av si ungdomstid. Det er ikkje så rart, noko må ein jo finne på når ein sit der og glor. Biletet er henta frå filmen «Få meg på for faen». Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

Dei kallar oss lemen, dei kallar oss sauer. Fordi me trykker like på gamle ungdomsbilete og utfører ordren me får i retur. «Del eit bilete sjølv, og be dei som liker det om å gjere det same.»

Me er sauer, fordi me spør ikkje kvifor. Me berre gjer det, og slik sprer det seg som ein farsott. Gamle ungdomsbilete fyller feeden og tre sekunder seinare: den offentlege samtalen. Det var Fritt ord-direktør Knut Olav Åmås som fyrst delte nokre kritiske tankar i eigen FB-status. Me deler altfor villig, utan å tenke over at me gir frå oss informasjon til milliardkonsernet Facebook. Det er lemenaktig framferd.

Men det er ikkje lemen me er. Kan han ikkje sjå i eigen feed? Me er ikkje lemen, me er jo ungdom! Kanskje ser me ikkje slik ut IRL, men dagens vaksne er meir ungdom enn ungdommar flest. Ungdom som handlar utan å tenke seg om, ungdom med mykje fri og som straks etter pliktene er unnagjort flyktar ut og vekk. Når middagen er rydda, ungane lagt (eller flytta ut) surfar me alle ut til den store parkeringsplassen som er Facebook. Me set oss på benken og ser. Skjer det noko her i kveld då? Svaret er vanlegvis nei, men det er ingen betre stader å gå. Og her møter ein iallfall kjente.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer