ILLUSTRASJON: Flu Hartberg
ILLUSTRASJON: Flu HartbergVis mer

Generasjon Seriøst?!

Da Lykkeliten kom til verden låg mor og sjekka Facebook-feeden.

Meninger

Midt i den svarte straumen av dårleg nytt denne sommaren — Gaza, flykatastrofar, potensiell terror — dukka det heilt uventa opp ei gladsak levert av NRK for nokre dagar sidan.
    
Sjukehuset i Vestfold kunne rapportere om ei ny, interessant utvikling i menneskets historie. Ei utvikling som styrkar sannsynlegheita for at framtidas leksikon vil omtale vår tidsepoke under oppslagsordet Idiotikken, og som gjer at spørsmålet «er alle blitt gale?» ikkje verkar overdrive. Det siste nye er at nyfødde verdsborgarar, umiddelbart etter å ha blitt pressa ut av mors liv, blir liggande og slenge i ein krok mens mor og far er fullt sysselsette med å oppdatere Instagram og Facebook, besvare gratulasjonar og telje likes og hjarte.

«Barnet får ikke blikkontakt med foreldrene sine fordi de ligger opptatte med telefonen», kunne seksjonsleiar for føde- og barselavdelinga Irene Jensen fortelje.

Det gledelege ved dette er sjølvsagt at problemet med vår stadig meir maniske mobil- og nettbruk kjem til å løyse seg på naturleg vis: Barn med hysterisk smarttelefonsjekkande foreldre vil på grunn av manglande omsorg og oppfølging vekse opp som dysfunksjonelle, utrygge individ, og i sin tur derfor tape den reproduktive kampen for tilværet. Dermed vil dei som er aller mest disponerte for mobilavhengigheit sakte men sikkert selektere seg sjølve ut av historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men dette kan ta tid. For oss andre, som enno ikkje er komne dit at me prioriterer gamle klassekameratars Sommerkroppen2014-foto framfor eigne avkom, men som likevel kjenner suget mot smarttelefonen på kropp og sjel, og som altfor ofte bukkar under for oppdateringstrongen, trengst det førebyggande tiltak. Det første er å forstå kvifor digitale distraksjonar er så intenst tiltrekkande.

Litt enkelt sagt er slike fristelsar avhengigheitsskapande litt på same måte som ein speleautomat. Ved hjelp av ein veldig liten innsats har ein mulegheit til å få ein gevinst. Innsatsen er ganske enkelt å opne Facebook-appen, nettavisa, innboksen og så vidare. Dei fleste gongene er der ingen særleg gevinst. Berre spam, saker du alt har lese, andres kjedelege statusoppdateringar. Men no og då får du ein spennande e-post, ei oppsiktsvekkande nyheitssak, ein ny kommentar på eit innlegg du har lagt ut.

Desse gevinstane held oppe trongen til å heile tida sjekke. Gevinstane dresserer oss, slik Pavlov dresserte hundane sine. Tanken på å sjekke sosiale medier, nettaviser og e-post i tilfelle det kanskje ligg ein liten gevinst der, skil ut — ikkje spytt — men kjemikaliar i hjernen som gir eit hyggeleg, lite kick. Når du sit der og lurer på kvifor i alle dagar du sjekka dagbladet.no igjen, midt i arbeidet, er det greitt å vere klar over at du gjorde det fordi hjernen din ville ha det kicket, og ikkje fordi du er så utruleg samfunnsengasjert.

Kjemikalien det er snakk om heiter dopamin. Det spesielle med eit dopaminkick, er at det ikkje i seg sjølv kjennest godt, men at det gir eit løfte om at det å sjekke Facebook vil kjennast godt dersom du berre gjer det éin gong til. Me vender tilbake igjen og igjen fordi dopaminet fortel oss at neste gong vil det bli deilig.

Dopaminets opprinnelege funksjon var å få oss til å overleve når me ein gong i tida gjekk rundt som apekattar på savannane. Dopaminet motiverte oss til å stanse og ete ved synet av ein bærbusk, eller parre oss ved synet av ein interessant artsfrende. Men i dag har dopaminet gått bananas, fordi me er omgitt av fristelsar — sukker, Netflix, opphøyrssal — på alle kantar, heile tida.
    
Det som gjer digitale fristelsar ekstra vanskelege å motstå, og dressuren ekstra effektiv, er at den mulege gevinsten er raskt tilgjengeleg — ein treng berre taste inn starten på ein url eller trykke på ein app. Den andre store årsaka til oppdateringstrongen vår er sjølvsagt at me er flokkdyr, og det å vere innafor, vite kva som føregår, pleie kontaktar og bli stadfesta som menneske, kjennest som eit spørsmål om liv og død — og altså så viktig at nybakte foreldre prioriterer sosiale medier framfor den første, viktige kontakten med sitt eige barn.

Så kva kan ein gjere? Personleg har eg prøvd eit utal triks med varierande hell. Det einaste som verkeleg har fungert, er skuffande banalt. Det avgjerande er å gjere gevinstane mindre omgåande tilgjengelege. Det inneber nødvendigvis å skape fysisk avstand mellom deg og telefonen. I tillegg til å vere sjukeleg opptatte av å halde seg oppdaterte, er menneske flest nemleg òg ganske late. Dette kan ein utnytte til sin fordel.   

Fordi latskap er sterkare enn dopamin, vil dei fleste bli sitjande framfor å reise seg å hente telefonen for å sjekke Twitter dersom telefonen befinn seg meir enn tjue sekund unna, til dømes i eit anna rom. Gjer det til ein vane å legge telefonen att i entreen når du kjem heim frå arbeid, og mirakel vil skje. På arbeid, legg han i eit anna rom, eller i det minste i ein skuff.

Og altså. Dersom du akkurat har fått eit barn, kan eit tips vere å oppføre seg slik som foreldre i same situasjon har gjort i tusenvis av år før deg: å uforstyrra knyte dei viktige banda til barnet som dei første timane etter fødselen er til for.