Gigantar frå verdslyrikken

I kjølvatnet av bokhaustens bestseljarar glir ein stille straum av gjendiktingar frå verdslyrikken. Vår anmeldar Helge Torvund har lese fem av dei.

BOK: I den vakkert utforma tospråklege gjendiktingsserien til Aschehoug er det til nå kome tre gigantar på norsk, Saint-John Perse (1887- 1975), Jean Supervielle (1884- 1960) og Rainer Maria Rilke (1875- 1926). Elles har me i år også fått norsk gjendikting av den greske lyrikaren Sapfo (630- 560 f.Kr.) og ein engelsk romantikar, John Keats (1775- 1821).

Underbetalt

Om alle desse kan det her bare seiast litt, men det er likevel godt å få trekkja fram det store arbeidet som gjendiktarane har lagt ned. Er ein lysten på underbetalt arbeid, så er gjendikting avgjort verdt å prøva seg på. Det gjev mykje att på andre vis enn i pengepungen, og me andre kan gleda oss over at desse diktarane sitt verk vert meir tilgjengeleg for oss og våre barn.

Hjarte og hav

«Kjærligheten styrter frem gjennom fallende, salte vannmasser/og gleden er flyktig som melankolien.»

Desse linjene er typiske for Jules Supervielle, som vaks opp i Uruguay med franske foreldre. Ei oseanisk einsemd uttrykt i ein famnande symbolistisk surrealisme.

Det er like paradoksalt som det høyrest ut, men samstundes vakkert og slåande. Her presentert gjennom to av samlingane hans, «Débarcadères» (1922) (Ein tittel som tyder Landgang eller Kai) og «Gravitations» (1925).

På norsk fungerer desse dikta fint i Annie Riis si gjendikting, og Supervielle har ei fabelaktig evne til å gje oss ny innsikt i det å vera hav: «hva vet havet, som er født blind,/og som ennå ikke skjønner hva en druknet er,/og som snur og vender på ham/mens det spør ham?»

På kvar sida av havet låg Uruguay og Paris der Supervielle vart buande med sin eigen familie. Diktaren var prega av å tilhøyra to land, to kulturar og Rilke oppfatta han som ein stor konstruktør av bruer i rommet.

Draumen si dyrkbare mark

Nobelprisvinnaren Saint-John Perse hadde base i Frankrike, men var i utanriksteneste i Austen og hadde høge stillingar som embetsmann i Frankrike.

Under andre verdskrigen budde han i eksil USA. I «Anabasis» (marsjen opp i landet) som Hallvard Ystad har gjendikta, går det føre seg ei erobring av landområder i episk form, men dette er samstundes ei erobring av det eg har kalla for «sinnskap», landskap i det indre.

«Ensomhet! Det blå egg som verpes av en stor sjøfugl, og buktene om morgenen fullstendig overskygget av gullsitroner!»

Deler av diktet er skrive i eit taoisttempel i Kina, men ein kan ikkje stole heilt på Perses biografi, for han har dikta delar av den også! «Eksil» heiter samlinga som Gro Bjørnerud Mo har gjendikta. Her fokuserer poeten ofte på det sjeldne og diktet er fullt av vakre, konsentrerte uttrykk som «Jeg skal bo i mitt navn» og «...for oss fører morgenen sin spåmannsfinger over hellige skifter».

Men ein kan òg finne ubehagelege syn på vald og kvinner, samt medrivande katalogaktige avsnitt som kan minne om Whitman.

Duino-elegiane

André Bjerke tilrådde lesaren å nytta minst ein månad på kvar av dei ti Duino-elegiane til Rilke. Åsmund Bjørnstad har skrive eit engasjert etterord med kommentarar og gjendikta elegiane på ein måte som gjer dei levande og nære: «Men sidan å vera her er så sterkt, og alt dennesidig treng oss, dette som flyktig men sært/går oss nær.»

Rilke skriv både i abstrakte, store vendingar og sanseleg medrivande situasjonar.

«Sjå eg lever. Av kva? Barndom og framtid/blir ikkje mindre - Overveldande nærvær/ spring ut i mitt hjarta.»

Eventyret med Duino-elegiane starta i 1911 på eit slott ved Adriaterhavet, utanfor Trieste. På to dagar skreiv Rilke dei første to elegiane, så gjekk det år mellom kvar, før han i 1922 fekk inspirasjon til dei siste elegiane samt «25 Sonettar til Orfeus!» Det er noko ved språket til Bjørnstad som balanserer den mytiske verda til Rilke med nærleik og sanseleg stoff, og det gjer det friskt å lesa desse dikta også på 2000-talet.

Forelsking og måne

Svein Jarvoll har halde på med Sapfo i det uendelege. Han har ført dikt og diktfragment som har vore framført til lyre eller kithara på gammalgresk 500 år før vår tidsrekning, over til norsk i 2003. I ei vakker bok som ligg godt i handa, finst nå eit fyldig utval av Sapfo. Og om ein er i stand til å gje seg over til desse små dirrande linjene, så vil ein koma i kontakt med nokre heilt grunnleggjande element i dikting:

«aftenstjerne,/alt det som demringstimen spredte, samler du:/du samler sauene, og geitene, og mor og barn». Og sjølvsagt høyrer erotisk lengt til: «jeg skalv/av forelskelse/slik en eik skjelver/i fallvinden fra fjellet».

I tillegg til ein «rosenfingret måne» vil lesaren med Jarvoll som kunnskapsrik guide få eit engasjert innblikk i miljøet desse dikta sprang ut av og kva som har hendt med dei seinare.

Sanseleg-erotisk preg

«A thing of beauty is a joy forever». Med desse orda opnar John Keats sitt store verk Endymion, som vart inspirert av eit opphald på Isle of Wight, men like mykje av mytologien si magiske verd.

Medan han skreiv, møtte han Isabelle Jones. Eit møte som gav diktet eit sterkare sanseleg-erotisk preg enn den bråmogne og romantiske poeten hadde tenkt seg.

John Keats var bare 22 år da diktet kom ut i 1818. Geir Uthaug, som me hugsar for den imponerande biografien om William Blake, har gjendikta dei rima kuplettane for første gong til norsk, og det på eit språk som står til innhaldet.

Et veldig dikt

Boka er vakkert illustrert av Gino Scarpa. Ein får repetert den klassiske gresk-romerske mytologien i dette veldige diktet.

«I vognen stod Bacchus og han bar en krans,/ holdt eføy i hånden, var lysten på dans./Hu hei, som han lo!/Flekket med vin som kan minne om blod./De lubne små armene ble en invitt/for yndige Venus' perlemorbitt.»

Denne gjennomgangen er meint som ein invitt til å gjera dykk betre kjent med desse bøkene, som fortener ein betre lagnad enn å støva ned på biblioteket.

Eit engasjert og idealistisk arbeid ligg bak kvar eit av desse dikta, og er med på å gjera stor poesi tilgjengeleg for oss alle.

ELEGIAR: Rainer Maria Rilke sine elegiar kling på norsk.