MINDRE LEIK: Leik er ikkje eit hinder for læring, skriv KrF-leiar Knut Arild Hareide i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix
MINDRE LEIK: Leik er ikkje eit hinder for læring, skriv KrF-leiar Knut Arild Hareide i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Seksårsreforma

Gje borna leiken tilbake!

Det er på tide at vi får fram konsekvensane av at barn må begynne på skulen som seksåringar. Saman må vi sikre meir leik på timeplanen for dei minste elevane.

Meninger

Denne hausten gjekk det 20. kullet med seksåringar inn skuleporten for første gong. Når vi i dag ser at reforma – slik vi frykta – har ført til at seksåringar vert pressa inn i eit system basert på skulen sine premiss med fokus på skulefag, testing og prestasjonar er eg ikkje i tvil om at KrF dessverre fekk rett.

Vi protesterte det vi kunne mot at seksåringar skulle bli tatt ut av leiken og inn i skulen, men fleirtalet av Høgre og Arbeidarpartiet ville ha seksåringane i skulen. Vi trudde reforma ville føre til mindre leik utan at det ville bety meir læring. Det var akkurat det som skjedde.

KRF-LEIAR: Knut Arild Hareide. Foto: NTB Scanpix
KRF-LEIAR: Knut Arild Hareide. Foto: NTB Scanpix Vis mer

Det er ikkje for å sei «kva var det vi sa?» at KrF no tar opp denne saka på nytt, over 20 år etter. Nei, det er fordi saka er for viktig til at alle skal tie. Det handlar om dette enkle faktum: Barn skal lære og utvikle seg, men dette må skje på barnet sine premissar og ikkje på premissane til skulesystemet.

I dag ser vi at seksåringar som møter opp med ny ransel og pene klede fulle av energi og lærelyst blir møtt av dyktige og omsorgsfulle lærarar som vil gjere sitt beste, men som på grunn av systemets krav og mål må ta barna ut av leiken og opp på skulebenken. Dette skjer trass i at premisset i 1997 var at det første året skulle vere prega av nettopp læring gjennom leik.

Når vi veit at barn lærer gjennom leik og at mange barn kan synast det er vanskeleg å sitte stille lenge, så er eg ikkje i tvil om at denne reforma fører til fleire barn som føler at dei ikkje strekk til. Leik er ikkje eit hinder for læring – det er ein føresetnad for læring.

Seksåringane treng å lære gjennom leik. Det skal være gode læreplanar og kompetansemål, men desse skal vere på premissane til barna og sørge for at barna opplever meistring og får meir lyst til å lære. I dag er realiteten at leiken er fortrengt til fordel for det meir intellektuelle læringstrykket.

Eg syns dokumentarfilmskaparen Margreth Olin seier det godt: «Leik er arbeid i barndommens rike». Her set Olin fingeren på noko vi ikkje alltid tenker godt nok over, nemleg at det tunge læringstrykket frå bøker, tavleundervising og tekst kjem tidsnok. Spørsmålet om god læring handlar ikkje om kor tidleg dette trykket settast inn, men om kor godt grunnlag det enkelte barn har fått for å lære. Vi må ikkje late som om borna sin leik er utan verdi.

Kritikken mot seksårsreforma er også fagleg fundert. Professor i Peder Haug-pedagogikk ved Høgskulen i Volda har sagt følgjande:

«Internasjonal forskning har vist at hvis man utsetter barn for tidlig for strukturert læringspress og voksenstyrte systemer, så vil det ikke fungere så godt for mange. Dette ser ut til særlig å ramme gutter, som modnes senere enn jenter både fysisk, sosialt og intellektuelt, samt de barna som er født sent på året. De yngste førsteklassingene er bare fem år og sju måneder når de begynner på skolen.»

Leik er ikkje eit hinder for læring. Viss skulen skal førebu barn og unge på framtidas arbeidsliv, må dei få leike meir.«Lek er veien til innovasjon», seier Abelia og Utdanningsforbundet. Og det seier KrF.

Vi meiner det er på tide at vi tar ei skikkelig evaluering, at vi får konsekvensane på bordet og gjer nødvendige endringar. Derfor vil KrF før jul fremme forslag om at det utarbeidast ei stortingsmelding basert på ei grundig evaluering av seksårsreforma og den utviklinga vi over tid har sett ta elevane vekk frå lek og læring på barnets premisser.

I andre enden av dette arbeidet håpar vi at vi får resten av politikarane på Stortinget med oss på å få meir leik i læreplanen for dei yngste elevane. Det gjeld spesielt Arbeidarpartiet og Høgre – som bør føle eit ekstra ansvar for at dei innførte ein reform som tok frå desse borna mykje av leiken.

For det er trass alt våre barn og deira framtid dette handlar om.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook