IKKE BÆREKRAFTIG: Det aukande globale etterspørselen etter soya til fôr fører til ein stadig ekspansjon av soyaplantasjer i Brasil, skriver artikkelforfatterne. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
IKKE BÆREKRAFTIG: Det aukande globale etterspørselen etter soya til fôr fører til ein stadig ekspansjon av soyaplantasjer i Brasil, skriver artikkelforfatterne. Foto: Terje Bendiksby / NTB ScanpixVis mer

Fiskeoppdrett:

Gje oppdrettslaksen berekraftig fôr

Erna Solberg tek til orde for at berekraftig bruk av havet kan bidraga til å møte verdas behov for mat. På heimebane vil statsministeren sin ambisjon krevje ei radikal omlegging av laksefôret.

Meninger

Mindre enn fem prosent av verdas mat kjem frå havet, difor meiner statsministeren at målet om å utrydde all svolt innan 2030 gjev Noreg store moglegheiter. Eller sagt med Sjømat Norge sine ord; havbruksnæringa er Noreg sitt viktigaste bidrag til FNs berekraftsmål.

Visjonen er at oppdrett av laks skal auke dramatisk dei neste åra. Men har eigentleg oppdrettslaksen sitt opphav i havet, eller vil ei auke av norsk oppdrettsnæring fyrst og fremst legge press på matjord? Og er fôrråvarene berekraftig produsert?

Etter at oppdrettsnæringa tok overfisket seriøst og klokeleg reduserte delen fiskemjøl og fiskeolje i fôret, vart laksen i stor grad vegetarianar. Rundt 70 prosent av fôret til laksen består i dag av plantevekster.

Lakseoppdrett kan ikkje føregå på land, og laksen er meir enn fôret den et. Men det er ikkje til å kome bort ifrå at oppdrettsnæringa gjennom laksefôret legg beslag på mykje matjord. Dersom laksen er meint å vere eit bidrag til å utrydde svolt er dette høgst problematisk.

Med 821 millionar menneske som lir av svolt og global befolkningsvekst treng me matjorda for å produsere mat. Statsministeren sin ambisjon krev såleis ei radikal omlegging av laksefôret frå arealkrevjande planter til råvarer som ikkje legg beslag på matjord.

Den vegetabilske hovudingrediensen i norsk laksefôr er soya. Soyaproteinkonsentrat utgjer mellom 16 og 17 prosent av fôret og i 2017 vart det importert i underkant av 300 000 tonn soyaproteinkonsentrat til bruk i norsk laksefôr. Mesteparten frå Brasil.

Ein fersk rapport som Framtiden i våre hender og Regnskogfondet har utarbeida saman med organisasjonen Reporter Brasil dokumentarar korleis den brasilianske soyaindustrien bidreg til avskoging, valdeleg landkonflikt og helseskadeleg bruk av sprøytemiddel.

Det aukande globale etterspørselen etter soya til fôr fører til ein stadig ekspansjon av soyaplantasjer i Brasil. Som konsekvens mister småbønder og jordlause si rettmessige jord. Soyaplantasjer blir etablerte i offisielle urfolksterritorium og småbønder blir tvinga vekk frå jorda si.

Kampen om jord er svært tilspissa og i enkelte område er det ein kamp på liv og død. 46 brasilianarar vart drepne for sin kamp om jord i 2017, og det industrielle jordbruket var ein av dei største årsakene. Verst er situasjonen i delstaten Mato Grosso do Sul, der FNs spesialrapportør for urfolks rettar i 2016 samanlikna situasjonen med militærdiktaturet på 1980-talet.

Spesialrapportøren slo alarm og bad oppkjøparar av landbruksvarer gjere tilstrekkelege aktsomheitsvurderingar. Framtiden i våre hender påstår ikkje at soyaen som endar opp i norsk laksefôr er produsert ulovleg i urfolksterritorium eller at småbønder er drepne for å skaffe soya til norsk laks. Mykje tyder imidlertid på at leverandørane av soyaproteinkonsentrat til norsk laksefôr kjøper soyabønner frå produsentar som har vore involvert i denne kriminelle verksemda.

Soya er i likskap med dei fleste fôrråvarene i oppdrettsnæringa matvarer som også menneske kan ete. Blant ingrediensane i laksefôret er kveite, solsikke, ansjos, erter og bønner. Skal me nå berekraftsmål 2 og utrydde all svolt må maten som produserast etast av menneske, og ikkje gå gjennom laksen.

Laks kan fôrast opp på ei rekkje råvarer som menneske ikkje kan ha på sin tallerk. Me veit at det vert produsert nok mat i verda til alle, men at mange likevel svelt grunna dårleg fordeling. Bruk av matvarer i norsk laks er kanskje det beste dømet på denne skeivfordelinga.

For å setje det på spissen vert ansjos frå Peru og soyabønner frå Brasil, to utviklingsland med utfordringar i forhold til feilernæring, bruka til å fostre opp ein laks som til sjuande og sist endar opp på restaurantbordet til den meir velståande kinesaren og europearen.

Statsministeren har rett i at FNs berekraftsmål gjev den norske havbruksnæringa moglegheiter, for med globale berekraftsmål som rettesnor må næringa sjå seg om etter nye fôrråvarer. Det finns berekraftige råvarer som kan erstatte dagens fôringrediensar.

Biprodukt frå algeoppdrett, mikroalgar dyrka i rør, børstemark oppdretta på fiskeslam, insekt oppdretta på matavfall, avfall frå kjøttindustrien. Ja til og med avfall frå tømmerindustrien kan nyttast som kjelde til protein, takka vere verdsleiande forsking på Ås.

Dette er råvarer som også krev kloke produksjonsmetodar for å bli reelle berekraftige alternativ. Men felles for dei alle er at dei ikkje legg beslag på store landeområde, me finn dei lengre ned i næringskjeda og dei er ikkje menneskemat.

Om me utnyttar desse varene som fôrråvarer så nyttar me oss av avfall – det er god sirkeløkonomi. Slik kan norsk havbruk bidraga til auka global matproduksjon utan å leggje press på urfolk, småbønder og regnskog.