DEBATT

Debatt: Juleforventninger

Gje oss ei snølaus jul!

Når også Austlandet snart blir snøfritt til jul, vil ein då innsjå at det er tungt for barn å bli innprenta at ekte og god jul ikkje finst utan snø?

KVIT JUL: Om ti-femten år er truleg det «sentrale» Austlandet snøfritt til jul. Vil då redaksjonane tenka ut kalenderkonsept der ein i 24 episodar understreker at snø er avgjerande for ekte jul, spør innsendaren. Biletet er fra eit juletreutsal i Nittedal lille julaften i 2015, då heller ikkje austlandet fekk ønsket om ei kvit jul oppfyld. Foto: Tore Meek / NTB Scanpix
KVIT JUL: Om ti-femten år er truleg det «sentrale» Austlandet snøfritt til jul. Vil då redaksjonane tenka ut kalenderkonsept der ein i 24 episodar understreker at snø er avgjerande for ekte jul, spør innsendaren. Biletet er fra eit juletreutsal i Nittedal lille julaften i 2015, då heller ikkje austlandet fekk ønsket om ei kvit jul oppfyld. Foto: Tore Meek / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

I NRK Supers «Julekongen» blir det ikkje jul i Ridderdalen viss det ikkje kjem snø der. Ridderdalen er eventyrverda som hovudpersonen Kevin har funne ein inngang til. Hans eiga verd på Austlandet ein stad, er heilt nedsnødd.

I «Snøfall» frå 2016 er den parallelle verda Snøfall full av snø og kjærleik, medan hovudpersonen Selma sitt vanlege liv er relasjonslaust i ein grå by med lite eller ingen snø. «Jul i Blåfjell» er på eit snødekt Røros eller inni eit nissefjell, og i «Jul i Svingen» er me i ei snørik austlandsbygd.

På Vestlandet har me stort sett ikkje snø til jul. Det er naturleg og ikkje ei følgje av klimaendringar. I heile mitt liv har eg aldri sett den realiteten vist på NRK-kalendrar.

På vår folkerike kyst må foreldre fortella bekymra ungar at jo, det blir jul sjølv om det ikkje er snø, det er ikkje slik dei seier på barne-tv 24 døgn på rad, at ordentleg jul handlar om snø. Me har også juleglede, julestemning, juletradisjonar. Med NRK sitt narrativ, blir alle våre juleelement for annanrangs å rekna, for me har jo ikkje snøen.

Kyst-Norge sin del av nasjonal historie og kultur er underkommunisert både i freds- og krigstid. TV-julekalendrar er kultur og tradisjonar retta til ungane, og desto sårare er det når eit spesifikt innlands-/austlandsnarrativ er det einaste gyldige i ein periode av året der samhald og fellesskap skal vera fellesnemnarar. Nord-Norge er heller ikkje representert, men dei kan trass alt kjenna seg igjen i snøen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer