TUNGTVANN I 2001: Poppa Lars (t.v.) og Jørg-1. I midten Motor-Ola, som var back-up rappar på den tida. FOTO: Anders Grønneberg.
TUNGTVANN I 2001: Poppa Lars (t.v.) og Jørg-1. I midten Motor-Ola, som var back-up rappar på den tida. FOTO: Anders Grønneberg.Vis mer

Gjesten som ikkje vil gå

Gratulerer, norsk musikkliv! Me er midt i eit jubileum, i desse dagar er det nemleg 15 år sidan rap på norsk fekk sitt endelege gjennombrot.

Gjennom heile åtti- og det meste av nittitalet var norskspråkleg rap forvist til reklamar og tullemusikk. Ingen tok det alvorleg, det var bokstavleg talt ein vits. Men frå midten av nittitalet begynte ting å skje i undergrunnen. Fyrst ut var Ellers Det (med mellom andre Vers-kollega Martin Bjørnersen) og Gatas Parlament, etter kvart kom det fleire til, men det var framleis berre for spesielt interesserte.

Strengt tatt vart den fyrste norskspråklege raplåten (som ikkje var tull eller reklame) gitt ut i 1986. Det var Henning Sommerro som rappa Ivar Aasen-teksten «Lovtale yver Culturen», men dette var nok tenkt meir som eit eksperiment og ikkje eit oppriktig forsøk på å lage hip-hop — og nokon hit vart det ikkje.

Men på nyåret 2000 skjedde det: Tungtvann ramla inn på den norske kommersielle musikkscena med den ganske ukommersielle Reinspikka hip hop EP. Dei vart årets sensasjon på by:Larm, og NRK P3 begynte å spele låtane deira. For folk flest var dette fyrste gong dei høyrde norsk hip-hop på norsk — på alvor. Og det på grovt spritstinkande nordnorsk. I mai kom Tungtvann seg heilt opp på a-lista på P3 med låten «Ubudne gjesta», som seinare fekk Alarmprisen for årets låt, og som for alvor skulle bane vegen for Tungtvann og norsk rap på morsmålet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ein veldig god, og ikkje minst korrekt, introduksjon til rap det norske folket får her, av mange grunnar. For det fyrste er låten så tøff at han ikkje treng refreng; det er eit vers på 16 takter, eit mellomspel på fire takter, så eit vers til på 42 takter, og dét er dét. Rap, rap, rap. Beatet er ikkje akkurat lyden av året, det høyrest heller ut som det er produsert i New York, minst fem år tidlegare.

Rapparen er òg tydeleg inspirert av nittitalsheltar frå den amerikanske austkysten, og teksten er ei oppvisning i klassisk skryterap; hardcore, vittig, grisete og velskrive. Alt dette, i tillegg til det skitne lydbiletet (vokalen er tatt opp med mikrofonen i handa), gir ein kjensla av å få høyre noko det ikkje var meininga ein skulle høyre — noko som berre var berekna på ein hard kjerne av kjennarar. Det er som å høyre ei direktesending frå ein rølpete konsert i ein bunker ein hemmeleg plass i Nord-Noreg.

Mannen som styrer denne festen er ein svært svolten og tørst ung mann med namnet Jørgen Nordeng. Han er 21 år, og kallar seg Jørg-1. Tekstens bodskap er enkel og grei: Tungtvann er dei argaste når det gjeld å feste, få damer og lage musikk — i dén rekkefølgja. (Prioriteringa kan variere, men det er dette alle tidlege Tungtvann-låtar handlar om.) Rimteknikken er mykje meir raffinert, til tider ganske kompleks, og teksten er full av vittige og minneverdige linjer. Men det kanskje mest imponerande med prestasjonen, er den autoriteten, timinga og naturlege måten som den unge Jørgen leverer med. Ein skulle tru dei hadde halde på i denne bunkeren i årevis.

Det er ikkje noko unikt i at me fekk rap på norsk, det merkelege er heller at det kom så seint. I dei fleste av nabolanda våre hadde rapscenene blomstra lenge. I Danmark kom den fyrste rapplata på morsmålet i 1988, og dei var ferdig med si andre stordomstid før ting skjedde i Noreg. Som i alle andre språkområde, vert hip-hop i Noreg det akademikarane kallar eit glokaliserande fenomen, altså eit globalt fenomen som tilpassar seg dei forskjellige lokale kulturelle og språklege forholda.

Dette er tydeleg allereie i det fyrste verset på «Ubudne gjesta»: For visst er det ei amerikansk og global uttrykksform me høyrer, men Jørg-1 drikk ikkje «forties» eller Hennessy, han drikk heimebrent. Og ingen amerikansk rappar ville sagt at han tok hemningane og kasta dei over ripa, kanskje ingen norsk rappar syd for Nordland heller.

Det er herleg at låten som introduserte det norske folket til rap heiter «Ubudne gjesta», for det var akkurat det den norske rappen var. Det er berre 15 år sidan, men haldningane til hip-hop var heilt annleis enn i dag. Det var ikkje uvanleg at norske musikkjournalistar og andre autoritetar håna rapmusikk, nokre ville ikkje eingong kalle det musikk.

Den mest utskjelte personen i all rapmusikk, er du, altså 'du' — og 'de'. Denne andrepersonen i ein- eller fleirtal representerer andre rapparar og/eller alle andre, iallfall alle som ikkje er av våre eigne. Slik er det òg i «Ubudne gjesta». I høve jubileet er det ein artig allegorisk leik å lese vekas vers og tenke at dette ikkje berre handlar om 'oss' mot 'dykk', men 'norsk rap' mot 'resten av musikk-Noreg'.

Gratulerer til Tungtvann og norsk musikk. Skål!