UTAGERANDE; Ingen neier så fint og kokett som Vigdis Hjorth. Foto: NRB Scanpix
UTAGERANDE; Ingen neier så fint og kokett som Vigdis Hjorth. Foto: NRB ScanpixVis mer

Gjort er Hjorth

Little Steven som død sheriff i Oppland.

Kommentar

DEN VEKA fekk den utagerande Vigdis Hjorth Brages hederspris i Dansens Hus. Ingen neier så fint og kokett som henne. Det er den første gangen, noe som viser ubehaget i kulturen og fordeler og ulemper ved å være til. Om bare ein kunne sagt hysj og takk, ganske bra, men med hånden på hjertet må ein gå gjennom skogen og blåsa i posthornet på hjørnet om kvelden. Der kan ein møta mormor, ein død sheriff, råtne Rikard, Pelle-Ragnar i den gule gården og Jørgen + Anne = sant. Men også oppleva drama med Hilde, mens mor betaler for et norsk hus. Hva er det med mor?

BRAGEPRISEN er vel fortent for tungekysset og drømmen frå ein erotisk forfatters bekjennelser med fransk åpning. Etter mottoet «snakk til meg» i første og tredje person entall, har ho har tilbrakt tredve dager i Sandefjord og gjort 30 års positiv og poserande, trufast og trulaus innsats i norsk litteratur og samfunnsliv etter devisen «gjort er hjorth». Når det tar fyr hos Vigdis Hjorth, brenner det som hos få andre. Den som ikkje har lyst til å bli ein romanfigur hos henne, skal prisa seg lykkelig over ikkje å ha vore hjulskiftar, leigebuar, elskar eller kjærast — same kor linn eller hipp ein er.

Artikkelen fortsetter under annonsen

BENSINPRISEN er ei hjartesak for Fremskrittspartiet. Carl I. Hagen felte Kåre Willoch for åpent kamera i 1986 då den borgarlige regjeringa, hvori dengong opptatt Senterpartiet, gjekk inn for auka bensinavgift. Derfor er det bra Fremskrittspartiet har kome til makta, bekjempa Trine Skei Grandes vesle tulleparti og gjennomført Siv Jensens årgangsløfte om at bensin ikkje skal kosta over sju kroner literen. Men det er ei snikbensinifisering å halda det hemmelig kvar den bensinstasjonen er.

FORBIGÅELSEN av Fremskrittspartiets leiande finanspolitikar og refuserte budsjettforhandlar, Gjermund Hagesæter, som fylkesmann i Oppland, er skammelig og skandaløs. Diskrimineringa av Frp-arar er så grov og konsekvent at dei ikkje får dei bein dei er kvotert til og har rettmessig krav på, ikkje eingong når biljardkulene i partiet er med på utdelinga. Om vi har eit representativt system, må også dei ukvalifiserte vera representert i fylkesmannskorpset når det er deira tur. Det er vel ikkje anna råd enn å setta Little Steven i Lilyhammer på saka. Men det forbyr vel Thor Gjermund Eriksen og ARK, som er mot Frp, reklame og produktplassering.

FYLKESMANNSEMBETET er i fri flyt som Kongens fortenestemedalje til førtidspensjonerte politikarar. Saneringsminister Jan Tore Sanner vil bare ha ein i dei to Agder-fylka. Tempelrensaren frå Arendalsveka, den hardtslåande Øystein Djupedal som også er mobbeutvalsleiar, lar seg ikkje skræma av det. Itt'no knussel, seier han, og tar begge. Rimeligvis med to veker i Kristiansand og to i Arendal.