BOK: Innekledd i eit omslag av varsame nyanser i grått og naturkvitt, finn ein Halvard Foynes sine nye dikt. Han gav for ikkje lenge sidan ut ei glimrande diktsamling med tittelen «Ytre Oslofjord» (2005), der han mellom anna la for dagen ei evne til å gå inn i fuglane sin orden, og bar fram sine inntrykk «like varsomt som en kurv med vipeegg». Nå er han attende med ei rik samling nyanserte observasjonar fletta saman av sublime tankerekkjer kring det som ikkje viser seg fram ved å vera iaugefallande, det som ikkje skapar seg ein plass gjennom støy.
Ut av språket
«Den elskverdige sakligheten» er til dømes eit dikt i fire delar, der dikt-eget følgjer med augo morfaren som føyer saman ei trapp på gamlemåten med eikenaglar og drillhol. Foynes maktar å skape poesi av understraumane av minner og sanserestar, av bakgrunnssansingane og det nesten ikkje sansbare, fråværet av fuglesong, av ein «taus instruks som fiskene og hestene etterlot seg». Og dikta hans fører oss umerkeleg og merkverdig ut av språket, og inn der «blikket, kroppen og dette andre, vidunderlige, har tatt over.» Han kan skildre ein nattverd på ein måte som eg aldri har sett maken til, det nærmar seg Boris Vian og fransk surrealisme, og det er ikkje uventa då, at det dukkar opp eit dikt tileigna Tor Ulven. Men la meg straks understreka; Foynes står stødig i sitt eige uttrykk. Han har kome fram til eit klart og sikkert språk nå, fullt av nølande nyansar og varsemd i påstandane. Noko som gjer at me følgjer han nærast motstandslaust der han fører oss. For han er avslørande og menneskeleg, og tek det menneskelege langt, langt ut, slik at det nærmar seg «jord og ikke-ting». I diktet «Monokrom» står det at dikt-eget «foretrekker den jevne blassheten ved dagene» og dette vert konkretisert som «en støvete sko, ødelagt av et eneste regnskyll» og meir generelt: «Ubetydelige ting, diskré ord, stumme eller forseggjorte,/som et hypnotisk bunnfall i kulturen (...) Dette er antakelig en del av min personlighet./Den er mottakelig og monokrom./Den har noe bikkjeaktig, kontaktsøkende ømt over seg/som ikke lar seg bortforklare.»
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger