HISTORISK: Med lov skal landet bygges og ikke med ulov ødes, fra Frostatingslov, er norsk statsvilje fra Harald Hårfagre til dagens velferdssamfunn. Sannsynligvis også omtalt på Norgeshistorie.no.

Foto: Rolf Chr. Ulrichsen / Aftenposten .
HISTORISK: Med lov skal landet bygges og ikke med ulov ødes, fra Frostatingslov, er norsk statsvilje fra Harald Hårfagre til dagens velferdssamfunn. Sannsynligvis også omtalt på Norgeshistorie.no. Foto: Rolf Chr. Ulrichsen / Aftenposten .Vis mer

God kunnskap i ny kanal

Lurer du på kva historiebok du skal lesa til jul? Les ein nettstad i staden!

Meninger

Historie er eit tema mange finn meining i. I Noreg ser ein det i eit heilt særeige engasjement i lokale historielag. Vi investerer då òg årleg store midlar i ny forsking på vår eiga historie. Mykje av kunnskapen som kjem har derimot i beste fall vore tilgjengeleg i bøker og tidsskrift ein må kjøpa. Men no har vi skapt ein kanal der alle får tilgang på ny historieforsking, heilt fritt!

Kven er så vi? Jo, 100 forfattarar med spisskompetanse innan ulike felt i norsk historie og forhistorie. Saman har vi laga Norgeshistorie.no, ein ny historieportal på nett. På Norgeshistorie.no finn du eit vell av kunnskap, skrive av sakkyndige fagfolk for alle som vil vita og forstå. Sida er laga for alle som vil kosa seg med spennande tekstar om norsk historie.

I ei tid då stadig meir innhenting av kunnskap skjer via nett, er ein avhengig av gode kanalar ein kan stola på i den interaktive eteren. Norgeshistorie.no gir deg ein konsentrasjon av høgkompetent historiekunnskap du ikkje vil finna nokon annan stad.

Forfattarane her har alle inngåande kunnskap om tema dei skriv om, som ekspertar på kvart sitt forskingsfelt. Mange av artiklane fortel historier om særlege fenomen og hendingar frå ulike historiske periodar, om emne skribentane har forska direkte på. Her kan du lesa om historisk festing, fortidige klimakriser og sensur på 1700-tallet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forteljingane om det spesielle lèt seg likevel forstå djupare vel å halda dei opp mot det store biletet. På Norgeshistorie.no vil ein difor kunne finna ei rad artiklar som skapar historisk kontekst. Desse er bygd opp kring seks tema som er like for alle 19 tidsrom. Dette skaper lange liner, som gjer at ein kan følga eit og same tema frå eldre steinalder til i dag, anten ein er ute etter «teknologi og økonomi» eller «kommunikasjon og kunnskap».

Det er ikkje første gong ein har laga eit verk om norgeshistorie, og det blir ikkje siste. Sidan P. A. Munch skreiv Det norske Folks Historie i åtte band frå 1851?1863 er det blitt gjeve ut ei rekke slike mangebandsverk. Etter Norges historie fremstillet for det norske folk, skrive av seks historikarar mellom 1909?1917, har det blitt skrive fleire slike verk i samarbeid mellom leiande fagfolk. Slik har ny kunnskap blitt gjort tilgjengeleg for nye generasjonar.

Det er likevel første gong fagmiljøet sjølv òg produserer sjølve verket. Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo har her tatt forlagsjobben sjølv og har dermed hatt handa på roret frå forsking til publikum. Dermed kan vi publisera nytt stoff, utan kommersielle krav, utan andre siktemål enn å formidla kunnskapen frå ny forsking på ein god måte.

Det er òg første gong så mange skriv eit slikt verk. Samlinga av så mange skribentar sikrar tematisk spesialkunnskap og det sikrar eit solid meiningsmangfald. Det er ikkje ei røyst som styrer forteljinga hos oss, men dei mange stemmene i fagleg samtale. Du finn ikkje ein planlagt konsensus her, men ulike oppfatningar og fortolkingar, slik forskinga er.

Blant dei 19 tidsromma i Norgeshistorie.no si tidsline, er heile sju av dei plassert før vikingtida. Det har ikkje vore vanleg at forhistoria har vore via så stor plass i forteljinga i slike verk. Her blir derimot samfunn og kultur i vår fjerne fortid tatt like på alvor som i vår eiga samtid, politikk og maktforhold møter du òg i eldre steinalder.

Omgrepet noregshistorie er for historieinteresserte flest kanskje einstydig med fleirbandsverka i bokhylla. Skuleelevar vil til gjengjeld heller tenka på ein bolk i deira lærebøker. Samtidig vil dei like gjerne søka opp «norgeshistorie» på nett og saksa svara dei finn her, medan bekymra lærarar riv seg i håret og gjentek «kjeldekritikk» til dei blir blå.

Med Norgeshistorie.no vil elevar derimot finna kvalitetssikra fagleg kunnskap, som utdjupar lærebøkene og kan nyttast direkte i undervisinga ? heilt gratis. Mål frå læreplanen finn ein godt att i artiklane, den pedagogiske modellen SPØK (samfunn, politikk, økonomi og kultur) kan ein enkelt identifisera i dei seks gjennomgåande artikkelkategoriane.

Her finn elevane eit godt grunnlag for å danna seg historisk kunnskap, formulert i eit lettfatteleg språk. Med på lasset er anbefalt litteratur, i digitalisert form der det finst, og lenker til kjelder og eksterne ressursar. Såleis kan ein dykka ytterlegare ned i eit emne. Dermed får elevane òg ein kontekst for dei fakta dei møter i andre digitale kanalar.

Som sjanger står Norgeshistorie.no i ein lang litterær tradisjon, men som nettstad er den noko radikalt moderne. Ein digital plattform som denne vil stilla andre krav frå brukarane: Her får ein poengterte artiklar med ei tydeleg retning. Ein slik plattform gir samtidig store moglegheiter: til lenking og til grafikk. Det beste er kanskje at han ikkje blir ferdig. Denne noregshistoria vil alltid kunne bli oppdatert med ny forsking og ny spesialkunnskap.

Kunnskap om historie lar oss forstå vår eigen identitet og gir oss innsikt til å bygga samfunnet vidare. Men kunnskap går tapt om han ikkje delast og nyttast. Med Norgeshistorie.no har alle fri tilgang på det framste av kunnskap frå norsk historie. Vi er mange som har laga denne nettstaden i lag. No gir vi han til deg.