Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

God morgon, Gud!

Nils-Øivind Haagensen er på sitt beste i «God morgen og god natt».

STORE ROM: Poeten held grepet suverent med sine spesielle sprang frå det heilt detaljert kvardagslege og konkrete, til rare filosoferande spørsmål og uventa fantasiar som skapar store rom kring dei små tinga i liva våre. Behandla i PhotoShop Foto: JON TERJE H. HANSEN / Dagbladet
STORE ROM: Poeten held grepet suverent med sine spesielle sprang frå det heilt detaljert kvardagslege og konkrete, til rare filosoferande spørsmål og uventa fantasiar som skapar store rom kring dei små tinga i liva våre. Behandla i PhotoShop Foto: JON TERJE H. HANSEN / Dagbladet Vis mer

ANMELDELSE: Nils-Øvind Haagensen er attende i same form og same format som før, men har gått frå Cappelen til Oktober. Poeten fangar igjen lesaren inn etter få sider og held grepet suverent med sine spesielle sprang frå det heilt detaljert kvardagslege og konkrete, til rare filosoferande spørsmål og uventa fantasiar som skapar store rom kring dei små tinga i liva våre.

Denne gongen er fokuset som tittelen seier, om det som skjer mellom eit god natt og eit god morgon. Det handlar om soving og senger, ting ein seier før ein sovnar, ting ein teier med når ein vaknar, ting ein tenkjer når ein ikkje får ro til å sove, dersom ein til dømes er pisseredd fordi ein skal reise med fly dagen etter klokka to.

Underhaldande
Med tilsynelatande enkle middel, ja, for me veit at dette enkle er uhyre vanskeleg å få til, har desse dikta fått ein flyt og ei underhaldande form som gjer dei til ein fryd å lesa. Og ein tenkjer kanskje, at vel, det er bra, men så enkelt at det ikkje kan halda for meir enn ei lesing. Men det er 184 sider, og når ein er ferdig, og byrjar framanfrå att, så er ein fort fanga inn igjen. For her er mange finurlege grep, veldig mykje språkleg snacks, «kan vi fortsette å prate i drømme», nett når grensa til for mykje prat er farleg nær, så skjer det eit sprang, og ein er brått ein heilt annan plass, i eit filosofisk problem som kan minne om notata til Wittgenstein, eller i ein fantasi som kan minne om din eigen.

I avdelinga som er kalla «meldinger sent og tidlig» opplever eg at det går litt meir på tomgang i nokre tekstar med oppramsing av sette ting, men så tek det seg fint inn att og tekstane spelar på større kontekstar elles i boka, og det løfter orda og lesaren. Det er ekstremt lite typografisk vekt på kva som er tittel, avdeling, nytt dikt her, og ein kan stusse på det av og til. Men som oftast er drivet i teksten, gleda ved å lesa, så stor at det betyr lite.

Høgdepunkt
Det som skal seiast likevel, er at diktet eller diktsyklusen «kjære gud (17/10 -23/11)» er eit høgdepunkt. Gripande, naivistisk, opent fabulerande kring sentrale omgrep som tilgjeving, Guds eksistens, tru, tvil, meining, himmelen, å verta bønhøyrt, å be. Nils-Øivind Haagensen går rett bort til alt dette slik han er, spørjande, urban, ivrig, med Arild Nyquist-røyst og Anne Cath Vestly-auge er han heilt tilstades, ytst på kanten av dei store mørke stupa som desse spørsmåla leiar ein fram til.

Og, dette er viktig, ein opplever at han tek det på alvor. Han gjer aldri narr, han er aldri nedlatande, han er humoristisk når det er det han har lyst til å vera, men på ein utruleg fintfølande måte og ein får nesten lyst til å gjera det som står aller fremst i boka «jeg skal holde deg til du sovner». Og teie. Det gjorde så godt å lesa desse nakne, våglege, tunglette og dønn ærlege dikta som våga å røre ved dette.      

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media