Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Gode dikt

Jo Eggen tek opp grunnleggjande erfaringar på ein overtydande måte.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I 1999 gav poeten Jo Eggen ut «Forsinkelsen», ei omfattande og varierande samling dikt med ein meir ordrik og rå Eggen enn den me hadde møtt før. Vakkert og surrealistisk skreiv han i «Syrinbusk til Tor Ulven», men med eit rått og rasande trøkk køyrde han språket ut mot ytterkantane i møtet med den rå røynda i NATO sine bombetokter. Nå er han tilbake med ei endå meir omfattande samling, datert 2000- 2001.

I «Forholdninger» utviklar den nye Eggen seg vidare. Noko av det strenge og knappe kan me ennå finna, men nå går han ledigare inn i underfundig spørjande monologar om skjønnhet og kjærlighet, slik at det, så utruleg det enn kan høyrast, er til å få forstand av. «Ordet kjærlighet» vert samanlikna med «de runde bitene av sjokoladen Smil, kjølige og gode å holde i, tenke på, glede seg til, » - ja, nå kan vel lesaren alt tenkja seg korleis dette går!

Grunnleggjande erfaringar vert nakne og levande gjennom dikt som «Å se», «Å kjenne» og «Å finnes». Eggen demonstrerer ein Saarikoski-liknande evne til å blande kunnskap og innsikt frå mange område saman med augneblenken då skrifta vert til. «På veien hjem / blir han enda mer aleine / og trærne blir sterkere».

Eg vil tilrå lesaren å gå eit stykke veg saman med dikta til Jo Eggen. Dei er ei mot-røyst i ei kjapp medieverd, ein stemme frå ei anna side enn overflata. Dette er dikt som forklarar kvifor slike dikt bør finnast. Dei er merkelege vekstar som har vakse ut av språket og verda. Dei er muskelsterke og kvitveislette og har ei svai kvile i midten . Og måten mange av desse dikta forholder seg til musikk på, resulterer i noko av den finaste poesien eg har lese om dette temaet - og inkluderer så mykje meir enn bare musikk, til dømes der «den innadvendte bratsjtonen / mater seg sjøl med stillhet».

Hele Norges coronakart