BØNDERS TALE:  På heimetraktene på Sunnmøre har dei gitt Sylvi Listhaug (t.v.) tilnamnet Slyehaug, og det er sikkert ikkje vakkert. Her med Erna og Siv på veg til Stortinget.
Foto: Nina Hansen / Dagbladet
BØNDERS TALE: På heimetraktene på Sunnmøre har dei gitt Sylvi Listhaug (t.v.) tilnamnet Slyehaug, og det er sikkert ikkje vakkert. Her med Erna og Siv på veg til Stortinget. Foto: Nina Hansen / DagbladetVis mer

Gode, ubekrefta rykte

Ingress

Kommentar

DENNE VEKA er den formuande Jonas Gahr Støre krona til lagleiar i småkårsfolkets parti. TV2 intervjua han framfor Arbeidermuseet på Sagene. Han heiste ikkje flagget på Ris for anledningen, men kvitra ein selfie på fjesboka. Han legg stor vekt på valfridom, for han er ein selfmade sosialdemokrat, i motsetning til forgjengarane som har vore det av arv og miljø eller økonomisk kalkulasjon. Støres DNA er ikkje frå Arbeiderpartiet, men frå omnsfabrikken Jøtul. Med pilegrimsvandring og godt samvirke med kronprinsparet, håber han å lave ei alternativ framtid med omsorg for det kongelige norske Arbeiderpartiet som Gro adopterte han inn i.

KONG PETTER den første av Choice og hans fleksitarianske Dronning Gunhild, alle anorektiske jenters ulykksalige forbilde, var rojale for ein dag 16. mai. Jonas Gahr Støre er Dronning Gunhilds strategiske partnar og høge beskyttar, med Ole Robert Reitan som sponsor. Der Jens Stoltenberg heldt seg til datamilliardæren Bill Gates med frue for å nå eit av 1000-års måla, samverkar Støre med Rema 1000, deltidsvegetaren Bill Clinton og fru Stordalen som anker for å gjera ein forskjell i kampen mot global svelt og fedme.

SAMVIRKERØRSLA held ikkje gamle faner like høgt. Kooperasjonen har busta seg, kasta av seg massanes lenker og satsa på eliteomdømme med Petter Northug junior. Nå har krangelen med Northug senior nådd Nye Høyder med litt drittpakke-hjelp frå First House. Mens medlemsprosentane i Coop blir borte i oppstyret om Petters promille.

FIRST HOUSE har leiga inn Kina til ein kampanje for å få Bjarne Håkon Hanssen inn i Nobelkomiteen. Det var eit godt, men ubekrefta rykte, altså ein stanghelle. Dessverre blei ryktet avkrefta av han som sette det ut, men det står seg godt likevel ettersom kjelda var den høgst truverdige trønderske presseveteranen Arnulf Grut.

HARALD STANGHELLE er ein politisk bereist mann som kjenner dag og tid for sine utspel. I eit intervju i Syn og Segn skryter han av å ha meldt seg inn og ut av både Høgre og SV før han ikkje fullførte folkeskulen i Vaksdal. Sidan dreiv han politikk både i Arbeiderbladet, Aftenposten og Dagbladet og Aftenposten igjen, før han enda som politisk fripenn utan portefølje i Egil Sundars gamle kamporgan for borgarlig høgresamling. Samtidig som gode, men ubekrefta rykte vil ha det til at han var hyra inn av hemmelige tenester for å sikra Thorbjørn Jaglands plass i Nobelkomiteen. På fritida er han elles, som inngifta grandsvigerson, honorær talsmann for Gerhardsen-slektas historiske innsats.

TRYGVE HEGNAR er gjengangar i alle landbruksdebattar. Han veit betre enn bøndene kva dei driv på med, og det er jo rimelig, for få i dette landet er så grundig subsidiert som Hegnars Hurtigruten. Retorisk kallar han sine subsidiar «statlig kjøp av tjenester», mens bøndene tyr til samfunnsoppdrag, matvaresikkerhet, kulturlandskap og multifunksjonalitet. Summen er uansett at Staten betaler for eit offentlig gode oss alle vil ha. Mens Sylvi Listhaug, med kors rundt halsen og på ryggen, driv listig gjenbruk av talepunkta sine frå First House og vil ta frå dei små og gje til dei store for å sikra forbrukarane First Price. På heimetraktene på Sunnmøre har dei gitt henne tilnamnet Slyehaug, og det er sikkert ikkje vakkert.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook