VANNMANNEN: Professor Terje Tvedt påberopar seg  opphavsrettslig copyright til begrepet «godhetstyranniet». Foto: Paal Audestad / Aftenposten / NTB Scanpix
VANNMANNEN: Professor Terje Tvedt påberopar seg opphavsrettslig copyright til begrepet «godhetstyranniet». Foto: Paal Audestad / Aftenposten / NTB ScanpixVis mer

Godhetstyranniet sigrar på alle frontar

Obligatorisk refleksjon.

Kommentar

DENNE VEKA nekta oljeminister Tord Lien for tredje gong at han kjenner Statoils frelsesgjerningar i Angola. Nå må Jette Christensen og Stortingets ko-ko-komité slutta å masa, skaffa seg juridisk og moralsk rettleiing frå faren til Jenny Clemet von Tetzschner om komplikasjonar og parlamentariske seinskadar, ta tre dagars obligatorisk refleksjonstid og innsjå at Statoil framleis er ein gjøkunge. At hovudeigaren lar vera å prøva å finna ut kva 715 millionar og 30 sølvpengar ikkje blir brukt til av eit korrupt regime i Afrika, er eit eksempel på god eigarstyring. Eller å toa sine hender, som det heiter nå ved påsketid.

MED MORGENBLADET som teknisk arrangør samla facebook-baronen Kjetil Rolness sine trufaste følgjarar for å høyra vannmannen Terje Tvedt ta rotta på den høgprofilerte godhetstyrannen Thomas Hylland Eriksen. Professor Tvedt påberopar seg opphavsrettslig copyright til begrepet «godhetstyranniet», så heretter må Asylvi Listhaug betala kopiavgift etter åndsverkloven. I akademisk kollegialitet skal det understrekast at «godhetstyranni» ikkje er eit skjellsord, men eit strengt analytisk begrep - akkurat som «nyttig idiot».

DET VAR TRONGT i Litteraturhusets salongar for den som ville bivåna duellen mellom det vonde og det gode. Like vanskelig som å få billett til julekonserten med Jens Pikenes og Penthouse Playboys på Rockefeller, så det blir vel ekstraforestillingar. Det var meir ledig plass då Ari Behn som den nye vinen kasta hansken og utfordra spaltisten Kjetil Rolness til duell på Tusenfryd.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEN VONDE autokraten Vladimir Putin er ein slu djevel. Forbanna vere hans inngang og utgang. Nå har han lurt oss igjen og trekt bombeflya og krigarane sine ut av Syria. I motsetning til vestlige godhetstyrannar i Afghanistan, Irak, Libya og Syria hadde han ein exit-plan og er derfor ikkje til å stola på. Han tok mot dei heimvende soldatane som sigerherrar og fedrelandets heltar. Dei hadde vist «personlig mot og tapperhet langt utover det som kan forventes i en heltedåd uten sidestykke, hvor offervilje og mot fremstår som enestående».

OBS: RETTELSE. Sitat var feil. Det var grunngjevinga for at ein norsk soldat fekk Krigskorset med sverd i samband med ei hending i Afghanistan i 2004. Tre-stjerners general Robert Mood of Norway, for tida i NATO, måtte nøya seg med ytringsfrihetspris frå Fritt Ord. Kristin Clemet, som ytrar seg fritt for den liberal-konservative tankesmia Civita, har gitt han cold response. Han burde ta seg litt lojal og obligatorisk refleksjonstid og så halda kjeft.

DEN DELTE ØYA Kypros får mye ufortent tyn fordi dei legg kjelkar i vegen for avtalen om menneskehandel med innsleppskvotar mellom EU og Tyrkia. Kypros har gjennom åra gjort si plikt i asyl- og flyktningpolitikken og fortener søndagsvifting med palmeblad. Dei har jo tatt mot både Arne Treholt og John Fredriksen og gitt dei varig opphald på humanitært grunnlag og med rimelige skattevilkår.