FORTENESTE: Kong Harald har etter 25 års lang og tru teneste fått Folkets fortenestemedalje i snø. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
FORTENESTE: Kong Harald har etter 25 års lang og tru teneste fått Folkets fortenestemedalje i snø. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Godhetstyrannosaurus Rex fekk Folkets fortenestemedalje i snø

Låge forventningar.

Kommentar

DENNE VEKA har Oslo-lufta vore verre enn verst. «Same shit, different byråd», heiter det på ein plakat utanfor Blitz-huset.

Vidar Helgesen, med full yatzy i Terningkast 2, er ifølge Civita-leiaren Kristin Clemet den mest undervurderte av alle undervurderte statsrådar i Erna Solbergs kabinett. Dette er hans programerklæring: «Jeg skal være varsom med å love noe som helst». Dersom kriteriet på å lykkast er kva ein oppnår i forhold til dei måla ein har sett seg, er klimaministeren på god veg til suksess. Det er dei låge forventningars fordel.

STATSEKRETÆR i UD og tidligare byråkrat i olje- og energidepartementet, Tone Skogen, er den einaste norske politikar som har fått handhelsa på Kinas president Xi Jinping etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Det kosta omlag fem milliardar kroner til AIIB, den asiatiske utviklingsbanken. Den landflyktige Thorbjørn Jagland har vore ein dyr mann for kongeriket, og like forbanna held generalsekretæren i Europarådet fram med å rævkøyra regjeringa for å vera for knipen i flyktningpolitikken.

KONG HARALD, som etter Grunnlovas § 4 er den einaste her i landet utan religionsfrihet, har etter 25 års lang og tru teneste fått Folkets fortenestemedalje i snø. I nyttårstalen tok han også på seg å vera flyktningane sin konge: Godhetstyrannosaurus Rex.

NÅR ASYLSØKARAR blei bore inn i landet på gullstol, er det rimelig at dei blir skyssa ut til det trygge Russland i kvite bussar. Og det skal Sylvi Listhaug ha: Når ho set på repeat-knappen, er ho både frekk og god i sin ondskapsfulle polemikk.

SIV JENSEN kasta glans over premieren på «Mannen fra Snåsa», så nå er vel norske finansar helbreda. Kanskje blir det også ei råd med fleire varme hender i omsorgen.

PUPPANE til Sophie Elise, landets mektigaste kvinnelige medieaktør, er lyfta opp på eit feministisk og kulturelt metanivå av Aftenpostens kommentator Cecilie Asker - ut frå prinsippet om dei låge forventningars to store fordelar. Eg gjer som min spaltist-kollega Arild Rønsen, Klassekampens folkelige alibi, og avrundar med ei musikalsk anbefaling til ungkarar med dobbelseng: Det lyriske storverket «Silikon i tatti», fest-køntri med Vassendgutane frå Ørsta.

Ho he alltidt gramma sej, for at tattane va for små,

det hadde ho bestemt sej, ja dei skolle ho fikse på.

Dei reiste ned til Oslo for å ta en operasjon,

å når dei kom heimatt, so va tattane kanooooon.

Når helga kjøme, ja då kosa dei sej,

då te dei på sej tronge toppi å tenke sjå på mej.

Når det lide ut på natta, å dei he fått sej en dram,

so letta dei på toppi, å so vise dei dei fraaaaam.

Fekk igjen på skatti, no he ho silikon i tatti,

før då va dei små, men no e dei store å rå.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook