Godt arbeid mot valdtekt

VALDTEKT: Dagbladet kommenterar på leiarplass fredag 16. mars den nyleg framlagde rapporten om korleis rettssystemet vårt handsamar meldingar av valdtekt. Dagbladet skriv at rapporten konkluderar med at «politiet gjør for dårlig jobb i voldtektssaker», at «det skorter både på politiets innsats og metoder» og at «politiet og påtalemyndighet sliter med et grunnleggende holdningsproblem».Politiets Fellesforbund meinar Dagbladet trekk konklusjonane i rapporten langt når dei slaktar politiet sin innsats i valdtektssakene. Sjølv leiaren av utvalet som har skrive rapporten på oppdrag frå Riksadvokaten, understreka at politiet gjer mykje godt arbeid og.Men Politiets Fellesforbund er einig med Dagbladet i at rapporten viser at politiet og påtalemakta har punkter dei må gripa tak i når det gjeld korleis valdtektssaker vert handsama. Det har eg og klart gjeve uttrykk for når eg har delteke i debattar i media om rapporten dei siste dagane, mellom anna i RedaksjonEN 15. mars. At eg «som vanleg ikke tar selvkritikk på politiets vegne» ynskjer eg difor å tilbakevisa.

SAMSTUNDES er det slik at mykje har endra seg til det betre i politiet, og når det gjeld arbeid med valdtektsmeldingar. Det gjeld ikkje minst haldningar og arbeidsmetodar. Korleis trur Dagbladet politifolk som gjer så godt dei kan med desse sakene, følar seg når kritikken haglar og arbeidet dei gjer vert slakta? I mediediskusjonane førre uke har eg heller ikkje bedt om meir pengar til politiet. På slutten av debatten i RedaksjonEN vart det faktisk gjort eit poeng av nettopp det. Det er ikkje tvil om at pengar betyr noko for kor mykje ein får gjort. Men og politiet kan gjera ein betre jobb ved å endra måten dei jobbar på. Neste gong anbefalar me at Dagbladet følgjar betre med og at dei følgjar diskusjonane heilt ut før dei skriv leiarane sine.