OVERGANG: Knut Olav Åmås får avskjed i nåde som kulturell støttekontakt for kulturministeren. Overgangen til friare ord må vera ein personlig frihetsreform. Foto: Jon Eeg/ NTB Scanpix
OVERGANG: Knut Olav Åmås får avskjed i nåde som kulturell støttekontakt for kulturministeren. Overgangen til friare ord må vera ein personlig frihetsreform. Foto: Jon Eeg/ NTB ScanpixVis mer

Godt nok for de svina

Ingress

Kommentar

I DAG får Knut Olav Åmås avskjed i nåde som kulturell støttekontakt for statsråd Villvey. Han har falle i unåde i åndslivet, så overgangen til friare ord må vera ein personlig frihetsreform. Han skal ha honnør for å ha halde ut i 8 månader, for då han blei tilsett som direktør i Forleggerforeningen, slutta han 8 dagar før han begynte. I Fritt Ord har Erik Rudeng lagt grunnlaget for lange linjer, så der blir nok Åmås i minst 8 år som Vaktmester Narvesen, så mye syn og segn om politikk som han lærte på 8 månader.

Eit rykte som vel er for godt til å vera sant, vil ha det til at Thorbjørn Jagland i si tid ville ha Erik Rudeng som planleggingsminister etter at Terje Rød-Larsen (med bindestrek) hadde rota seg bort i fiskefarse. Det var samtidig som han ville gjera Nils Arne Eggen (RBK) til oppvekstminister. Men Jagland har aldri vore heilt stødig på namn, jamfør Bongo fra Kongo, så han bad sekretæren sin ringa han der i kulturlivet på R, og slik blei det Bendik Rugaas som overtok det uferdige stillaset til Det norske hus.

Kulturnæringsminister Villvey treng ny stassekretær. Julie Brodtkorb sit ved telefonen og alltid beredt, også med referansar i kulturlivet. Her et tre andre kvalifiserte kandidatar, utan kjønnskvotering: Hilde Sandvik (BT), Hege Duckert (NRK) og Cathrine Sandnes (Samtiden). Den siste er til og med arbeidsledig, sjøl om gode, men ubekrefta rykte vil ha det til at ho er kandidat til å ta over trona på Litteraturhuset etter dynastisk suksesjon. Ingen av dei tre er, eller har vore, medlemmer i Høgre, men det kan dei raskt bli. I kulturdepartementet er det normalt med raske innmeldingar, i tradisjonen etter Ellen Horn og Knut Olav Åmås.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aslak Sira Myhre har alltid prøvd å fanga den politisk korrekte tidsånden, heilt frå utfallet mot Jarle Klepp som ville begynna å spela tennis: «Tennis! Herre Jesus Kristus! Tennis!» Nå har kulturnæringsminister Villvey utnemnd den tidligare ml-ungen og RV-leiaren til forvaltar av nasjonens historiske hukommelse. Han gjekk straks inn i rolla som lojal embetsmann, som jo er ein nær slektning av demokratisk sentralisme. Ein kan seia kva ein vil om unge gammalkommunistar frå den store vekkelsen som ramma vårt land, men dei har lært seg å gå på vatnet. Og den repressive toleransen er grenselaus.

REDERIFORBUNDET veit, som strategisk historiefortellar, å ta vare på si ære og makt, også i Sørkinahavet. Derfor måtte dei kvitta seg med mørkets fyrstar i First House, for feiarane der skitna til dei kvite segla.

Schjøtten, også kjent som Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, har gjort seg usynlig igjen. Han viste betydelig evne til innovativ kreativitet i forlenga etterlønn ved å registrera seg som rådgjevar og konsulent i rett karantenetid. Men det var likevel ikkje nok til å bli direktør for Innovasjon Norge. Der blei han forbigått av Anita Krohn Traaseth (skjønne du!). Så nå må vel også Schjøtten satsa på vrakpant i First House. Det ville vera godt nok for de svina.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook